Akutt Ambulant Team (AAT) AAT er eit tilbod til vaksne personar på Haugalandet.
Tilbodet gjeld for personar som er i ein psykisk krisesituasjon der vanlege meistringsstrategiar i familien eller nettverket ikkje strekk til.
Tilstandar som kan vere aktuelle for tilvising er:
mistanke om psykoseutvikling
forverring/utvikling av alvorleg affektiv liding
mistanke om akutt forhøgde sjølvmordsfare
andre alvorlege kriser som ikkje kan handterast i primærhelsetenesta
AAT vurderer behovet for akuttinnlegging ved DPS eller Akuttpsykiatrisk post.
Opningstider
AAT er opent kl. 08:00 - 23:00.
Om natta blir akuttpsykiatriske førespurnader tatt imot av forvakt ved Klinikk for psykisk helsevern og rus. Tilvisande instansar treng derfor berre å ta omsyn til eitt vakttelefonnummer.
Kven kan tilvise?
Fastlege/legevakt
Kommunehelsetjeneste
Voldtektsmottak ved Haugesund sjukehus
Politiet
Poliklinikken utgreier og behandlar personer over 18 år med moderate til alvorlege psykisk lidingar. Dei må vere tilvist frå lege/psykolog.
Eit tilbod ved poliklinikken avheng av:
kor omfattande lidingen er
funksjonsfallet personen har hatt
om ein forventar nytte av behandlinga
Allmennpsykiatrisk poliklinikk har og ansvar for Felles tilvisingsmottak som vurderar tilvisingar til avtalespesialistar.
Behandlingstilbod
Individuelle samtalar.
Behandlare med kompetanse på kognitiv atferdsterapi.
Emosjonsfokusert terapi.
Psykodynamisk terapi.
Medikamentell behandling.
Grupper: Dialektisk atferdsterapi (DBT), 4-dagersbehandling (B4DT) for sosialangst.
Kurs: Psykoedukative grupper for Bipolar lidelse («Bipolarskolen») og ADHD («Pegasus»).
I psykosepoliklinikken legg vi vekt på tryggleik, forståing og meistring. Vi ønskjer å tilby oppfølging ut frå behova dine. I psykosepoliklinikken får du hjelp til å forstå og handtere dei vanskane du har.
Kva er psykose?
Psykose er ikkje éi bestemd liding eller sjukdom, men eit teikn eller symptom som kan kallast ein forvirringstilstand. Det finst fleire typar behandling. Dei fleste som får behandling blir betre, og nokon blir heilt friske. Du kan lese meir om psykose på Psykose - Helsenorge
Behandlingstilbod
I psykosepoliklinikken har vi ulike tilbod og tilnærmingar. Dette kan til dømes vere:
Utgreiing og diagnostisering – grundig gjennomgang av plagene dine og din situasjon.
Individuell samtaleterapi. Ein-til-ein samtalar med behandlaren din.
Gruppeterapi – deltaking i gruppe saman med andre med liknande erfaringar.
Turgruppe. Organisering av vekefaste turar i nærområdet.
IMR (Illness Management and Recovery). I IMR-gruppa får du praktiske verktøy til å forstå og handtere sjukdommen din, samtidig som du jobbar mot personlege mål.
Familiegrupper. Pasient og pårørande får samtalar saman.
Musikkterapi. Musikkterapi lèt deg uttrykkje deg gjennom musikk.
Psykoedukasjon. Informasjon om symptom og meistring for deg og pårørande dine.
Oppfølging av pårørande. Støtte og råd til familie og pårørande.
Andre tenester
FACT-team (Flexible Assertive Community Treatment)
FACT-teamet gir fleksibel støtte, som kan inkludere heimebesøk og følgje opp behandlingsplanen i nærmiljøet ditt. Dette gir tryggleik og kontinuitet i behandlinga.
ACT-team (Assertive Community Treatment)
ACT-teamet hjelper personar med langvarige psykiske utfordringar. Teamet jobbar tett med deg i kvardagen, og gir støtte der du er.
Vi samarbeidar med
Fastlege
NAV
Primærhelseteneste
Avdelinga gir tilbod til menneske med stemningslidingar, alvorlege depresjonar og angstproblematikk.
Alle pasientar får tildelt ein pasientansvarleg lege/psykolog og ei pasientansvarleg primærgruppe.
Behandlingstilbod
Tidleg identifisering, utgreiing og diagnostisering
Medikamentell behandling
Individuell samtaleterapi
Miljøterapi
Miljøterapeutiske grupper
Fokus på meistring, sosial fungering og kunnskap om eigen sjukdom og symptom
Nettverksarbeid og bidrag til individuell plan
Pårørandearbeid med spesielt fokus på barn og mindreårige pårørande
Avdelinga gir tilbod hovudsakleg til menneske med alvorleg psykisk lidning som psykose, schizofreni og rus/psykiatri.
Alle pasientar får tildelt ein pasientansvarleg lege/psykolog og pasientansvarleg sjukepleiar/miljøterapeut.
Behandlingstilbod
Tidleg identifisering, utgreiing og diagnostisering
Medikamentell behandling
Individuell samtaleterapi
Miljøterapi med fokus på meistring, sosial fungering og kunnskap om eigen sjukdom og symptom
Miljøterapeutiske grupper
Musikkterapi
Nettverksarbeid og bidrag til individuell plan
Pårørandearbeid individuelt og i grupper med spesielt fokus på barn
Innlegging på posten skjer på initiativ frå pasienten sjølv, som ein del av ei pågåande poliklinisk behandling i spesialisthelsetenesta. For å bruke dette tilbodet må ein ha eigen avtale.
Eit opphald kan vare i opptil 5 dagar. Er det fullt når ein ønskjer innlegging, blir ein satt på ei venteliste og kontakta når posten har ledig kapasitet.
Pasienten har best erfaring med eiga liding, og kjenner når ei forverring er på veg.
Innhaldet i behandlinga blir regulert av pasienten sjølv, men ro, kvile og innhenting av døgnrytme er ofte ein viktig del av opphaldet.
Praktisk informasjon
Besøkstider for pårørande er kl. 16.00-21.00.
Innsending av dokumentasjon
I Helse Fonna nyttar vi eit system som heiter Checkware, ei digital løysing der pasientar sjølv kan registrere data sjukehuset treng, før, under, eller etter eit behandlingsforløp.
Det er busshaldeplass like ved Haugaland DPS, Haugesund. Søk på haldeplassen "Lysskar" i reiseplanleggaren. Ruteinformasjon finn du på www.kolumbus.no
Det er busshaldeplass like ved Haugaland DPS, Kopervik. Søk på haldeplassen "Eide kryss" i reiseplanleggaren.