Ei uønskt hending eller eit avvik er ei hending som ikkje samsvarer med krav i gjeldande lover og forskrifter, eller med våre interne rutinar, retningslinjer og prosedyrar.
Når uønskte hendingar eller avvik skjer, har vi prosedyrar som blir sette i verk –avhengig av kva type hending det er. Vi analyserer det som har skjedd og prøver å finne årsaka, slik at vi kan unngå liknande hendingar i framtida.
Det skal vere trygt for tilsette i spesialisthelsetenesta å melde om uønskte hendingar og forbetringspunkt. Tilsette kan gi tilbakemeldingar og melde frå om avvik og nestenulukker i eigne system. Slik kan vi lære av det som skjer og forbetre tryggleiken for pasientane ved sjukehusa våre.
Klage og erstatning - Helse Fonna HF