Legane våre
ØNH-avdelinga er ei aktiv avdeling med fem overlegar og fem legar i spesialisering (legar som utdannar seg til å bli spesialistar innan øyre-, nase- og halsfaget).
Poliklinisk tilbod
Vi har poliklinisk tilbod ved tre sjukehus i Helse Fonna: Haugesund sjukehus, Stord sjukehus og Odda sjukehus.
Vi behandlar eitt bredt spekter av sjukdommar og tilstandar innan øyre-, nase- og halsfaget. Dersom du har behov for meir spesialisert behandling, blir du ved behov tilvist vidare til Haukeland universitetssjukehus.
Få time hos oss
Får å få time hos oss må du ha tilvising frå fastlegen din eller ein privatpraktiserande ØNH-spesialist. Vi prøver å gi deg time ved sjukehuset som ligg nærast der du bur. Dersom det ikkje er mogleg, får du time ved Haugesund sjukehus.
Øyeblikkeleg hjelp
Akutte ØNH-vurderingar blir alltid utførte ved Haugesund sjukehus.
Polikliniske undersøkingar og behandlingar
- Øre-nese-halsundersøkelse
- Allergiutredning hos øre-nese-hals-spesialist, voksne
- Allergivaksinasjon av vaksne
- CPAP-behandling
- Hode- og halskreft
- Krystallsyke (BPPV)
- Krystallsyke - diagnostiske manøvre
- Mastoiditt – betennelse i ørebensknuten
- Medikamentell behandling av nesepolypper - Dupilumab (Dupixent) - poliklinisk
- Medikamentell behandling av nesepolypper - Mepolizumab (Nucala)
- Medikamentell behandling av nesepolypper – Omalizumab (Xolair) – poliklinisk behandling
- Otosklerose - nydannelse av beinvekst i mellomøret som påvirker ørebeinskjeden
- Snorking og søvnapné
- Søvnregistrering
- Virus på balansenerven (vestibularisnevritt)
Gå til avdelingsside for kontaktinformasjon
Sist oppdatert 09.07.2026