Guidar
Vi har utvikla guidar som kan brukast som støtte og hjelp i lokale samhandlingsprosjekt som ønskjer å ta i bruk metodikk frå Barn og unges helseteneste.
Verktøyet du finn her består av sju samhandlingsforløp for dei vanlegaste psykiske helseplagene hos barn og unge. Verktøyet er først og fremst laga for fagfolk for at dei skal klare å gi barn og unge eit samahengande hjelpetilbod. Forløpa fungerer som eit kart over tenestene og gir oversikt over dei ulike tenestene si rolle og ansvarsområde.