Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

eBehandling

Sosial angst - internettbehandling

Sosial angst er den vanlegaste angstlidinga i Noreg, og er kjenneteikna av ei vedvarande frykt for at andre skal tenke negativt om oss. Redselen kan gjelde i éin eller nokre få bestemte typar situasjonar, eller i ulike situasjonar. Symptoma er meir omfattande enn hos ein person som er sjenert eller har prestasjonsangst. Sosial angst kan føre til at ein ikkje tar del i familieliv, arbeidsliv, skulegang eller sosiale samanhengar. Opplever du at sosial angst gjer det vanskeleg for deg å fungere i det daglege, finst det behandling som kan hjelpe deg.

Kva er eBehandling?

I eBehandling får du tilgang til eit kunnskapsbasert behandlingsprogram via PC, nettbrett eller mobil, samstundes som du blir følgt opp av ein behandlar i spesialisthelsetenesta. Dette er ei form for  internettbehandling med fagleg rettleiing.

Les meir om eBehandling på helsenorge.no

Innhaldet i eBehandlinga for sosial angst

Hendene til en person som bruker en bærbar datamaskin, og skjermen med bilder fra eBehandlingsprogrammet
Programmet for eBehandling

 

Programmet er basert på kognitiv åtferdsterapi, ei terapiform som fokuserer på korleis kroppslege reaksjonar, tankar og handlingar påverkar korleis vi har det. Målet er å gje deg innsikt i kva som bidrar til sosial angst, og korleis du kan meistre angsten. Du lærer korleis du kan gjere eksponering mest mogleg effektivt. Du lærer også korleis du kan kjenne igjen, og endre handlingar og tankemønster som opprettheld angsten.

Tilvising og vurdering

Korleis få tilbod om eBehandling for sosial angst?

  • Er du allereie i behandling ved ditt lokale DPS, ønsker vi at du søker i samråd med behandlaren din.
  • Er du ikkje i behandling for psykiske vanskar, kan du ta kontakt med fastlegen din og be om tilvising til oss. Be legen om å skrive i tilvisinga at du ønsker eBehandling. Andre legar eller psykologar kan òg tilvise.

I nokre delar av Noreg kan du søkje om eBehandling via Helsenorge (scroll ned til nederst på siden)

Svar på tilvising

Du får svar frå eBehandling i brev eller på helsenorge.no. Svaret på helsenorge blir varsla med SMS til telefonen din. I svaret kan du lese om vurderinga som er gjort, kva som skjer vidare, og om rettane dine.

For pasientar i Bergen, Stavanger, Fonna, Førde og Nidaros:

Du som bur ein stad tilknytta Helse BergenHelse FonnaHelse FørdeHelse Stavanger eller Nidaros DPS kan ta direkte kontakt med eBehandling utan tilvising. Dette gjer du ved å trykke på linken Søknad om eBehandling på våre heimesider. Denne linken fører deg til helsenorge.no, der du skal fylle ut eit skjema. Når du sender inn dette skjemaet blir det sendt direkte til eBehandling. Du vil motta svar når søknaden din om behandling er vurdert.

Svar på tilvising

Du får svar frå eBehandling i brev eller på helsenorge.no. Svar på helsenorge vert varsla med SMS til telefonen din. I svaret kan du lese om vurderinga som er gjord, kva som skjer vidare og om rettane dine. Dersom vi vurderer at behandlinga ikkje er relevant for deg, blir du anbefalt å kontakte den som har tilvist deg, eller søke andre behandlingstilbod. Fastlegen din vert i begge tilfelle informert om at du har vore i kontakt med oss.

Før

Under

Etter

Kontakt

Haugaland DPS Haugaland DPS

Kontakt Haugaland DPS

Oppmøtested

Floravegen 75
5535 Haugesund
Besøkstider: kl. 16.00-21.00.

Oppmøtested

Asaldalvegen 1
4250 Kopervik
Besøkstider: kl. 16.00-21.00.
En rekke bygninger

Haugaland DPS

Floravegen 75

5535 Haugesund

Transport

​Det er busshaldeplass like ved Haugaland DPS, Haugesund. Søk på haldeplassen "Lysskar" i reiseplanleggaren. Ruteinformasjon finn du på www.kolumbus.no

​Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor bygget. Alle oppmerka parkeringsplassar kan nyttast. Parkering er gratis

​Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor bygget. Alle oppmerka parkeringsplassar kan brukast.
Parkering er gratis. 

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Praktisk informasjon

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.

Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.