Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Ete- og ernæringsvanskar hos barn, tiltak

Etevanskar er ofte av samansett karakter, og i dei fleste tilfelle er det behov for ei tverrfagleg tilnærming. Behandlinga vil variere noko, avhengig av kva type etevanskar som er mest framståande, om barnet viser vegring, munn- og svelgmotoriske vanskar, eller har eit snevert kosthald. Avvikande eteutvikling er vanlegare hos barn med alvorleg sjukdom og er særleg utbreidd ved enkelte diagnosar.

Etevanskar hos barn er kjenneteikna ved problem med å ete eller drikke tilstrekkeleg for å dekkje næringsbehovet sitt. Vanskane kan også komme til uttrykk ved at barnet har eit svært anstrengt forhold til eting og måltid, utan at det gir mangelfull ernæring.

Nokre gonger er det ei kjent årsak til vanskane, i andre tilfelle er det vanskeleg å påvise nokon sikker årsak. Stress og bekymring hos foreldre er vanleg og ofte normale reaksjonar på etevanskane. Det er viktig at desse reaksjonane blir fanga opp, då dei kan oppretthalde og i nokre tilfelle forsterke vanskane hos barnet.

Vanskane kan bli kategorisert på følgjande måtar:

Vanskar relatert til mengde

Dårleg appetitt, manglande interesse for eller avvising av mat, som medfører at barnet ikkje klarer å ete/drikke tilstrekkelege mengder. Det blir gjerne beskrive som «småspistheit» og spisevegring.

Vanskar relatert til konsistens

Problem med å ete mat/drikke med konsistens som barn på same alder vanlegvis meistrar, for eksempel mat som krev munnmotorisk omarbeiding og må bli togge. Det blir omtalt som umoden munnmotorikk, oralmotoriske vanskar og dysfagi.

Vanskar relatert til samansetninga av kosthaldet

Avvising av all mat utanfor eit snevert og avgrensa utval, ekstremt og vedvarande kresen, og preferanse for sære smakar. Det blir omtalt som selektivt kosthald, «ekstrem kresenheit» og «særspising».

Det er ikkje uvanleg at barn med alvorlege etevanskar har utfordringar innanfor alle desse tre kategoriane samtidig.

Tilvising og vurdering

Fleire av barneklinikkane og habiliteringstenestene rundt om i landet har tverrfaglege ete- og ernæringsteam. Fastlege tilviser barnet. Teamet på Rikshospitalet tar berre imot vidaretilvisingar frå spesialisthelsetenesta.  

Dette bør inngå i tilvisinga: 

  • Diagnose/diagnosar på tilvisingstidspunktet
  • Aktuelle problemstillingar
  • Pågåande/planlagt behandling og oppfølging, inkludert om eteteamet lokalt er involvert. Dersom ikkje – kvifor?
  • Tidlegare sjukehistorie, inkludert vekt- og vekstutvikling (legg ved percentilskjema) og tidlegare utgreiing 
    • pH-registrering  
    • Rtg Ø+V+D?
    • Blodprøver?
    • Allergiutgreiing?
    • Videofluoroskopi?
    • Anna gastroenterologisk utgreiing?
  • Tidlegare etehistorie
    • Korleis har etinga og måltida til barnet vore frå nyføddperioden
    • Når og korleis begynte etevanskane
    • Har barnet hatt behov for ernæring gjennom sonde/gastrostomi (spesifiser dette nærare)
  • Status ved tilvisingstidspunktet
    • Kva og kor mykje et og drikk barnet
    • Korleis er måltidsrytmen og døgnrytmen
    • Ernæring gjennom sonde/gastrostomi
    • Kva matvarer/konsistenstypar meistrar barnet
    • Korleis drikk barnet
    • Beskriving av måltid (måltidsobservasjon)
    • Vurdering basert på måltidsobservasjon (informasjon om måltid/måltidobservasjon)
    • Kartlegging av måltid (måltidsobservasjon)
    • Kartlegging av korleis etevanskane påverkar foreldra og familien
  • Generell utvikling
  • Familiære, sosiale forhold med relevans for det aktuelle
  • Lokale kontaktpersonar som kan følge opp vidare, eventuelt delta på utskrivingsmøte/oppsummering via digitalt møte
  • Eventuelt behov for tolk: kva språk/dialekt
 




Før

Under

Etter

Kontakt

Haugesund sjukehus Barne- og ungdomsavdelinga

Kontakt Barne- og ungdomsavdelinga

Oppmøtestad

Vår avdeling med sengepost og poliklinikk ligg i 3. etasje. Ta trappene eller heisen ved Narvesen. Du kjem rett til avdelinga når du går ut i 3. etasje.

Besøkstider

  • I dag 17:00 - 18:30
En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering

 

Du kan endre timen din inntil 48 timar før oppmøte. Dette kan du gjere på helsenorge.no eller ved å kontakte oss på telefon 52 73 90 00. Kontaktsenteret vårt er opent kl. 07.30 – 15.30.

helsenorge.no finner du informasjon om timen din i innkallingsbrevet.

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Dessverre kan tjuveri finne stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede og gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Ta med toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hugs også hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene er ein viktig faktor for å kunne gi god behandling til pasientane.