Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Stipend til deg som skal bli bioingeniør

I Helse Fonna gir vi deg ein unik moglegheit for praksis og stipend. På éin gong. Uansett kor langt du er kome i studieløpet.

Kvinner i et rom med datamaskiner

Dette er ikkje berre ein jobb. Det er ein fantastisk start på ei karriere som bioingeniør.

Stipenda er på 25 000 eller 30 000 kroner og vi er klare til å ta i mot deg allereie no. Velkommen til oss, vi gler oss til å ha deg med.

Og, ja, det gjeld både 1., 2. og 3. årsstudentar.

Kva er avtalen?

Det viktigaste vi treng av deg er at du har skikkeleg lyst til å jobbe på laboratoria hos oss saman med dyktige kollegaer som hjelper deg vidare. For å gjere det vel du stipendavtale som er best for deg.

Stipend 25 000

Du binder deg til å jobbe 15 dagar i løpet av skoleåret og minimum seks veker om sommaren i 100 % stilling.

Stipend 30 000

Du binder deg til å jobbe 15 dagar i løpet av skoleåret og minimum sju veker om sommaren i 100 % stilling.

Stipendavtale for 3. års studentar med bindingstid i to år frå avtaleinngåing

Ved signering av denne avtalen inngår bioingeniørstudenten avtale om tildeling av stipend og fast tilsetjing på vilkåra som følgjer nedanfor:

Tildelt stipend

  • 50 000 kroner som utbetalast i månadlege ratar
  • Inntil to tur-/returreiser mellom studiestad og arbeidsstad (maks 8000 kroner)
  • Dekning av husleige på arbeidsstaden i inntil 6 veker (maks 15 000 kroner)
  • Fast tilsetjing i 100 prosent stilling etter oppnådd autorisasjon 

Den vesle skrifta

Dette er vilkåra i avtalen.

  • Utbetaling av stipend fordelast på månadlege ratar frå kontraktinngåing. Ved fråvær tel ikkje helger eller veker med. Det er faktisk utført arbeid i avtaleperioden som tel.
  • Dersom perioden ikkje kan fullførast grunna sjukdom, må dette bekreftast ved legeerklæring for å behalde allereie utbetalt stipend. Det same gjelder dersom perioden ikkje kan fullførast grunna avvikling av svangerskapspermisjon. Ved anna avtalebrot kan arbeidsgivar krevje at heile beløpet tilbakebetalast.
  • Husleige og heimreise utbetalast på grunnlag av reiserekning og utleggsrefusjon som sendast til næraste leiar.
Sist oppdatert 02.06.2026