Stord sjukehus ligg midt i Sunnhordaland. Her får du moglegheit til å påverke din eigen arbeidskvardag. Vel din spesialitet og få breiddekompetanse. Vi gir deg støtte til bustad og rekrutteringsbonus.
Stord sjukehus er lokalsjukehus for kommunane i Sunnhordland, med tilsaman rundt 50 000 innbyggjarar.
Sjukehuset har spesialisthelsetilbod innan medisin, kirurgi, røntgen/lab og føde/gynekologi. Stord distriktspsykiatriske senter (DPS) ligg like ved og har spesialisthelsetilbod innan psykisk helsevern til vaksne og barn/ungdom.
Stord ambulansestasjon har lokalar på same område og Sunnhordland interkommunale legevakt er samlokalisert med sjukehuset.
Innhald i videoen
Videoen viser eit intervju med intensivsjukepleiar Ajnur Smakiqi ved Stord sjukehus. Ho fortel om arbeidet i intensivavdelinga og kva ho liker å gjere på fritida.
I videoen deler ho at ho har fått spesialistutdanninga gjennom Helse Fonna. Vi får også sjå noko av oppgåvene ho har på sjukehuset.