Parkering for tilsette ved Haugesund sjukehus
Du som jobbar ved Haugesund sjukehus kan kjøpe parkeringskort til våre parkeringsplassar.
Kven kan kjøpe parkeringskort?
For å kunne kjøpe parkeringskort må du oppfylle eitt av desse kriteria:
- Bustadadressa di må være utanfor vedtatt grensekart.
- Har barn under 8 år.
- Helsemessige årsaker.
Sjå intranett for korleis du søkjer.
Pris og betaling
- Tilsette med over 50% stilling: 450,- per månad.
- Tilsette med 50% stilling eller mindre: 250,- per månad.
Betaling av parkeringskort skjer i EasyPark-appen på din smarttelefon frå 1. mars. Før dette er dei grøne og gule parkeringskorta gyldige.
Helse Fonna har lagt inn alle tilsette og knytt appen til telefonnummeret ditt. Dersom du har rett til å kjøpe parkeringskort, vil du kunne søkje opp lokasjonskodane våre.
Kvar er parkeringa?
Tilsette kan parkere på austsida av Karmsundgata, utanfor BUP, i Vinjesgate, Hertz og Worum-bygget.
Sjå intranett for kart og bilete.
Parkering på Worum bygget kan ikkje bli tatt i bruk før skiltplan frå Statens Vegvesen er godkjent.
Parkere i parkeringshuset på natt og i helg
Nattevakter med parkeringskort kan parkere i parkeringshuset i vekedagar. I helger kan alle tilsette parkere i parkeringshuset med gyldig parkeringskort.
Reserverte plassar i parkeringshuset får ny lokasjon
Etter byggetrinn 2 blir reserverte parkeringsplassar for legar på vakt flytta til garasje i Jonas Lies gate.
Ofte stilte spørsmål
Blir eg trekt i løn for parkering?
Nei, alle tilsette kjøper parkeringskort i EasyPark-appen. Parkeringskortet er gyldig i éin månad, og kvar tilsett må kjøpe nytt kort kvar månad.
Vi har to bilar – kan eg leggje inn begge bilane?
Ja, du kan registrere fleire bilar i appen, men det er berre éin bil om gongen som kan bruke parkeringskortet. Køyrer du ulike bilar, må du hugse å endre dette i appen når du parkerer.
Eg har barn under 8 år, men bur for nært – kan eg då kjøpe kort?
Ja, du kan då kjøpe parkeringskort. Send inn søknad på intranett.
Eg har legeattest og bur for nært – kan eg då kjøpe kort?
Ja, tilsette med legeattest som er lagd fram for næraste leiar, kan kjøpe parkeringskort. Næraste leiar må stadfeste dette. Godkjenninga gjeld berre i seks månader, før ny søknad må sendast inn. Du kan sende søknad på intranett.
Kan eg parkere i parkeringshuset?
Nattevakter på kvardagar kan parkere i parkeringshuset dersom dei har parkeringskort. I helger kan alle tilsette parkere i parkeringshuset med gyldig parkeringskort.
Kvar blir reserverte plassar som i dag er i parkeringshuset, flytta?
Reserverte parkeringsplassar for legar i vakt blir flytta til garasje i Jonas Lies gate. Blodgivarar og dialysepasientar blir flytta til parkering langs austfløya. Desse endringane skjer etter ferdigstilling av byggjetrinn 2.
Kan eg parkere utan kort på BUP, Worum og Hertz i helger?
Ja, du kan parkere fritt her i helgene utan parkeringskort. Dette gjeld frå kl. 16.00 fredag til kl. 07.00 måndag.
Eg har grønt/gult parkeringskort og går nattevakter – kan eg då parkere i kjellaren i parkeringshuset?
Ja, alle med grønt eller gult parkeringskort kan parkere i kjellaren i parkeringshuset mellom kl. 20.00 og 08.00, dersom det er ledig plass.
Eg jobbar berre natt – kan eg då parkere gratis?
Nei, du må kjøpe parkeringskort for å kunne parkere i parkeringshuset på natt og ved BUP, Worum og Hertz på kvardagar. I helger kan du parkere gratis utan parkeringskort ved BUP, Worum og Hertz.