Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
Brukarutvalet i Helse Fonna

Referat frå Brukarutvalet

Referat frå Brukarutvalet 9. juni 2026

Dato: 09.06.2026
Tid: 12.00-16.00
Møtenr: 5 
Møtestad: Haugesund Sjukehus
Arkivref:2026/1108 - 25363/2026
Frå administrasjonen: Kjersti Haugen
Kopimottakarar:
Helse Vest RBU v/koordinator Ingvild Braut
Ungdomsrådet Helse Fonna

Deltakarar

  • Geir Charles Grindheim (møteleiar)
  • Karl Olaf Sundfør
  • Hilde Elisabeth Lewin Warren
  • Ole Johan Jensen
  • Anne Gurine Sætre
  • Anne Karin Sørdahl
  • Forfall: Nils Reiersen, Kjersti Vinje, Mia Therese Pedersen

Godkjenning av saksliste og referat frå 15.04.26

1 sak til evt.

Sak 32/26 Om kloke val i sjukehus

Overlege samhandling Helse Fonna, Harald Nes.

Orienterte om arbeidet i Helse Fonna som Kloke val sjukehus (KVS). Målet er å redusere over behandling og over diagnostikk, og sikre betre bruk av ressursane i helsetenesta.

KVS er ein meir systematisk organisert enn tidlegare og inneber forplikting til å ta i bruk konkrete tiltak og anbefalingar i drifta. Arbeidet er framleis i etableringsfase, men fleire tiltak er starta opp og under implementering.

Det vart peikt på at mykje av behandlinga i helsetenesta har usikker eller avgrensa effekt. Dette understrekar behovet for tydelege prioriteringar og meir bevisste val i pasientbehandlinga.

Samhandling er ein sentral del av arbeidet, både med fastlegar og kommunale tenester. Eit døme med ein eldre pasient synte korleis manglande samanheng i tenestene kan føre til belastning for pasienten og unødvendig bruk av ressursar.
Hovudbodskapen er at betre samhandling og kloke val kan gi meir målretta helsetenester, betre pasientopplevingar og meir berekraftig drift.

Sak 33/26 Pasienterfaringsundersøkinga i Helse Fonna

Rådgjevar Kristin Ingvaldsen Folven og Anne Mari Ottesen, kvalitet og pasientsikkerhet:

Brukarutvalet fekk presentert pasienterfaringsundersøkinga i Helse Fonna.
Brukarutvalet har vore oppteken av å få på plass eit verktøy som viser pasienterfaringar. Dei er svært positive til at dette no er etablert. Målet med undersøkinga er å måle kvalitet slik pasientane opplever tenestene.

Undersøkinga blir sendt digitalt via SMS til pasientar over 18 år. Nokre grupper får ikkje undersøkinga, mellom anna pasientar i livets siste fase, med demens eller dei som har reservert seg.

I perioden januar–juni 2026 fekk om lag 16 000 pasientar tilsendt undersøkinga, med ein svarprosent på 28. Brukarutvalet peika på at svarprosenten ligg på gjennomsnittsnivå, og stilte spørsmål ved kva informasjon pasientane får om undersøkinga. Det er lagt opp til at behandlarar skal informere pasientane. I tillegg er det hengt opp plakatar i avdelingane og rundt om på sjukehuset for å gjere undersøkinga kjend. Undersøkinga byggjer på metodikk utvikla av Kunnskapssenteret (no FHI), og liknande ordningar er brukt ved andre sjukehus over tid.Resultata skal brukast aktivt i forbetringsarbeid. Leiarar skal ha kjennskap til resultata, og dei skal følgjast opp i personalmøte, kvalitetsråd og i leiinga si gjennomgang. Målet er systematisk arbeid med kvalitet og pasientsikkerheit. Det er i undersøkinga eit eige fritekstfelt der pasientane kan gi tilbakemeldingar. Desse svara er førebels ikkje gjennomgått, då ein ventar på ei egna teknisk løysing for å kunne analysere materialet.

Utvalet var oppteke av korleis tilbakemeldingar som viser behov for forbetring blir følgde opp, og kva moglegheiter som finst for å vidareutvikle verktøyet slik at ein kan vise resultat på avdelingsnivå.

Per i dag er dette ikkje aktuelt. Verktøyet må først vere i bruk over tid for å kunne avdekke variasjon og utvikling.

Sak 34/26 Prosjektleder Vidar Støyva, avdeling for bygg og utvikling

Omvising nybygg.

Sak 35/26 Leiar orienterer

  • Leiar orienterte frå Pasientsikkerheitskonferansen i Helse Fonna. Det vart presentert fleire gode innlegg og spennande forbetringsprosjekt. Leiaren for brukarutvalet heldt eit innlegg om brukarmedverknad i forsking.
  • Leiaren av brukarutvalet har vore på Brukarhuset og halde eit innlegg, mellom anna om Pasienterfaringsundersøkinga.

Sak 36/26 Eventuelt

Jensen etterspurde informasjon om korleis føretaket følgjer opp U-kom rapporten «Kven forstår meg?».

Neste møte 08.09.26.

Referent: Kjersti Haugen

 

Referat frå Brukarutvalet 15. april 2026

Dato: 15.04.2026
Tid: 12.00-16.00
Stad: Haugesund sjukehus

Deltakarar

  • Geir Charles Grindheim (møteleiar)
  • Karl Olaf Sundfør
  • Hilde Elisabeth Lewin Warren
  • Kjersti Vinje
  • Ole Johan Jensen
  • Anne Gurine Sætre
  • Mia Therese Pedersen
  • Forfall: Nils Reiersen, Anne Karin Sørdahl

Sak 28/26

Godkjent referat frå 19.03.26 og dagens saksliste. Ingen saker til eventuelt

Sak 27/26

Orientering frå nestleiar i BU – møte i Strategisk samarbeidsutval (SSU). På møtet i SSU vart det mellom anna orientert om revisjon av rutine for avvikshandtering mellom kommunane og Helse Fonna. Revidert rutine vart presentert, og deltakarane delte fleire viktige innspel.

Det vart peika på at det kan vere utfordrande å etablere fleire samarbeidsforum, og at det ved gjennomgang av saker på tvers er avgjerande at rette partar deltek i drøftingane. Korrekt representasjon vart framheva som viktig for kvalitet i arbeidet.
Vidare vart det understreka behov for systematisk læring av alvorlege uønskte hendingar, samt betre oppfølging av hendingar som gjentek seg. Det vart meldt at det i dag manglar tilstrekkeleg struktur for oppfølging på tvers ved alvorlege hendingar.

Møtet peika også på behov for å avklare på kva nivå uønskte hendingar skal handsamast, og det vart foreslått å vurdere ein todelt modell for behandling av slike hendingar. Deltakarane etterlyste i tillegg betre oversikt over trendar og statistikk som grunnlag for læring og forbetring.

Sak 29/26

Utsett

Sak 30/26

Samhandlingssjef Helse Fonna, Reidun Rasmussen Mjør. Orienterte om ubesett radiologstiliingar på Stord sjukehus.

Sak 3126

Orientering frå leiar i BU

Styremøte 27.03.26

Økonomi: Helse Fonna fekk eit negativt årsresultat for 2025 på minus 81,6 mill. kroner, hovudsakleg grunna høgare kostnader enn planlagt. Ein systemfeil etter IKT-oppdatering førte til at ikkje alle kostnader blei regnskapsført løpande, noko som gav eit misvisande positivt bilete gjennom året.

Unødvendig bruk av MR: Prosjektet «Trygg på skulder», ei ny retningslinje for behandling av skulderplager i primærhelsetenesta. Målet er betre pasientforløp, tryggare fastlegar og mindre unødvendig bruk av MR og tidleg tilvising til spesialist. Prosjektet er under forsking og blir trekt fram som eit spennande døme på styrkt samhandling mot fastlegar og kommunar.

Diverse orienteringssaker: Ungdomsrådet har fått ny leder, Oliver Sokrates Thorbjørnsen. Brukerutvalget ønsker å invitere han inn til på et møte.

Orientering frå møte i ØHD-nettverket 14.04.2026 
Brukarutvalet fekk orientering om arbeidet i ØHD-nettverket. Det blei informert om Helsefellesskapet i Helse Fonna, inkludert tildeling av rekrutterings- og samhandlingstilskot våren 2026 og oppstart av to nye prosjektstillingar. Vidare er arbeidet med revidering av samarbeidsavtalar og ny felles tenesteavtale for ØHD godt i gang, og nettverket er invitert til å kome med innspel. I dialogen vart det peikt på behov for betre samhandling, tydelegare rolle- og vedtaksavklaringar, meir kunnskap om ØHD-tilbodet, betre digitale løysingar og utfordringar knytte til ulik organisering mellom kommunane.

Orientering om Helsefellesskapet i Helse Fonna, inkludert tildeling av rekrutterings- og samhandlingstilskot våren 2026 og oppstart av to nye prosjektstillingar. Arbeidet med revidering av samarbeidsavtalar og ny felles tenesteavtale for ØHD er godt i gang, og nettverket er invitert til å kome med innspel. Det vart peikt på behov for betre samhandling, tydelegare rolle- og vedtaksavklaringar, meir kunnskap om ØHD-tilbodet, betre digitale løysingar og ulikheiter i organisering mellom kommunane.

Leders skal ha innlegg på pasientsikkerhetskonferansen 06.05.26.
Medlemmene i utvalet vil orientere fra deltagelse i prosjekt/utvalg i neste møte
neste møte 09.06.26

Referent: Kjersti Haugen

 

Referat frå Brukarutvalet 19. mars 2026

Dato: 19.03.2026
Tid:  11.30-16.00
Stad: Haugesund sjukehus 

Deltakarar

  • Geir Charles Grindheim (møteleiar) 
  • Hilde Elisabeth Lewin Warren 
  • Kjersti Vinje 
  • Ole Johan Jensen 
  • Anne Gurine Sætre 
  • Nils Reiersen 
  • Mia Therese Pedersen 
  • Anne Karin Sørdal
  • Forfall: Karl Olaf Sundfør
  • Frå administrasjonen: Kjersti Haugen

Sak 22/26 

Godkjenning av referat frå 19.02.26. Godkjenning av saksliste. Ingen innmeldte evt.saker. 

Sak 23/26

Avdelingsleiar prehospitale tenester Helse Fonna, Svein Oddvar Moen: 

Prehospital avdeling i Helse Fonna har ansvar for akuttmedisinske tenester før pasienten kjem til sjukehus. Avdelinga består av ambulanseteneste, AMK, legebil, ambulansebåt, helseekspress og syketransport, og samarbeider tett med kommunar, legevakt, politi, brannvesen og frivillige/idelle organisasjoner. 

Tenesta har dei siste åra opplevd auke i aktivitet, særleg innan akutte og meir komplekse oppdrag. Oppdraga tek meir tid og krev meir ressursar enn tidlegare. I 2025 blei det utført nær 25 000 ambulanseoppdrag, og AMK handterte over 133 000 samtaler. 

Behandling før sjukehus blir stadig meir avansert, og prehospital tenester er i dag eit behandlende ledd, ikkje berre transport. Elektronisk pasientjournal styrkjer samhandling og informasjonsflyt mot akuttmottaka. 

Ambulanseteneste er organisert i fire geografiske driftsenheter for å sikre robustheit og lokal forankring. Legebilen gir rask tilgang til anestesilege og avansert utstyr ved alvorlege hendingar. Ambulansebåten dekkjer Sunnhordland og er bemanna med både mannskap og ambulansepersonell. Helseekspressen og syketransporten avlastar ambulanseberedskapen. 

Fagutvikling er ein viktig del av drifta, og skjer kontinuerleg i praksis – ikkje berre gjennom kurs. Systematisk læring, oppfølging av avvik og høge krav til kompetanse er avgjerande for å levere trygg og presis pasientbehandling. 

Sak 24/26

Personvernombud i Helse Fonna, Jessica Hubbers: 

Personvernombudet har ei uavhengig rolle i føretaket og skal sikre at personopplysningar blir behandla lovleg og forsvarleg. Ombodet gir råd, rettleiing og opplæring, samt kontrollerer at verksemda følgjer GDPR og andre krav. Arbeidet omfattar risikovurderingar, DPIA, oppfølging av avvik, og deltaking i prosjekt for å sikre innebygd personvern. Både tilsette, pasientar, pårørande og leiinga kan ta kontakt ved spørsmål, endringar i løysingar, avvik eller klager. Personvernombodet legg vekt på førebygging, samarbeid og open dialog for å byggje ein sterk personvernkultur og ivareta tryggleik og tillit i helseføretaket.  

Personvernombodet bad Brukarutvalet om innspel til korleis vi skal handtere personvern når det blir tatt bilete av pasientar og tilsette på sjukehuset. Reglane kan tolkast på fleire måtar, og derfor treng vi ein enkel rettleiar – ein ver varsam-plakat. Brukarutvalet kom med mange nyttige innspel som personvernombodet tek med vidare i arbeidet. 

Sak 25/26

Prosjektleder Katrin Wegner: Leiar arbeidet med utviklingsplanen i Helse Fonna: Ho bad Brukarutvalet om innspel på kva tenester som blir viktige i framtida. Brukarutvalet var engasjerte og kom med mange gode forslag til korleis helsetenesta bør møte framtidas pasientar. 

Sak 26/26

Leiaren oppsummerte frå møte i Kvalitetsutvalet og innlegget på Brukarhuset. Kor han tok opp forventingar til brukarrepresentantar, fanesaker og aktuelle prosjekt. 

Ein deltakar etterlyste sitje soner mellom parkeringa og hovudbygget på Haugsund Sjukehus. Driftsavdelinga følger opp saka. 

Sak-27/26

Utgjekk  

Neste møte

15.04.26 

Referent

Kjersti Haugen 

 

 

Tilgang til eldre referat

Treng du eldre referat? Ta kontakt med sekretær Kjersti Haugen, telefon: 45 29 38 10.

Sist oppdatert 11.06.2026