


Under 2 år
Barn under 2 år skal ikkje bruke skjerm.
2-5 år
For barn mellom 2 til 5 år bør skjermbruk avgrensast til maksimalt 30 minuttar til 1 time dagleg på fritida, gjerne mindre.

Barn 0-5 år bør ikkje bruke handhaldne skjermar.
Dersom barnet skal ha skjermtid, bør det sjå på tv saman med ein vaksen eller eldre søsken.
Skjerm bør ikkje brukast under måltid. Det kan hindre barnet i sosial trening rundt bordet og ta merksemda bort frå sjølve måltidet.
Spel og appar som aktiverer belønningssystemet i hjernen bør unngåast heilt i alderen 0-5 år.
Gode reglar for skjembruk bør på plass tidleg. Den vaksne har ansvar for å regulere skjermbruken. Dette er noko barnet ikkje klarer å gjere aleine, sida dei eksekutive funksjonane ikkje er ferdig utvikla før i vaksen alder, og barnet treng støtte til regulering.

Ingen skjerm før barnehage
Ingen skjerm før fellesmåltid/middag etter barnehage. Dette er god øving på å kjede seg og skapar kreativitet.
Ingen skjerm i bil.
Ikkje ha på skjerm i bakgrunnen.

Skjermen steler kontakt med dei vaksne
Babyar og små barn er helt avhengige av god kontakt med vaksne for å utvikle seg. Hyppig skjermbruk forstyrrar denne kontakten og kan føre til at dei opplever å bli avvist.
Skjermen steler fokus
Vi får dårlegare konsentrasjon ved mye skjermbruk. Å kjede seg gir rom for kreativitet. Du blir fort hekta på belønningane som hjernen får av å spille eller sjå på skjerm. Då vil vanleg læring opplevast kjedelegare.
Skjermen steler nattesøvnen
Skjermbruk på kveld påverkar søvnhormonet melatonin, noko som gir dålegare kvalitet på søvnen.

Skjermen steler tid for leik
Leik er viktig for barns utvikling. Både for sosiale ferdigheiter, regulering, språk, følelsar og generell utvikling. Barn treng meir tid til leik.
Skjermen steler tid saman
De minste barna har ikkje vennskap på nett på same måte som eldre barn. Sosial trening og det å vere saman er viktig for barnet si evne til å utvikle relasjonar seinare.
Skjermen steler fysisk aktivitet
Barn i dag treng meir aktivitet. Dei må være ute og utforske. Dette er viktig for sjølvstende, utvikling, og kroppsleg- og psykisk helse.