Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Gode råd, uansett alder

Desse kan vi alle bruke.

En penn og en kopp kaffe

Vaksne treng også gode råd om skjermbruk, nemleg

  • Fjern mobil og andre handhaldne skjermar frå opphaldsromme – ver ein god rollemodell.
  • Legg mobilen i ein fast boks når han ikkje er i bruk – sett mobilen på lydlaus.
  • Unngå skjerm i bil.
  • Unngå skjerm under måltid.
  • Unngå skjerm minst éin time før leggetid. 
  • Ikkje ha skjerm i bakgrunnen eller på soverommet. Bruk heller vekkarklokke.
  • Bli einige med andre foreldre om kva plattformar som er greie. Utset mobiltelefon så lenge som mogleg.
  • Prioriter mindre bruk av handhaldne skjermar – sjå heller på tv saman.
  • Lag reglar for skjermbruk tidleg.
  • Gå gjennom skjermbruk saman med barna minst éin gong i veka.  

Har du barn?

Ta med deg desse råda.

Samspel og rollemodell

Godt samspel med vaksne er viktig for utvikling av sjølvkjensle, tilknyting, kjensleregulering og sosiale ferdigheiter.

Ver til stades, ha blikkontakt og vis merksemd. Skjermbruk hos vaksne kan svekkje slike augeblinkar – ver ein god rollemodell og vis at skjermbruk har grenser.

Øv på å vere til stades, handtere stillheit og kjedsle – utan alltid å ty til skjerm.

Gode skjermvanar i kvardagen

Ingen skjerm før skule om morgonen eller før middag og fellesmåltid.

Unngå skjerm i den siste timen før leggetid.

Ta pausar på minst 10 minutt for kvar 60-90 minutt med skjerm (oftare ved handhalden skjerm). I pausen: rørsle og kvile for auge – ikkje på mobil. 

Grenser og balanse

Bruk skjermtid etter lekser, aktivitetar og plikter. Mengda bør tilpassast barnet og korleis skjermbruk påverkar kvardagen, men hald ho innanfor moderate rammer.

Ha periodar utan gaming og sosiale medium, gjerne minst i eitt døgn – for heile familien.

Praktiske grep

Fjern mobil og andre handhaldne skjermar frå rommet de er i. 

Unngå skjerm i bakgrunnen. Slå av utstyr heilt (ikkje kvilemodus).

Ingen skjerm på soverommet – bruk heller vekkarklokke.

Reglar og samarbeid

Utset smartelefon så lenge som mogleg (gjerne til ungdomsskulealder).

Avtal med andre foreldre kva plattformar som er greie å bruke.

Lag klare reglar for nedlasting av appar og spel, og etabler gode vanar tidleg.

Gå gjennom skjermbruk saman med barna éin gong i veka.

Sist oppdatert 05.06.2026