Foreldre og pårørande
Kven er vi
Hos oss møter du ulike fagfolk: legar, psykologar, sosionomar, pedagogar, psykiatriske sjukepleiarar, barnevernspedagogar, sjukepleiarar og vernepleiarar som samarbeider i tverrfaglige team.
Korleis jobbar vi
BUP Helse Fonna har tre poliklinikkar: to ved BUP Haugesund og ein ved BUP Stord.
I tillegg har vi 2 sengepostar: barnepsykiatrisk post (6-12 år) og ungdomspsykiatrisk post (13-18 år), begge i Haugesund.
Er du pårørande til vaksne, barn eller ungdom som får tenester frå Helse Fonna?
Læring- og meistringsteamet i Klinikk for psykisk helse og rus arrangerer samtalegrupper med fokus på helse og meistring. Her kan du møte andre og dele erfaringar.
Tilbodet er ein dag i veka, med fem til seks samlingar.
Vi har kurs både på Stord og Haugalandet, om våren og hausten.
Tema for samlingane
- Behov som pårørande
- Følelsar – gode og dårlege dagar
- Grenser
- Kva med oss? Kor kan eg få hjelp? Informasjon om organisasjonar og andre nyttige nettverk for pårørande
Dialogen i gruppa blir leia av fagpersonar og erfarne pårørande.
Vil du vite meir eller melde deg på?
Ta kontakt:
Telefon: 95 83 88 10 / 97 02 81 66 / 90 27 50 15
E-post: lms.psykiatri@helse-fonna.no