Svara dine vil vere anonyme. Den tekniske løysinga vi brukar for pasienterfaringsundersøkingar (WPCM) og GUID, behandlar pasientdata med høg grad av personvern.  
Kort forklaring av WPCM-systemet: 
- Hentar pasientdata frå den elektroniske pasientjournalen for å sende ut spørjeundersøkingar via SMS. Desse dataa inkluderer alder, telefonnummer og avdelinga der pasienten har fått behandling. 
 
- Hindrar at same pasient får fleire invitasjonar innan 30 dagar. 
 
- Har eit reservasjonsregister for dei som ikkje ønskjer å delta. 
 
- Sender ikkje SMS til personar under 18 år, eller til personar som har reservert seg. 
 
- Krypterer og anonymiserer alle svar før dei blir lagra og analysert via GUID (sjå nærare forklaring om GUID under). 
 
- Data blir sletta etter 6 månader, unntatt demografiske data som blir lagra med GUID for analyseformål. 
 
Korleis brukar vi GUID i pasienterfaringsundersøkinga? 
GUID står for Globally Unique Identifier – altså ein globalt unik identifikator.  
Det er en lang streng med tal og bokstavar som blir generert av eit datasystem for å identifisere noko på en unik måte, utan å avsløre personleg informasjon. 
- Anonym identifikator: Når ein pasient blir valt ut til å delta i ei undersøking, blir det generert ein GUID som representerer denne pasienten i systemet – utan å bruke namn, fødselsnummer eller annan identifiserbar informasjon. 
 
- Kopling av data: GUID gjer det mogleg å kople saman ulike typar data (som demografi og svar på spørjeskjema) utan å vite kven personen er. 
 
- Unngå doble svar: Systemet brukar GUID til å sikre at éin person ikkje kan svare fleire gonger på same undersøking innanfor ein gitt periode (30 dagar). 
 
- Langsiktig analyse: GUID blir lagra saman med demografiske data, slik at vi seinare kan analysere svara i lys av alder, kjønn og sjukehusavdeling – fortsett utan å vite kven som svarte.