Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

For helsepersonell

Her finn behandlarar og rekvirentar informasjon og aktuelle retningslinjer for bruk av Pasientreiser, også utanom opningstida vår.

Pasientreiser i Helse Fonna har ansvar for opplæring, support og informasjon til helsepersonell som nyttar våre tenester og system. 

Denne nettsida er ikkje ei erstatning, men eit supplement til dei nasjonale sidene pasientreiser.no/helsepersonell, og gjeld berre pasientreiser i Helse Fonna. 

Reiseattester for pasientar

Frå 1. april 2025 kan du som behandler utstede reiseattest til pasientar, slik at dei kan bestille pasientreisene sine sjølv. Det sparer tid for deg som er behandler, og gir pasienten meir kontroll på reisa si.

Reiseattester til pasientar
En bygning med en vei foran

Du kan kontakte oss på:

Telefon 05515

Våre telefontider er måndag-fredag kl. 08.00-15.30.  

E-post pasientreiser@helse-fonna.no  

NB! Ikkje send sensitive opplysningar som f.eks. innkallingsbrev, pr e-post. Benytt deg då av e-Dialog.

Benytt eDialog for sikker sending av e-post via ID-porten

Les korleis du går fram ved bruk av e-Dialog for sikker sending av e-post til Helse Fonna 

Postadresse

Helse Fonna HF
Pasientreiser
Postboks 2170
5504 Haugesund



 

Pasientens tilstand og behov er avgjerande for val av transport. 

  • Pasient kan reise på eiga hand eller bli køyrt
  • Pasient har behov for tilrettelagt transport
  • Pasient har behov for medisinsk overvaking
    • Pasient må ha ambulanse
    • Kontakt / bestilling - AMK

  • Pasient må ha tilgang på medisinsk utstyr
    • Pasient må ha ambulanse
    • Kontakt/bestilling - AMK​

Elektronisk rekvirering av pasientreiser er tilgjengeleg heile døgnet alle dagar. Bestillinga blir då sendt til riktig transportør som utfører oppdraget.

Endring, avbestilling eller spørsmål

Ved behov for endring, avbestilling eller ved spørsmål knytt til bestillinga, må du rette desse til Pasientreiser på tlf. 05515 i opningstida vår​, som er måndag-fredag kl. 08.00-15.30.

Utanom opningstida vår må transportør med avtale i aktuelt henteområde kontaktast direkte av rekvirerande behandlar ved behov for endring, avbestilling eller ved spørsmål knytt til bestillinga.

Henteområder og transportøravtalar - Helse Fonna HF

Dersom behandlar ikkje får eRekvirert​

Dersom ein av ulike grunnar ikkje får eRekvirert i systemet utanom opningstida vår, kan papirrekvisisjonen nyttast. 

Følg då Rutine for driftsbrot og bruk av papirrekvisisjon

 

Dersom elektronisk rekvirering ikkje er tilgjengeleg (ved nedetid/ driftsbrot) eller dersom ein ikkje får eRekvirert av andre årsaker, skal behandlar kontakte Pasientreiser på telefon 05515 for å bestille pasientreiser.

Våre telefontider i Helse Fonna er måndag-fredag kl. 08.00-15.30.

Dersom behandlar ikkje får rekvirert elektronisk utanom opningstida vår kan 
kan papirrekvisisjon nyttast. Papirrekvisisjonar bør vere tilgjengeleg på alle behandlingsstader og kan bestillast gratis på: Bestill materiell - Pasientreiser HF

Behandlar fyller ut ein papirrekvisisjon og tar direkte kontakt med transportør som har avtale i aktuelt henteområde for bestilling.

Transportør vil då merke bestillinga og på den måten godkjenne bruk av papirrekvisisjonen som pasient skal gje til sjåfør. Pasient kan ikkje nytte papirrekvisisjon utan at behandlar har vore i kontakt med transportør i forkant.

Sist oppdatert 28.01.2026