Valen sjukehus
Kurs i sinnemeistring
Kurstilbod
Kurs i sinnemestring er eit behandlingstilbod for kvinner og menn som utøver vald i nære relasjonar. Sinneterapi er eit tilbod til deg som har problem med å finne passande reaksjonsformer.
I dette gruppetilbodet møter du sinnemeistringsterapeutar med god kjennskap til problematikken. Erfaringar viser at tilbodet ikkje bere hjelper den enkelte kursdeltakar, men også kan bidra til auka livskvalitet for andre familiemedlemmar.
Om valdsproblematikk
Vald løyser ingen problem. Den som blir utsett for vald tek skade av det. Vald gjev både fysiske og psykiske sår. Det største "såret" er angsten vald skaper. Vald drep kjensler, og derfor vil valden drepe kjærleiken. Valden smerter også for den som brukar den.
Dine handlingar er ditt ansvar
Aggresjon er ein av mange alternative måtar å reagere på. Når du brukar sinne, er dette ditt val av reaksjonsform- ditt alternativ. Mange vil kjenne at det ikkje er alternativ, at det ikkje er mogeleg å reagere på anna vis, eller dei maktar ikkje å styre seg sjølv. Det fins alternativ til sinnereaksjon, men mange treng hjelp til å gjere seg bruk av dei.
Det er vondt å leve saman når du ikkje veit om partnaren er saman med deg fordi ho eller han er redd deg, eller fordi ho eller han er glad i deg. Om det er eit mål for deg å kunne leve i eit harmonisk forhold, prega av gjensidig respekt, så er aggresjon den dårlegaste vegen til dette målet.
Kva er vald?
Fysisk vald er konkrete handlingar som strekkjer seg frå halding, risting, dytting og øyrefikar – til alvorleg skadelege handlingar - i verste fall drap.
For dei som vert utsett for valden, er den fysiske skaden sjeldan det viktigaste. Det truande inntrykket og sinnet som følgjer handlingane, gjer mest vondt. Psykisk vald er handlingar-som skremmer, audmjuker og kontrollerer, eller som får andre til å kjenne seg mindreverdig og usikker.
Det vert ikkje betre, det vert verre
Valden går ikkje bort av seg sjølv. Du må ta den alvorleg og gjere noko med den. Dette er vanskeleg, og mange treng hjelp til denne jobben, men det finnes hjelp.
Tilvising
Tilvising kan sendast elektronisk til:
Psykisk helsevern for vaksne, Valen Sjukehus, Kvinnherad - HER id 113028
Adresse:
Spesialisert behandling
Valen sjukehus v/ambulant sikkerhetsteam
Sjukehusvegen 23
5451 Valen
Tilbodet i Helse Fonna
Sinnemestringstilbodet i Helse Fonna byggjer på Brøsetmodellen. Tilbodet er ein del av regjeringa sin handlingsplan frå 2008 for hjelp til kvinner og menn som har sinne og valdsproblematikk i nære relasjonar.
Helsedirektoratet har i samarbeid med St. Olavs Hospital, Brøset Kompetansesenter og dei regionale RVTS hatt ansvar for å innføre modellen nasjonalt.
Tilbodet består av 3 individuelle timar, som ei kartlegging av utfordringar, og innføring i behandlingsmodellen for deg som ynskjer å delta. Kurset er vidare inntil 30 timar i gruppe, med læring av mestringsstrategiar og kognitiv terapi. Evaluering viser at dei aller fleste synes at gruppetilbod er nyttig, då ein kjenner igjen problematikk og lærer av andre sine erfaringar.
Definisjonen av vald i Brøsetmodellen: Einkvar handling retta mot ein anna person, som gjennom denne handlinga skader, smerter, skremmer eller krenker, eller får den personen til å gjere noko mot sin vilje, eller lar være å gjere noko han eller ho vil (Isdahl, 2001).
Om kurset
Kurset blir arrangert haust og vår ved nok påmelde.
- Kurset går over maks 15 samlingar
- Ein må ha tilvising frå behandlar for å delta - ta gjerne kontakt dersom du er usikker på dette
- Alle tilvisingar vert løpande kontakta for forsamtalar
- Kursavgift: Eigenandel tilsvarande ein poliklinisk konsultasjon pr. kurskveld, inntil beløp for frikort
Kontakt oss
Ta gjerne kontakt med oss for meir informasjon.
Solveig Hjelmeland Olsen, telefon: 46 81 10 79
Sigrid Bøthun, telefon: 95 83 88 10
Roger Hartveit, telefon: 99 04 23 19
E-post: lms.psykiatri@helse-fonna.no