Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
Habilitering - Spastisitet hos voksne
Spastisitet kan førekomme i større og mindre grad ved skadar eller sjukdommar i sentralnervesystemet, som for eksempel cerebral parese. Spastisitet kan vere plagsamt og smertefullt. Spastisitet kan påverke motorisk funksjon og rørsle i ledd.
Tilvising og vurdering
Det er fastlegen eller anna spesialisthelseteneste som viser deg til habiliteringstenesta for vaksne (HAVO). Tilvisinga blir vurdert innan 10 dagar.
Det er forventa at det er gjort ei tverrfagleg vurdering i kommunen før tilvising og at informasjon om denne utgreiinga følger tilvisinga.
Pasienten skal samtykke til tilvisinga. Dersom pasienten ikkje er samtykkekompetent på dette området, skal næraste pårørande informerast om tilvisinga.
Sjekkliste
Namnet til pasienten, fødselsnummer, adresse og telefonnummer
Namn, adresse og telefonnummer til pårørande, primærkontakt og/eller verje
Diagnose(r) på tilvisingstidspunktet
Aktuelle problemstillingar. Det må komme tydeleg fram:
kva som blir ønskt greidd ut
kva tilvisaren er bekymra for/mistenker
kva tiltak som er sett i gang i kommunen
ved behov for rettleiing – på kva arena det er ønskeleg
Aktuelle funn og resultat frå medisinske undersøkingar
Rapportar frå tidlegare utgreiing
Legemiddel som er i bruk
Namnet, telefonnummeret og adressa til fastlegen
Namn og kontaktinformasjon til medtilvisar
Namn og kontaktinformasjon til aktuelle samarbeidspartar (kommunal koordinator, skole/arbeidsgivar, fysio-/ergoterapiteneste, anna spesialisthelseteneste, NAV)
Er det oppretta ansvarsgruppe?
Er det utarbeidd individuell plan?
Er det aktuelt med arbeid knytt til helse- og omsorgstenestelova kapittel 9
Namn og kontaktinformasjon til overordna fagleg ansvarleg
Er det behov for tolk og på kva språk/dialekt?
Før
Før du møter til utgreiing hos oss ber vi om at du tenker gjennom kva du synest er viktig for utviklinga di når det gjeld
rørsle
aktivitetane til dagleglivet (som å sitte, ete, kle på eller flytte deg)
søvn
utmatting
smerter
Informasjon om utviklingshistoria di er viktig for utgreiinga. Vi vil derfor at ein som kjenner deg godt blir med deg til timen. Vi vil også stille deg spørsmål om sjukdommar og tidlegare sjukehusopphald.
Dersom du har hjelpemiddel, ta desse med. Eksempel er hjelpemiddel til forflytting eller kommunikasjon.
Ta med shorts og ei ermelaus trøye til bruk ved undersøkingane.
Under
De blir tatte imot og får informasjon om kva som skal skje og kven de møter. Som regel vil de møte fagpersonar med ulik bakgrunn, for eksempel fysioterapeut, ergoterapeut, sjukepleiar og lege.
Utgreiinga er sett saman av samtalar, observasjonar og undersøkingar. Heile eller delar av utgreiinga kan bli gjennomført der du bur.
Personar med spastisitet kan få råd, rettleiing og opplæring med tanke på tilrettelagd trening og fysioterapi som kan verke dempande på plagene.
I løpet av utgreiinga kan det komme fram behov for å gjennomføre undersøkingar ved andre avdelingar i sjukehuset. Habiliteringstenesta for vaksne tilviser deg vidare.
Personar med spastisitet som følge av for eksempel cerebral parese kan få tilbod om behandling med Botulinumtoksin A. Det er eit verkestoff som blir sprøyta inn i utvalde musklar. Verkestoffet hindrar overføring av signal frå nerven til muskelfiber. Det gjer at muskelen blir mindre spastisk. Behandlinga verkar frå tre til seks månader. Den kan gjentakast fleire gonger ved behov.
Behandlinga skal vere ledd i ein heilskap, noko som betyr at:
det skal vere klare mål med behandlinga (for eksempel å betre funksjon, gjere forflytting og stell enklare, gjere av- og påkledning lettare, betre hygiene og/eller å redusere smerter)
det skal vere eit opplegg for dagleg eigentøying, eventuelt ved hjelp av helsepersonell, for å sikre maksimal effekt av behandlinga
dei fleste skal følgast opp hos lokal fysioterapeut (mange vil periodevis bruke ortosar)
Eventuelle biverknader som oppstår dei første dagane etter injeksjonen er forbigåande. Ømheit på injeksjonsstaden er den vanlegaste biverknaden. Forbigåande feber og/eller trøyttleikskjensle kan førekomme.
Personar med spastisitet kan ha nytte av behandling med ein medisin som heiter Baclofen. Den har ein generell verknad på stiv og stram muskulatur. Det kan givast enten som tablettar eller som væske gjennom ei pumpe som blir lagd inn under huda med ein tilførselsslange inn i ryggmergskanalen. Behandling med tablettar kan givast av habiliteringstenesta for vaksne. Behandling med ein slange til ryggmergskanalen blir gjennomført hos spesialisert sjukehusavdeling.
Personar med spastisitet kan også få råd, rettleiing og opplæring med tanke på tilrettelagd trening og fysioterapi som kan verke dempande på plagene.
I løpet av utgreiinga kan det komme fram behov for å gjennomføre undersøkingar ved andre avdelingar i sjukehuset. Habiliteringstenesta for vaksne tilviser deg vidare.
Etter
Du får informasjon om resultata av utgreiinga.
Det er kommunen/bydelen du bur i som har ansvar for vidare tiltak og tilrettelegging. I tillegg kan det vere behov for oppfølging frå HAVO i kortare eller lengre periodar. Behovet for oppfølging blir vurdert i samråd i samråd med deg og dei som har ansvar for tilbodet i kommunen/bydelen.
Det blir utarbeidd ein rapport som samanfattar utgreiinga. Om det er behov for vidare oppfølging i HAVO står det i rapporten. Den blir send både til deg og den som har tilvist deg til utgreiinga.