Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
En lege som snakker med en pasient

Utviklingsplan Helse Fonna

Alle helseføretak som driv pasientbehandling skal ha utviklingsplanar som viser korleis verksemda skal møte framtidige behov for spesialisthelsetenester, på ein berekraftig måte.

Helse Fonna HF sin utviklingsplan byggjer på nasjonale føringar og skal rullerast kvart fjerde år med ein kort horisont på 4 år og ein lang på 15 år.

Utviklingsplanen er helseføretaket sitt øvste strategiske dokument for korleis vi vil utvikle verksemda for å møte framtidig behov for helsetenester. Planen skal peike på ønska retning for utvikling av verksemda og kva tiltak som er nødvendige for å møte utfordringar i framtida. 

Dokumentet skal vere forankra i verdiane respekt, tryggleik og kvalitet.

I 2026 skal vi revidere utviklingsplanen

Revidert utviklingsplan skal i vidareføre dei fire hovudområda som gjeld i regional utviklingplan: 

  • Pasientar
  • Medarbeidarar
  • Samhandling
  • Utvikling

I løpet av arbeidet med ny utviklingsplan kan dette endrast eller nye områder kome til.

Utviklingsplanen til Helse Fonna skal tydeleg skilje mellom strategiske mål og tiltak, og vere del av eit heilskapleg planhierarki med fagplanar og delstrategiar.

Prinsippa om openheit, involvering og samarbeid internt og mellom regionane er berande i arbeidet. Det blir etablert styrings- og samarbeidsgrupper, og ein open høyringsprosess skal gjennomførast før endeleg behandling.

Arbeidet vil foregå fram til oktober, og skal styrebehandlast i oktobermøtet. Deretter skal utviklingsplanen sendast til Helse Vest for godkjenning.

Gi innspel til ny utviklingsplan

Arbeid med ny utviklingsplan

Januar 2026

Arbeidet med ny utviklingsplan er i gong. Vi informerer om arbeidet.

Februar og mars 2026

Vi informerer og involverer tilsette og samarbeidspartnarar.

Mai til juli 2026

Vi lagar eit utkast til ny utviklingsplan.

August 2026

Utkastet blir sendt ut på høyring 1. august.

September 2026

Vi går gjennom innspela vi har fått, og gjer ferdig utviklingsplanen.

Oktober 2026

Utviklingsplanen skal godkjennast i styret innan 31. oktober.

November og desember 2026

Den nye, godkjende utviklingsplanen blir gjort kjent for heile organisasjonen.

 

Sist oppdatert 30.01.2026