Innhald i utviklingsplanen
Vår utviklingsplan
Utviklingsplanen er fyrtårnet vårt som vi skal styre mot. Den gir oss både ein visjon for kvar vi vil vere om 15 år, og mål vi skal nå på vegen dei neste fire åra.
Utviklingsplanen er den strategiske rettesnora vi skal styre etter saman. Planen fortel både oss og omverda kvar vi vil. Den skal rettleie oss i prioriteringane vi må gjere, og gi grunnlag for budsjett og økonomisk langtidsplan. Utviklingsplanen skal sikre at vi greier å realisere dei måla vi treng å nå undervegs for å kunne oppnå dei store målsetjingane vi har.

No byrjar arbeidet med å setje planen vår ut i livet. Det blir eit spennande arbeid som vi berre kan lukkast med saman og i fellesskap med heile regionen.
Det er mange som har vore involverte og bidrege med innspel til denne planen. Dette har vore viktig for å gjere han til ein plan alle i føretaket kan kjenne eigarskap til.
Det har også vore viktig å involvere dei gode samarbeidspartnarane våre i dette arbeidet, slik at vi lukkast saman der vi har felles oppdrag; både innan pasientbehandling, oppfølging av pårørande, utdanning av framtidas helsepersonell, forsking, innovasjon og beredskap.
Takk til alle som har bidrege med innspela sine for å gjere denne planen betre og mest mogleg relevant for Helse Fonna og regionen.
Vi har sett mål og målbilete som gir klare ambisjonar for tilbodet til innbyggjarane i regionen framover, og for korleis vi må utvikle oss for å lukkast med dette.
No byrjar arbeidet med å setje planen vår ut i livet. Det blir eit spennande arbeid som vi berre kan lukkast med saman og i fellesskap med heile regionen.

Andrika Hagfjäll er tillitsvald for Sjukepleiarforbundet.
– Innhaldet i utviklingsplanen er jobben vår. Framtida vår.
Jorge Del Pino representerer Fagforbundet.
– Vi må vere involvert og eige utviklingsplanen saman. Dette er min plan også.
Jessica Viland er her for legane.
– Eigarskap er viktig. Tilsette må vite om det vi driv med. Då gjer vi ein betre jobb og har det betre på jobb. Det veit vi.
Stian Sørensen er stemma frå Delta.
– Utviklingsplanen skal vere til å kjenne igjen for alle tilsette. Den skal ha ein raud tråd frå det vi gjer i det daglege til kva vi planlegg, og binde oss saman.
Randi Broch Guddal er hovudverneombod.
– Ein felles plan er fundamentet vårt. Då veit alle kva vi står for, korleis vi skal gjere jobbane våre og den handlar om pasientane. Alt heng saman.

Våre mål
«Ei fremtidsretta og lærande helseteneste i kontinuerleg utvikling» fungerer som eit gjennomgående prinsipp for korleis Helse Fonna skal utvikle tenestene.
«Medarbeidarar som drivkraft» uttrykker den viktigaste føresetnaden for å lykkast med utviklinga.
Samla sett understøtter dei alle de øvrige målområda og viser at gode resultat for pasientar og samfunn føresett både kontinuerleg læring, innovasjon og forbetring, og medarbeidarar med kompetanse, engasjement og handlingsrom til å drive utviklinga framover.
For pasientar og samfunn
Ei framtidsretta og lærande helseteneste i kontinuerleg utvikling
Rask tilgang til trygge og nære helsetenester av høg kvalitet
Samanhengande pasientforløp med aktiv brukarmedverknad
Ein aktiv og synleg samfunnsaktør
Føresetnader
Eitt Helse Fonna med felles retning i Helse Vest

– Utviklingsplanen er eit vegkart for korleis framtidas spesialisthelseteneste skal formast, seier Ole Johan Jensen.
Han er medlem i brukarutvalet.
– Gjennom arbeidet må vi sjå føre oss kva som vil skje framover. Vi vil bli fleire eldre. Det stiller krav til kapasiteten til helseføretaka. Dessutan gir det oss innsikt i tilbodet vi har på sjukehusa i dag, og det utfordrar oss på kva vi må ha i framtida.
Og det strekk seg lenger enn til sjukehusa.
– Korleis vi kan samarbeide saumlaust mellom spesialisthelsetenesta og primærhelsetenesta, eller avtalespesialistar? Dette må vi skildre.
Brukarinvolvering er viktig for Ole Johan Jensen.
– At utviklingsplanen blir utarbeidd i dialog med brukarorganisasjonar gir oss brukarar eit sjanse til å påverka prioriteringar og utforminga av framtidas tenester.