Samhandlingsforløp
Dei som treng hjelp, og dei som skal hjelpe barn og unge, må ha forståing for dei ulike tenestene og for rollene og ansvaret deira. Slik kan vi skape eit betre og meir samanhengande hjelpetilbod. Satsinga Barn og unges helseteneste handlar nettopp om dette.
Brukarar, kommunar og spesialisthelsetenesta samarbeider om å utvikle betre tenester for barn og unge. Saman utviklar dei forløp som gir kunnskapsbaserte faglege råd om korleis ein skal handtere alt frå den første uroa til spesialisert behandling, og korleis ansvar og oppgåver skal fordelast. Det er utvikla samhandlingsforløp for fleire tilstandsbilete.
Målet er å utvikle, forvalte og vidareutvikle samhandlingsforløp for barn og unge på tvers av kommunar og føretak under ei felles paraply, både innan psykisk helse, somatisk helse og habilitering/rehabilitering.
I Barn og unges helseteneste vert det arbeidd med:
- å forankre utviklingsarbeidet og involvere brukarar og fagfolk i ei felles satsing
- å skape arenaer for samhandling og kulturbygging der brukarar og fagfolk møtest på tvers av tenester
- å ta i bruk samhandlingsforløpa som verktøy og vidareutvikle dei slik at dei vert tilpassa lokale forhold. Å setje i verk tiltak for å skape eit meir samanhengande hjelpetilbod til barn og unge lokalt
Barn og unges helseteneste er utfyllande til satsinga Betre tverrfagleg innsats (BTI), som gir strukturen for oppfølginga, medan Barn og unges helseteneste står for dei faglege anbefalingane. Begge satsingane er forankra i FSU barn og unge, og bidreg til utvikling av felles språk, kultur og forståing hos både hjelparar og barn, unge og foreldre.
Barn og unges helseteneste - Helse Fonna HF