Terapihunden Tango jobbar med rus og psykiatri i Helse Fonna
Når uniformen er på er Tango på jobb. Den fem år gamle storpuddelen deltar i behandling av pasientar innan alderspsykiatri og rus.
– Eg får jo nokre rare blikk når eg går gjennom gangane på sjukehuset med ein svær, svart hund, seier vernepleiar Synnøve Bremer Skarpenes.
Det er ho som eig, trenar og jobbar med storpuddelen Tango. Og dette er ikkje ein besøkshund. Tango er sertifisert terapihund, og Synnøve har utdanning innan dyreassisterte intervensjonar med hund frå Norges miljø- og biovitenskaplige universitet, NMBU.
Ikkje forstyrr ein hund i arbeid
– Tango har vore med meg på jobb sidan han var ni veker. Folk på alderspsykiatrisk post og avrusingsposten kjenner oss godt, for no er Tango fem år.
Nyleg har Synnøve bytta kontor. Ho og Tango må derfor passere gjennom resepsjonen ved hovudinngangen på Haugesund sjukehus og møter mange nysgjerrige på sin veg.
– Det er fint at folk er positive til Tango, men han skal helst ikkje forstyrrast når han jobbar, seier Synnøve.
For Tango er ein hund etter jobb. Frå han var valp har han blitt trena til å møte og handtere alle typar menneske og situasjonar. Han skal halde seg roleg og tole både tilbaketrekte og utagerande pasientar. Då han var tre år blei han sertifisert som terapihund.
– Det eg og Tango driv med heiter dyreassistert terapi. Det krev at eg har nødvendig utdanning på universitetsnivå og at aktiviteten er ein integrert del av ein behandlingsprosess. Den skal vere tidsavgrensa, den skal dokumenterast og den skal evaluerast, seier Bremer Skarpenes.
Pasient
Min dag ble reddet av Tango. Jeg var depressiv den dagen og så kom han bort til meg og tok alt stress og negativitet og sug på mine medisiner. Han forandrer miljøet på posten, så jeg gleder meg til å møte han igjen
Det er i fleire samanhengar dokumentert at dyr kan ha positive effektar på menneske både psykisk og fysiologisk. I dyreassistert terapi blir dette brukt systematisk. Målet kan vere at pasienten skal oppleve meir ro, redusert stress, auka mestringskjensle eller fremme sosial interaksjon.
Den første sertifiserte terapihunden i sjukehus
Synnøve Bremer Skarpenes hadde lang erfaring med terapihundar då ho fekk jobb i Helse Fonna i 2015. Det tok ikkje lang tid før ho fekk klarsignal til å starte opptrening av ein terapihund som skulle vere eit supplement til den ordinære behandlinga. Synnøve skryt av leiarane i klinikk for psykisk helsevern og rus som har vore så opne for nye tankar.
– Eg blei positivt overraska over at det var så enkelt å kome i gang. Terapidyr er ikkje vanleg i det offentlege helsevesenet, og eg hadde trudd at eg måtte jobbe lenge for å få dette til.
Tango blei den første sertifiserte terapihunden i eit norsk sjukehus. No har Helse Fonna i tillegg til Tango ein terapihund ved BUP Haugesund.
Pasient
Jeg slet veldig med depresjon etter flere netter uten nok søvn. Tango møtte meg i døren og jeg følte at han skjønte at jeg slet den dagen. Jeg hadde en god følelse av å bli forstått uten å forklare meg. Resten av dagen tenkte jeg på besøket med en god følelse inni meg. Problemet mitt var vekke uten tabletter
Dåverande leiar ved alderspsykiatrisk post, Turid Mattson, var positiv frå starten:
– Eg hadde høyrt ein del om terapihundar, og visste at det var bra særleg for vår pasientgruppe. Dei er gjerne urolege og forvirra. Hunden gjer at dei roar seg og får kost masse. Det blei enno kjekkare enn vi trudde på førehand, både for pasientar og vi som jobbar her. Vi er opne for forskingsbaserte terapiar, og effekten av dyreassistert intevensjon er veldokumentert. Når det gjeld vår pasientgruppe, er det ikkje alltid medisinar som fører fram. Det er samver, tid og relasjonar. Der passar Tango veldig godt inn.