Mari, Niklas og Daniel strålte på lanseringsfest
Eige eller leie? Det er ikkje like enkelt å finne ut korleis ein skal bu når ein blir vaksen. Alle har mange tankar om korleis vi skal ordne dette, og vi har mange val vi skal ta. Også personar med funksjonsnedsetting og foreldra deira.
På torsdag var det duka for lanseringsfest på Haugesund sjukehus.
– "Plutselig voksen" er ein video som er laga til kursrekka "Plutselig voksen", kurs til føresatte av ungdom med oppfølgingsbehov inn i vaksenlivet, forklarar Randi Hjelmervik som er klinisk barnevernspedagog.
I denne kursrekka blir mange temaer presentert, som oppnemning av verge, arbeidstilbad, rettigheiter frå NAV og kommune og så vidare.
– Også presentasjon av ulike boformer og støtteordningar. Videoen om bolig er i hovudsak retta mot føresatte og ikkej til ungdommen sjølv. Men dei kan gjerne sjå den.
Eit vanleg tema
– Vi får mange spørsmål om bolig, sa Marian Yrke ved habiliteringsavdelinga då ho presenterte videorn.
– Kva er viktig for akkurat deg, kva kan vere best? Vi fikk hjelp av ungdomsrådet, Lærings- og meistringssenteret og fleire andre for å få eit godt utgangspunkt.
Mari, Niklas og Daniel
For det med bolig til barn med funksjonshemming er det mange foreldre som tenkjer på.
– Slik blei ideen til om å lage ein video. Mange foreldre vil gjerne ha noko dei ka sjå og lære av, fortsatte Yrke.
Mari, Niklas og Daniel er dei vi får komme heim til i videoen. På lanseringsfesten var dei stjernene.
Vi får lære meir om kva dei og foreldrene har gjort for å skape heimen deira.
I stedet for å lese om det, sjå heller videoen:
Tusen takk til Mari, Niklas og Daniel, og foreldra deira. Takk også til Vestbris for god hjelp med videoen, og til alle som stilt opp og gjort det mogleg.
*Videoen blitt til med såkornmidler fra Helse Vest.