Best på oppmøte for mammografiscreening, og kanskje snart i kunstig intelligens
Helse Fonna toppar oppmøtestatistikken i mammografiprogrammet. Å ta del i det kan avdekke tilløp til kreft tidleg. No skal kunstig intelligens hjelpe oss eit steg vidare, også ved mammografiscreening.
Vi går rett på tala. Dei talar for seg. 89 prosent av dei som tidlegare har vore til mammografi møter til ny screening i Helse Fonna, mot 76 prosent i resten av landet. Målet nasjonalt er 80 prosent.
Den gode statistikken er henta frå ein minirapport laga av Kreftregisteret. Knallresultata deler vi med Sogn og fjordane og Nordland.
Mammografi
Mammografi er ei røntgenundersøking som kan avsløre forandringar i brysta som er for små til at du kan kjenne dei. Slik vil vi oppdaga brystkreft eller tilløp til brystkreft.
I Noreg får alle kvinner mellom 50 og 69 år invitasjon til mammografiscreening kvart anna år. Invitasjonen sendast som et personleg brev i posten, enten fysisk eller digitalt.
Kjelde: Mammografiprogrammet
Eit juleønskje til deg som har eller ikkje har vore på mammografi, frå alle oss til alle de
Er det første gong du skal til mammografi har avdelingsradiograf Hanne Merete Øvrebø og fagradiograf Caroline Hantho ved Radiologisk avdeling i Haugesund eit juleønskje til deg.
– Vi vil gjerne ha endå større oppmøteprosent for førstegangsinviterte.
Men også du som har vore på mammografi før.
– Møt opp kvar gong, oppfordrar Solveig Hofvind.
Ho leiar mammografiprogrammet i Kreftregisteret.
– Eg seier at det er litt som ugras. Klipper vi plenen regelmessig, slepp vi at det veks opp. Møter du til mammografitimane dine har du kontroll der også.
Hofvind leiar også ei nasjonal forskingsstudie om bruk av kunstig intelligens for å tolke screeningbilde. Meir om det om eitt avsnitt.
Ps. Om du er litt distré har radiologisk avdeling litt hjelp å gi. Frå i år sender dei ut SMS-påminning. Så følg med på telefonen og gi tilbakemelding om det ikkje passar er oppfordringa til radiografane.
Suksess med brystdiagnostisk senter
Mammografiscreening ved Haugesund og mammografibussen i Sunnhordland og Hardanger har vore i mange år. Men for snart fem år sidan skjedde ei endring til det gode for alle i vår region.
Då starta Brystdiagnostisk senter opp ved Haugesund sjukehus. Med det slepp kvinner i Nord-Rogaland å dra til Stavanger universitetssjukehus for etterundersøking, og kvinner i Sunnhordland treng ikkje lenger reise til Haukeland universitetssjukehus i same ærend.
– Fleire i fagmiljøet var skeptiske då vi skulle starte med tyding og etterundersøking på eit lite senter i Haugesund. Vi var spente sjølv. Men knappe fem år seinare syner statistikken at vi klarer å følge målsettingane, konkluderer Øvrebø, og forklarar kvifor.
– Vi er effektive og klarer samtidig å ha god kvalitet på undersøkinga. Og så opplever vi at kvinnene er nøgde.
At dei er eit lite miljø er ikkje negativt, meiner ho.
– Her er vi få tilsette og eit svært godt team der alle står på. Noko som gjer det smidig og saumlaust for dei som kjem til screening. Vi er eit lite brystdiagnostisk senter, men vi er gode på det vi gjer.
Klinikkdirektør for medisinske tenester og beredskap, Ingvill Hystad Kyvik, meiner tilbodet og resultata som Brystdiagnostisk senter kan vise til er svært godt nytt for kvinner i heile regionen.
– Eg er svært imponert og glad for det gode resultatet for oppmøte, og at nasjonale kvalitetsparameter viser at føretaket leverer på høgt nivå til beste for alle kvinnene i regionen som deltek i mammografiprogrammet, seier klinikkdirektøren.
Testar bruk av kunstig intelligens (KI) for mammografi
Kvart år undersøkjer radiologar tusenvis av mammografiscreeningbilde.
– Bruk av kunstig intelligens ville gjort jobben både raskare, og kanskje også sikrare, sa overlege Arne M. Skjold tidlegare i år.
Du kan lese om det her: God erfaring med kunstig intelligens - Helse Fonna HF
– Men i og med at det er Kreftregisteret som har ansvaret, så er det dei som bestemmer. Enn så lenge, og sikkert i eit par år til, må vi framleis kike på bileta på den gode, gamle måten, sa han då.
Så lang tid tok det ikkje. Onsdag var nemnte Solveig Hofvind på besøk i Haugesund som prosjektleiar for studien som no skal sjå kva KI kan gjere for mammografiprogrammet.
Pasientane er vinnarane
Kan KI oppdage kreft like bra eller betre? Er det trygt å bruke KI, og kan vi då redusere talet på screeningundersøkingar radiologane må sjekke?
Det ønskjer Kreftregisteret å finne ut.
– Verktøyet hjelper radiologane på mange måtar. Både til å oppdage ørsmå fortettingar før vi kan sjå dei, og som hjelp i travle tider, seier studieleiar Hofvind.
Nettopp difor vil pasientane vere vinnarane.
– Då kan vi oppdage svulstane tidlegare, og dermed gi meir skånsam behandling og forhåpentlegvis mindre seinskadar i ettertid.
Om sjekk av screeningbilde går raskare, kan også fleire få nytte av mammografiprogrammet.
– Vi foreslår å utvide spennet i alder for screening om vi får hjelp av KI. Då kan det oppdagast tidlegare, også hos dei som ikkje inngår i programmet i dag.
Sei ja og gi ditt bidrag i ei global undersøking
I invitasjonen til mammografiscreening får du no moglegheit til å vere med.
– Først av alt, dette er ein trygg studie, påpeiker Hofvind.
Heile 140 000 kvinner vil bli invitert.
– Eg håpar så mange som mogleg takkar ja. Då får vi endå betre svar. Ikkje berre for oss her i Noreg, men også som vårt bidrag i ei global undersøking som skal gi oss gode og sikre retningslinjer for bruk av kunstig intelligens i mammografiscreening.
Kunstig intelligens er ikkje heilt nytt på radiologisk avdeling
Berre så det er sagt, ved Haugesund sjukehus har dei allereie fleire år med KI-erfaring.
– KI tok vi i bruk i 2019. Vi var først i Norge, kanskje i Skandinavia, til å bruke dette som hjelpefunksjon ved utreding av brystkreft, forklarar avdelingsleiar Harald Nes.
Nytt no blir å nytte KI-systemet dei har til å gå gjennom mange screeningbilde.
– Til i dag har vi brukt det til å analysere ei undersøking nærare, som når ein arkeolog gjer ei utgraving. Å bruke verktøyet det til screening er som å gå over bakken med metalldetektor og leite etter det vi vil undersøke nærare.