Styremøte
Pilene peikar rett veg
Helse Fonna har høg kvalitet på tenestene og er godt i gang med ventetidsløftet. I tillegg er sjukefråværet det lågaste på fleire år.
Det viser verksemdrapporten frå august, som vart presentert i styremøtet fredag.
– Helse Fonna er godt i gang med ventetidsløftet, der det blir sett i verk ei rekkje ulike tiltak for å redusere ventetider, og samanlikna med føregåande år er det høvesvis 20 og 25 prosent reduksjon i fristbrot for behandla og ventande, oppsummerer administrerande direktør Anders Hovland.
Trass i dette er det ein auke i ventetida i august, sjølv om nivået er lågare enn i fjor. Årsaka er at det har vore lågare bemanning i ferien, med nødvendig dekking av vaktarbeid, prioritering av øyeblikkeleg hjelp, døgndrift og andre hastehenvisingar. Det blir gjort eit stort arbeid i klinikkane med å sikre at pasientane ventar så kort som mogleg, samstundes som det er stor aktivitet med pasientar som treng øyeblikkeleg hjelp.
God, men dyr drift i sommar
Betring er det også når ein ser på den økonomiske utviklinga, og sjukefråværet. Månadsresultatet har vorte betre og betre for kvar månad, fram til mai, men i sommar var det eit høgare avvik mot budsjett, på grunn av ekstra ressursbruk. Men tala for august, som er 2,2 millionar under budsjett, gjer at Hovland ser lyst på resten av året.
– Eg vil rose medarbeidarane for den gode jobben dei gjer. Ferien kosta oss dyrt, men dei ekstra midlane vert nytta til å sikre opplæring av sommarvikarar og tilpassing av vaktplanar for god og stabil drift gjennom sommaren for pasientar og tilsette. Den underliggande drifta blir leia godt ute i avdelingane, seier Hovland.
Resultatet for august er det lågaste avviket så langt i år. Det samla negativet avviket etter årets åtte første månader er på 52 millionar kroner, og prognosen for 2024 er revidert frå 0 kr til -10 millionar kroner.
Elles er det svært gledeleg at sjukefråværet i august er det lågaste på mange år (6,1 prosent), og innanfor målet for Inkluderande arbeidsliv. Helse Fonna er det føretaket i Helse Vest med lågast sjukefråvær.
Mange utskrivingsklare pasientar
Men det er også ein del utfordringar. Sjølv om det har vore ein markert auke i digitale pasientkontaktar dei siste to åra, så har Helse Fonna framleis eit lågt tal digitale pasientkontaktar samanlikna med dei andre føretaka i Helse Vest.
– Dette er eit fokusområde som må løftast, då det både kan bidra til betre tilgjenge av tenestene i regionen og redusere sårbarheit i høve til bemanning, slår Hovland fast. Han er også bekymra for det høge talet på utskrivingsklare pasientar.
– Drifta vert diverre utfordra av eit relativt høgt tal utskrivingsklare pasientar. Fleire kommunar har bidrege vesentleg til å sikre kapasiteten i sjukehusa med å ta imot dei pasientane som treng eit tilbod i helse- og omsorgstenester frå kommunen. Samstundes er det samla nivået relativt høgt, i august vart 72 pasientar melde utskrivingsklare og dei venta totalt 210 døgn, fortel Hovland.
Fleire styremedlemmer uttrykte at dei er bekymra for det høge talet utskrivingsklare pasientar, og håpar at kommunane tek eit langt større ansvar for å ta imot sine innbyggjarar som er ferdig behandla.
Styreleiar Petter Steen jr. ser fram til endå tettare dialog mellom kommunane og føretaket, for å redusere talet på liggjedøgn for utskrivingsklare.
– Det er ei dårleg løysing at personar som er ferdig behandla blir liggjande på sjukehuset i staden for å kome heim til eigen bustad eller kommunal institusjon, seier Steen jr.
Mil etter mil….
Månadsrapporten for august fortel også at ambulansetenesta i Helse Fonna hadde 1 960 oppdrag. Hittil i år har det vore 15 527 oppdrag. Det er såleis mellom 60 og 70 oppdrag for ambulansane pr. dag. Ved kvart oppdrag blir det køyrt mellom 40 og 50 km i snitt, og det er så langt i år køyrt totalt 711 873 km. Snitt-tida for kvart oppdrag ligg rundt 2 timar. Talet på oppdrag er nokolunde uendra frå fjoråret, med noko høgare aktivitet i juli og august.
Det er Haugesund ambulansestasjon som har klart flest oppdrag, etterfølgt av ambulansestasjonane på Karmøy og Stord.
Høg kvalitet på tenestene
Årsrapportane frå dei aktuelle kvalitetsregistera viser at Helse Fonna gjennomgåande har høg kvalitet på tenestene føretaket leverer.
– Dette heng saman med at vi har høgt kompetente fagmiljø, som arbeider kontinuerleg for å gi pasientane best mogleg behandling. Samtidig ser vi område med potensiale for forbetring, og også ulikheitar mellom sjukehusa våre. Det blir i tett samarbeid med fagmiljøa sett fokus på desse områda, og det blir arbeida for å ytterlegare auke kvaliteten og utjamne forskjellane i føretaket, opplyser Anders Hovland.
Vestlandslegen
Det medisinske fakultet ved UiB starta tidleg planlegginga av sitt bidrag til ein nasjonal auke i talet på studieplassar, med ein grunnidé om å utvikle og utvide samarbeidet om medisinutdanninga som allereie eksisterer på Vestlandet. Planane for Vestlandslegen inneber ein regional studiemodell der dei tre første åra skal gjennomførast i Bergen, deretter tre år i Stavanger, Haugesund eller Førde, slik at ressursar og kompetanse på heile Vestlandet kan byggast ut og takast i bruk i medisinutdanninga.
– Det er planlagt for eit kull på 25 legestudentar hos oss i Helse Fonna, noko som samla for tre studieår gir 75 studentar ved føretaket. Det er ikkje kome endeleg nasjonal avklaring om tildeling av dei ekstra studieplassane, men planlagt studiestart er 2026, med oppstart i Fonna frå hausten 2029. Oppstart av Vestlandslegen har stor strategisk betydning for føretaket med tanke på målsetjinga om å sikre ei berekraftig rekruttering av legar for framtida. For å sikre oppstarten av prosjektet må vi ha auka akademisk og pedagogisk kompetanse og tilretteleggje areal. Eg vurderer det slik at Helse Fonna har god framdrift i arbeidet med oppstart av Vestlandslegen i 2026, seier Anders Hovland.
Stabil forskingsaktivitet
Forsking er eitt av hovudområda som helseføretaka skal prioritere, og dette er også viktig for å kunne realisere Vestlandslegen.
Forskingsaktiviteten har dei siste åra vore rimeleg stabil. Innsatsen må halde fram for å styrke forskinga generelt og for å etablere forskingsaktivitet i fleire fagmiljø. Robust forskingsaktivitet kan bidra til å styrke kvaliteten og at føretaket framleis er ein attraktiv arbeidsgjevar for helsepersonell.
– Det er eit stort fokus på å auke talet på kliniske behandlingsstudiar. Helse Fonna nådde ikkje målet om å auke frå 2022 til 2023, men når målet i styringsdokumentet om å auke 15 prosent i talet på kliniske behandlingsstudiar frå 2023 til 2024. Eit viktig mål for Helse Fonna er å ha forsking av god kvalitet i alle kliniske einingar, difor vil ein framover ha eit større fokus på å mobilisere og rettleie medarbeidarar med forskingsinteresse/prosjektidear, heiter det i orienteringa som vart gitt til styret.
Samarbeid om ny brannstasjon
Det første styremøtet sidan før sommarferien fann stad i Odda, i møterommet på den gamle sjukeheimen. Det er for tida ein god dialog med Ullensvang kommune om å rive sjukeheimen og byggje ny hovudbrannstasjon, der ein tek omsyn til både kommunen og Helse Fonna sine behov ved planlegging.
I sist veke gjekk formannskapet i Ullensvang inn for å setje i gang ein forstudie av prosjektet.
Anders Hovland orienterte styret om arbeidet, og fortalde at Helse Fonna går inn i arbeidet med vidare utgreiing i samarbeid med kommunen.