Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Prestetenesta

50 år med åndeleg omsorg og eit rosa brev

Dei som har hatt kontakt med sjukehusprestane hugsar det. Og sjukehusprestane er der for absolutt alle. No har dei bursdag og du er invitert.

Eirik Dankel
Publisert 30.10.2025
Middels bilde av kvinner som smiler
Valborg Marie Sinnes og Anne Birgitte Bødtker Ruus er sjukehusprestar. (Foto: EIrik Dankel)

4.-5. november kjem biskopen til Haugesund sjukehus. Det kallast bispevisitas. Besøket betyr mykje for sjukehusprestane, og sjukehusprestane betyr kanskje endå meir for mange dei har snakka med.

Bispevisitas. Kva er det?

Det som skjer er at biskopen i Rogaland kjem til Haugesund sjukehus – først og fremst for å sjå til prestane sine. Besøket er 4.-5. november.

Sjukehusprest Anne Birgitte Bødtker Ruus kallar det ein slags medarbeidarsamtale.

– Dette gler vi oss til. Det er mange år sidan sist. Vi har ikkje hatt besøk før, vi som er her no. Det er viktig for oss sjukehusprestar at biskopen ikkje gløymer at vi finst. At vi er ein del av tenesta og blir sett og høyrt av biskopen. Biskopen har eit åndeleg ansvar for oss. Ho skal ha samtaler med oss prestane. Vi gler oss også til å syne ho sjukehuset. Sjå kva vi er for institusjon og korleis vi kan samarbeide med kyrka som institusjon.

Sveinar Medhaug har førebudd seg.

– Eg øver på fadervår eg no, seier han og ler.

– Først og fremst kjem biskopen med nysgjerrigheit og omsorg. Ho vil vite meir om oss og det vi gjer. Det er kollegial omsorg.

 

Men først til 1975. Året det nederlandske MGP-bidraget Ding-a-dong toppa listene i Noreg. Den internasjonale finalen i nemnte MGP blei halde i Stockholm 22. mai, ein dag midt mellom to viktige postforsendingar. Den gong brev var reiskapen til influensarane.  

Det rosa brevet

Prestetenesta ved Haugesund sjukehus starta nemleg med lobbyverksemd. For å få fortgang i sakene sende hjelpeprest Harald Sirnes 2. mai 1975 eit brev til den unge, lovande Kjell Magne Bondevik. Brevarket har fargen rosa. (Det finst ennå, sjå under.)

26 dagar seinare kom svaret frå Oslo. Saken om sjukehusprestestilling i Haugesund låg i det Bondevik omtala som «bunka» til byråsjef Questad i Kyrkje- og utdanningsdepartementet.

Bondevik bad departementet «skjære gjennom». Med Stortingsrepresentanten sine leiteeigenskapar blei saken funne fram og lovt å bli behandla med velvilje før ferien av byråsjefen.

Resten er 50 år med førsteklasses åndeleg omsorg. Først ved Fylkessjukehuset, så i Helse Fonna.

Samtalepartnar først

– Å få snakka samen gjer så godt, seier sjukehusprest Anne Birgitte Bødtker Ruus.

– Vi er ein del av heile omsorga for menneske. Det er så viktig for pasientar, pårørande og tilsette at eg meiner vi sjukehusprestane trengs meir enn nokon gong.

Valborg Marie Sinnes har 15 år som sjukehusprest i Helse Fonna.

– Rolla har forandra seg, seier ho.

– No er det mindre akutt. Lite ulykker og dramatiske ting enn før.

Nyaste tilskot er Sveinar Medhaug.

– Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at størstedelen av befolkninga høyrer til eit trus- og livssynssamfunn. Alle har gjerne ikkje like stort forhold til det Og likevel, når vi kjem i ei livskrise er det som om noko vaknar i mange. Å kunne møte dei då er viktig.

Prestane utgjer ein del av den tverrfaglege tenesta vi har på sjukehusa våre.

– Eg håper og trur at mange ser oss som relevant. Tro og livssyn er kjelde til meistring. Meining er viktig for oss, det kan hjelpe mot einsemd eller anna. Vi er ein del av behandlinga av heile mennesket og ein betydeleg ressurs, tenkjer eg.

Er der når livet står på hovudet

Ingen er gløymt. Prestane skal ta vare på pasientar, pårørande og alt av personell. Om nokon treng det.

– Alle nemnte kan vere i tøffe situasjonar. Då er det greitt å ha nokon å prate med. Hovudoppgåva vår er jo å vere samtalepartnar. Som prestar kan vi også be ei bøn for folk, lyse velsigninga og dele eit Gudsord eller ein salmesong til mot og trøst.

Det er mye samtaler det handlar om. Altså den åndelege omsorga, forklarar Medhaug.

– Vi ser heile mennesket. Vi har alle tankar og følelsar. Dette kjem til uttrykk på sjukehusa. Å sjå desse åndelege behova gir styrke og meistring.

Medhaug seier prestetenesta skal vere lette å nå, men også lette å unngå.

– Har du behov for samtale skal vi vere der, men du skal også få sleppe om du ikkje vil.

Kollega Ruus trekk også fram alle som jobbar på sjukehusa.

– I periodar har vi samtalegrupper med personale og vi kan delta i undervisning for dei.

– Vi er avhengig av eit god samspel. Eg synest vi blir teke godt i mot, fortsett Medhaug.

– Personellet rundt om er tettare på pasienten og fangar opp behov. Vi kan avlaste dei. Dei er våre viktigaste samarbeidspartnarar.

En mann iført hvit skjorte
Sveinar Medhaug er sjukehusprest i Helse Fonna. (Foto: Eirik Dankel)

Handlar ikkje berre om død

Folk møter prestane forskjellig. I tilfeldige møter kan dei for eksempel få spørsmål om døden. «Veit du noko som vi ikkje veit?».

– Prest betyr ikkje død. Vi snakkar med folk midt i livet og om det dei opplev midt i livet. Ikkje berre om slutten. Vi møter dei der dei er og er ikkje redde uansett kva vi skal snakke om.

Uansett kva du trur på.

– Du må ikkje tru for å snakke med oss. Vi er der for deg. Uansett kven du er. Det er også vår oppgåve å hjelpe å skape kontakt med andre trussamfunn om nokon ønskjer det.

Ruus peiker på at dette er ein del av totale omsorga.

– Vi legger til rette i sjukehusa. Mange eksistensielle spørsmål kjem vår veg. Og så er vi der for ritual som nattverd, nøddåp ved kritiske fødslar, og eg veit om tidlegare kollega som har via pasient.

Livskriser opnar rom i oss

Dei som har hatt kontakt med sjukehusprestane hugsar det.

– Vi opplever ofte tilbakemeldingar om at samtalane er viktige. Ein pårørande fortalde meg at eit familiemedlem sa at det var så godt å snakke med oss og blei så roleg då, seier Ruus.

Slikt får dei høyre regelmessig, fortsett ho.

– Alle må lov å dele om livet utan filter. Ofte vil vi skåne familiemedlemmer og mange forsiktige. Då er vi der og vi toler det. Eg ser på det som naturlege reaksjonar og trygger at det dei opplever er normalt.

Medhaug poengterer at  kriser i livet er noko vi alle har med oss.

– Dei om ga tryggleik og nærvær i krisa hugsar vi. Eg opplever gjerne at folk fortel meg ting dei ikkje sagt noko om på fleire tiår, kanskje aldri. Då tenkjer eg vi har skapa plass for å snakke om spørsmål og tankar dei ikkje har vore i kontakt med. Livskriser opnar rom vi ikkje visste vi hadde eller ikkje turte gå inn i.