Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Årets sjukepleiarleiar i Rogaland. – Eg er heilt i sjokk

Astrid Josefsen Bendiksen gjekk til topps i kåringa til Noregs sjukepleiarforbund (NSF) Rogaland.

Eirik Dankel
Publisert 22.05.2025
En kvinne som holder en blomsterbukett
Astrid Josefsen Bendiksen er årets sjukepleiarleiar i Rogaland. (Foto: Eirik Dankel)

Linette Eline Grønningen Pedersen og Halldis Marie Østevik Grunnaleite ved ortopedisk post nominerte. Det gjorde dei rett i.

Bendiksen sjølv blei lurt bort i eit «møte». Østevik Grunnaleite tok ut «fritimar» for ikkje å måtte bli med. Men det var berre tull. Saman med Grønning Pedersen gjorde dei møterommet om til selskapslokale.

– Ikkje vore lett å halde dette skjult, stadfesta duoen.

En gruppe kvinner i hvite frakker
Bendiksen var rørt over å få prisen. (Foto: Eirik Dankel)

Rett og slett rørande

Astrid Josefsen Bendiksen sjølv påstod at ho ikkje hadde ord. Nokre kom likevel.

– Eg er heilt i sjokk. Dette er rørande. Eg er audmjuk.

Rett etter sekstiårsdagen hennar kom altså neste store feiring.

– Eg satt og trippa på møtet i stad. Dei berre drog det ut, haha. No er eg skjelven i beina. Eg heier på dykk. Tusen takk!

En gruppe personer i et rom
Jo, ho blei overraska. Sjokkert, sa ho sjølv. (Foto: Eirik Dankel)

– Håper det kjem mange som deg

– Stabiliteten og tryggleiken din, det er verdsett stort frå dei som nominerte deg, sa leiar for NSF i Rogaland, Aud Hølland Riise.

– Som sjukepleiarleiar har du teke eit betydeleg samfunnsansvar. Du vil vi skal nå måla våre og ha god praksis. Leiarrolla har du fylt på ein særdeles god måte. Eg håpar det kjem mange som deg. Alle her er heldige som har ein så fin leiar.

En gruppe kvinner som holder blomster
Prisvinnaren saman med dei som nominerte, Halldis Marie Østevik Grunnaleite og  Linette Eline Grønningen Pedersen. (Foto: Eirik Dankel)

Tørre fakta frå HR

Asta Helene Enerstvedt har hatt prisvinnar Astrid som sjef i over ti år.

– Kunne skreve ei bok om den dama! Ho er raus, omsorgsfull, enormt strukturert og har ein oversikt som er heilt vanvitig. Ein skikkeleg arbeidskapasitet, summerer ho.

Og legg til:

– Men elendig på å skrive SMS.

Enerstvedt jobbar no i HR og kan supplere med følgjande fakta. 

  • Astrid Josefsen Bendiksen har vore tilsett ved sjukehuset sidan ho var nyutdanna sjukepleiar i 1989.
  • Arbeidsstad har vore den same, men avdelinga har hatt litt ulike namn gjennom åra.
  • Har vore i diverse leiarstillingar sidan 1997. Starta då i eit vikariat med tittelen assisterande avdelingssjukepleiar.
En gruppe kvinner i hvite laboratoriefrakker som holder blomster
Kåringa blei feira med kollegaer. (Foto: Eirik Dankel)