Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Auke i parkeringsplassar knytt til Haugesund sjukehus

Både pasientar, besøkande og tilsette vil frå 2026 og vidare framover få fleire parkeringsplassar å velje blant.

Eirik Dankel
Publisert 14.01.2026
Dronebilde av sykehusbygg under oppføring.
Eit nytt bygg er snart klart ved Haugesund sjukehus. I samband med det kjem også fleire parkeinrgsplassar, særleg for sårbare pasientar.

– Parkeringsutfordringane ved Haugesund sjukehus er velkjente og har hatt høg prioritet hos oss i leiinga, seier administrerande direktør Anders Hovland.

– Difor er det utruleg gledeleg å kunne informere om at kapasiteten no blir vesentleg auka.

Dei tilsette vil få tilgang til fleire parkeringsplassar på starten av året. For pasientar og pårørande blir parkeringsmoglegheit auka frå og med august 2026 med videre auke etter innflyttinga i nytt bygg.

Særleg auke for sårbare pasientar

Auka skjer fleire stader. Plassar som i dag er til tenestebilar vil bli frigjort, det same med reserverte plassar i parkeringshuset.

– I tillegg vil særskilt sårbare pasientgrupper eller pasientar som må regelmessig til sjukehuset, få dedikerte parkeringsplassar. Desse plassane vil ligge tett på sjukehuset med eigne inngangar. For eksempel vil pasientar som går i behandling på den nye kreftavdelinga få parkeringsplassar rett utanfor døra, seier direktør for bygg, drift og eigedom, Laila Nemeth.

Parkeringsplassane vil du finne i og rundt parkeringshuset, mot Karmsundsgata i aust og på sørsida av sjukehusbygga.