Ikkje vent med den viktige celleprøva
– Folk ventar for lenge med å ta celleprøve fra livmorhals, men det er for viktig å vente på, seier overlege Silje Karlsen. Saman med gode kollegaer er ho med på ein livsviktig dugnad.

Lenge sidan sist? Eller gruer du deg litt?
– Mange trur ein celleprøve er ei større greie enn det det er, men det er ein enkel måte å halde seg frisk og forebygge alvorleg sjukdom og kreft.
Trur livmorhalskreft kan utryddast
Karlsen og kollegaene brenn for at du som kvinne skal sjekke deg for celleforandringar i livmorhalsen.
270 fekk livmorhalskreft i 2024, og sjukdommen er med det den tredje vanlegaste kreftforma for kvinner i aldersgruppa 25-69 år.
– Tilbodet med celleprøve reddar liv, seier gynekologen med det store engasjementet.
– Vi som er legar kan hjelpe til og gjere det vi kan for å skape god helse.
Ho har satt seg eit stort mål.
– Eg vil vi skal utrydde denne kreftforma i Noreg, og eg trur det er mogleg.
Men då må altså kvinner komme og ta celleprøve, oppfordrar ho.
Dugnad med stor interesse
Kreftforeninga har kampanjen #sjekkdeg.
Livmorhalsprøve – HPV-test og celleprøve fra livmorhalsen | Kreftforeningen
Denne har inspirert Karlsen og kollegaene ved gynekologisk avdelingt til ein ekstra innsats 3. mars. Dei har satt av fire timar til gratis celleprøve på sjukehuset etter arbeidstid. Interessa var stor og alle timane er no booka.
– Velkommen. Vi gler oss til å sjå dykk.