Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Brukarane er godt nøgde med utviklinga

Både Brukarutvalet og Ungdomsrådet i Helse Fonna er svært nøgde med samarbeidet og måten dei blir involverte på i sitt lokale helseføretak.

Anne Grethe Nilsen
Publisert 25.06.2025
En kvinne som snakker inn i en mikrofon
Gi oss ein god overgang frå barne- til vaksenavdeling er hovudbodskapen frå Ungdomsrådet i møtet med styret 25. juni. Dette er også namnet på den nye informasjonskampanjen deira, som blei presentert av Emma Sofie Lae-Pedersen (på biletet) og Lotte Våge. Foto: Anne Grethe Nilsen.

Styret gjorde òg vedtak med tydelege forventningar til oppstart av Vestlandslegen i Helse Fonna.

Årsmelding og presentasjon av brukarrepresentantane er alltid fast på agendaen på siste styremøtet i Helse Fonna før ferien.

Geir Charles Grindheim tok over som ny leiar i Brukarutvalet i vinter, etter Grete Müller, som gav frå seg stafettpinnen etter seks år.

Medlemmene i Brukarutvalet består av representantar frå ulike organisasjonar, og Grindheim representerer Norsk Revmatikerforbund Rogaland/FFO. Utvalet består av ni faste medlemmer og tre varamedlemmer.

Hovudfokus i 2024 har vore styrking av psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling, helsefellesskap, kvalitet og pasientryggleik, brukarmedverknad og byggjetrinn 2 ved Haugesund sjukehus og andre utbyggingsprosjekt i føretaket. Blant tiltaka der Brukarutvalet har engasjert seg er å få til ny sikkerheitspost ved Valen sjukehus.

Representantar frå brukarutvalet deltek i ei rekkje arbeidsgrupper og utval, og er godt nøgde med måten dei blir inkluderte og involverte på. Leiaren av Brukarutvalet møter fast som observatør på styremøta, og har dei siste året fått høve til å leggje fram saker som brukarane er opptekne av.

– Styret vert difor trekt inn i sakene på ein meir direkte måte enn tidlegare, og dette gjer styremedlemmer og administrasjonen høve til å komme med innspel eller spørsmål, som vert teke med til neste møte i Brukarutvalet som orienteringssak. Ordninga har blitt stadig betre, ettersom vi har fått meir erfaring i korleis vi kan presentere sakene vi er opptekne av i styret, heiter det i årsmeldinga frå Brukarutvalet.

– Det er viktig for oss å bli inkluderte i prosessane. Samhandling er eit gjennomgåande tema som gjeld dei fleste sakene Brukarutvalet er opptekne av. Difor er det viktig at vi jobbar med dette – både på kort og lang sikt, seier leiar i Brukarutvalet, Geir Charles Grindheim.

Aktivt ungdomsråd

Ungdomsrådet i Helse Fonna består av ti ungdommar i alderen 16-25 år, som har erfaring frå somatikk, psykiatri og habiliteringstenesta, anten som pasient og/eller pårørande. Leiar er Elisabeth Kvinnsland.

En person som snakker til en gruppe mennesker
Lotte Våge håpar Ungdomsrådet halde fram med å bli inkludert like godt og helst endå betre og meir systematisk i prosessane til føretaket. Foto: Anne Grethe Nilsen.

Dei har lagt bak seg nok eit aktivt år, med hovudfokus på overgangen frå barne- og ungdomsavdelingar til vaksenavdelingar. Dei har tett kontakt med ulike avdelingar i Helse Fonna, og oppsummerer året på følgjande måte:

–  Ungdomsrådet takkar for eit innhaldsrikt og lærerikt 2024 – året har gitt oss mange moglegheiter, og vi har blitt inkluderte og inviterte på forskjellige arrangement, og i arbeidsgrupper/prosjekt. Vi har også fått mange henvendingar som vi har kunne gjennomført på møta våre, det har vore kjekt. I 2024 har ungdomsrådet fått nye medlemmer, og andre har blitt «pensjonerte» på grunn av alder. Vi er glade for at nye kjem til, og vil takke dei som har gått av for innsatsen dei har gjort og alt dei har bidrege med. Vi er heldige at som har medlemmer over tid, deira erfaring og historie er unik og nyttig. Til slutt vil vi seie at ungdomsrådet er klar for nye utfordringar og ønskjer å være eit talerøyr for barn og ungdom – for å bidra til et betre tilbod for dei, anten dei er sjuke sjølv eller pårørande, heiter det i oppsummeringa frå årsmeldinga.

Det er ikkje berre brukarrepresentantane som er nøgde med samarbeidet. Det er også leiinga og styret.

– Det er svært viktig for både styret og administrasjonen i eit helseføretak å ha aktive og engasjerte brukarorganisasjonar. Det har vi i Helse Fonna, seier styreleiar Petter Steen jr.

Han meiner at både Brukarutvalet og Ungdomsrådet kjem med svært nyttige innspel sett frå perspektivet til pasientar og pårørande.

– Det er med på å gjera tenestene betre og meir brukarvenlege. Det er alltid like kjekt å oppleve det sterke engasjementet i både Brukarutvalet og Ungdomsrådet. I ein travel kvardag er det lett å gløyme perspektivet til brukarar og ungdommar, så vi er takknemlege for å få jamlege påminningar frå utvala, seier styreleiaren.  

Under møtet fekk styret presentert ei hjartesak og ein ny informasjonskampanje som Ungdomsrådet har sett i gang i samarbeid med Habiliteringsavdelinga: overgangen frå barne- til vaksenavdeling.

– For mange ungdommar kan overgangen frå barne- til vaksenavdeling vere både sårbar og livsendrande. For at overgangen skal bli så trygg og smidig som mogleg, må avdelingane som sender frå seg barn, og dei som tek imot ungdommane, samarbeide betre. Dette ønskjer vi å bidra til – slik at ungdommar kjenner seg tryggare i møte med sjukehuset, seier medlem i Ungdomsrådet, Emma Sofie Lae-Pedersen.

Gode resultat innan kreftbehandling

Styret fekk innblikk i den nyaste rapporten frå dei nasjonale kvalitetsregistrene for kreft. Rapporten synleggjer forløpstider og resultat frå alle helseføretaka. Tala viser at Helse Fonna har gjennomgåande gode resultat i oppfølginga av kreftpasientar.

– Det er gledeleg å sjå at vi ligg over landsgjennomsnittet i oppfølginga av fleire typar kreftpasientar. Samtidig er det nokre område vi må jobbe meir med for å heve kvaliteten på tenesta, seier fagdirektør Andreas Andreassen.

En mann i dress som peker på en tavle
Fagdirektør Andreas Andreassen opplyser om at det blir utvikla ei meir automatisk løysing som vil gjere rapporteringa til Kreftregistrene enklare og meir effektiv. Foto: Anne Grethe Nilsen.

Aukande interesse for innovasjon

På styremøtet blei det lagt fram status for innovasjonsarbeid i føretaket. Føretaket har styrka arbeidet med innovasjon vesentleg det siste året, og har og fått god utteljing på søknader om innovasjonsmidlar.

Vidare tiltak for å auke innovasjonsaktiviteten kan vere interne innovasjonsmidlar. Helse Fonna ynskjer å prøve ut ei ordning med slik interne innovasjonsmidlar hausten 2025. Utlysing, vurdering og tildeling vil i så fall skje etter modell frå andre føretak i regionen.

Helse Fonna har som mål å ha forsking og innovasjon av god kvalitet i alle kliniske einingar, og ein innovasjonskultur som bidreg til at tenestene blir utvikla basert på behov. Det er aukande interesse for innovasjonsarbeid, med fleire innmelde idéar og fleire aktive innovasjonsprosjekt.

Gode løysingar blir delte og tatt i bruk i og utanfor føretaket. Gode døme er Virtuelt heimesjukehus og Barn og unges helseteneste. Sistnemnde blei heidra med Helse Vest sin innovasjonspris i fjor.

I desember 2024 fekk føretaket forprosjektmidlar frå Forskingsrådet for å arbeide fram to søknadar om Pilot Helse-midlar, og tidlegare i år fekk vi regionale innovasjonsmidlar til to store innovasjonsprosjekt.

– Vi opplever stor motivasjon og vilje til endring i organisasjonen når vi er i kontakt med dei ulike avdelingane. Helse Fonna har frå 2025 meir ressursar til rettleiing og støtte til innovasjonsprosjekt, men vi treng framleis å arbeide for å styrke samarbeid opp mot næringslivet. Samtidig må vi bli flinkare til å måle innovasjonstiltak, seier Ingrid Øritsland Våge, innovasjonsrådgivar i avdeling for forsking og innovasjon.

I 2024 og 2025 er det ti aktive innovasjonsprosjekt i Helse Fonna, der fire er avslutta.

Innovasjonsarbeidet kan også sjåast i samanheng med Vestlandslegen. Målet er å utvikle ein ny regional studiemodell for medisinstudiet, initiert og organisert ved Universitetet i Bergen (UiB). Studiemodellen blir gjennomført i samarbeid med helseføretaka i Helse Vest, deriblant Helse Fonna.  

– Vi ventar framleis på avklaringar omkring studieplassar, men vi er elles godt i rute. Vi har ein prosjektorganisasjon som er godt i gang med planlegginga, seier fagdirektør Andreas Andreassen.  

700 færre ventar på behandling

For halvanna veke sidan kom Folkehelseinstituttet med sin rapport om regjeringa sitt ventetidsløft, og statsråd Jan Christian Vestre jubla over tala frå Helse Fonna. Det har han all grunn til.

Gjennomsnittleg ventetid i føretaket var i mai 60 dagar for behandla og 49 dagar for ventande pasientar, ein reduksjon på høvesvis 3 og 2 dagar sidan føregåande månad. Dette trass i at det har vore jamn auke i talet på nytilviste samanlikna med fjoråret som så langt utgjer om lag 4  prosent.

– Ved månadsslutt i mai var det 700 færre pasientar som venta på behandling enn same tid i fjor. 15 prosent av dei planlagde tilvisingane vert utsett av pasienten sjølv, noko som bidreg til ventetida. Det vert òg gjort eit svært godt arbeid i klinikkane med å redusere talet på fristbrot, kor talet på fristbrot for ventande er redusert med om lag 60 prosent frå juli i fjor, opplyste administrerande direktør Anders Hovland på styremøtet.

Enda i minus

Like stor jubel er det ikkje knytt til det økonomiske driftsresultatet for mai, som enda med eit negativt driftsresultat på 2,7 millionar kroner. Samstundes er finanskostnadane denne månaden 2,7 millionar kroner. Det totale budsjettavvik enda dermed på -6,6 millionar kroner, sett opp mot budsjettkravet.

– Som det kjem fram frå rapporten, er det fleire forhold som bidreg til dette. 1,8 millionar av avviket er knytt til H-resept som er berekna å vere i balanse ved årets slutt. Vidare går det fram at det er mykje positivt i utvikling med høve til drift og budsjettering. Samstundes er det klart at eit vidare underskot ikkje er berekraftig med tanke på dei investeringane som er planlagt, oppsummerer Hovland. Han har likevel tru på at året endar i høve til budsjett, det vil seie 10 millionar kroner i overskot.

En person som holder en presentasjon
Administrerande direktør Anders Hovland presenterte driftsresultatet og arbeidet som blir gjort for å sikre økonomisk berekraft og vidare investeringsevne. Foto: Anne Grethe Nilsen.

Det er heller ingen grunn til å juble over talet på utskrivingsklare pasientar, som har stabilisert seg på eit høgt nivå. Innan somatikk var det i mai 81 pasientar som var melde utskrivingsklare medan dei venta på helse- og omsorgstenester frå kommunen. Pasientane låg til saman 291 døgn, noko som tilsvarar gjennomsnittleg 9,3 pasientar pr. døgn. Diverre er det òg ein auke i talet på utskrivingsklare pasientar innan psykisk helsevern, sjølv om tala her er lågare.

Det er kommunane Haugesund og Kvinnherad som har flest pasientar som ligg att på sjukehuset i påvente av eit kommunalt tilbod, målt i talet på liggjedøgn.

Stabilt sjukefråvær

I mai hadde Helse Fonna eit samla sjukefråvær på 7,3  prosent, som er på same nivå som i april. Dette ligg over målet til Helse Vest, som er maksimalt 5,5  prosent samla sjukefråvær. Over tid viser utviklinga anten stabilitet eller ein svak nedgang i fråværet, men det er store variasjonar mellom klinikkar og einingar. Tala viser at det særleg er sjukemeldt fråvær som har gått ned. Korttidsfråværet har òg vist ein positiv trend med nedgang dei siste åra.

– Helse Fonna har gjennomført ei rekkje tiltak for å styrke nærvær, redusere sjukefråvær og skape helsefremjande arbeidsplassar. Det er etablert eit godt samarbeid mellom leiarar, HR-avdelinga, bedriftshelsetenesta, NAV og partane i arbeidslivet. Statistikkane viser noko betring i langtidsfråvær og stabilisering i delar av organisasjonen. Nokre einingar har oppnådd særleg gode resultat etter innsats med verktøy, partnarskap og tett leiing. Samtidig er kostnadane framleis høge, og fråværet varierer mellom einingar. Dette viser at arbeidet må halde fram og vidareutviklast, opplyser HR-direktør Siren Eldøy Hinderaker, som la fram ei evaluering av sjukefråværet i styremøtet.

For å nå måla i IA-avtalen og styrke organisasjonen, vil føretaket blant anna vidareføre og justere målretta tiltak i einingar med høgt fråvær, halde fram med tett individuell oppfølging og bruk av kartleggingsverktøy og styrke leiarrolla med fokus på kommunikasjon, tryggleik og motivasjon. 

En person som holder et papir og ser på en tavle
HR-direktør Siren Eldøy Hinderaker seier satsing på kompetanseheving og utvikling av system og støtteapparat, i tillegg til å prioritere arbeidet med arbeidsmiljø, trivsel og livsfasepolitikk, er ein viktig del av det vidare arbeidet. Foto: Anne Grethe Nilsen.

– Helsefremjande arbeidsplassar er avgjerande for både pasienttryggleik, kvalitet og berekraft. Med gode leiarar, målretta tiltak og godt samarbeid har Helse Fonna eit solid grunnlag for å lukkast i det vidare arbeidet med sjukefråvær, slår Hinderaker fast.