Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Styremøte i Helse Fonna HF

Eit godt tilbod heime for dei aller minste

Digitale og hybride helsetilbod er også ein god ting for dei for tidleg eller sjuke nyfødde. Det fekk styret i Helse Fonna vite meir om i april.

Anne Grethe Nilsen og Eirik Dankel
Publisert 24.04.2025
En kvinne som står foran en mann som sitter ved et skrivebord
– Ei viktig drivkraft for oss er å sikre at alle barn og familiar får det same tilbodet uansett kor dei bur i regionen, sa Synnøve Dalane om heimesjukehus for dei som er fødd for tidleg. (Foto: Eirik Dankel) 

Digitale helsetenester er eit satsingsområde og i Helse Fonna har vi eigne mål om å auke desse. Eitt av tilboda er innan nyføddintensiv.  

God oppfølging heime for dei aller minste 

Nyføddintensiv tilbyr heimeoppfølging (heimesjukehus) for tidleg fødde og sjuke nyfødde som kan reise heim tidleg. Dette er eit frivillig tilbod til foreldre om vidare oppfølging via heimebesøk, video- eller telefonkonsultasjon. Derav hybrid helsetilbod.  

Behandlingstilbodet er også kjent som NAST (Nyføddintensiv ambulerande sjukepleieteneste). 

Ordninga gjeld for tidleg fødde og sjuke nyfødde som er stabile nok til å vere heime. I 2024 nytta over 40 familiar i Helse Fonna seg av tilbodet. 

Tilbodet om meir målretta oppfølging heime bidrar til å frigjere både plass og ressursar på sjukehuset, og foreldre får ein meir normal kvardag der familien får vere samla.  

– Vi dekker eit stort område der vi samarbeider med 16 kommunar. Ei viktig drivkraft for oss er å sikre at alle barn og familiar får det same tilbodet uansett kor dei bur i regionen, sa intensivsjukepleiar Synnøve Dalane under styremøtet.  

Nyleg blei det introdusert ei ny digital skjemaløysing der foreldre kan sende inn ernæringsinformasjon til sjukehuset. Via helsenorge.no blir også denne viktige informasjonen lagt til i journalen, noko som hjelp NAST-tenesta å vurdere om det er behov for besøk, telefon eller digital oppfølging.  

Løysinga er utvikla i tett samarbeid med helsestasjonar.   

– Det er veldig kjekt å sjå eit så godt eksempel på reell digital samhandling mellom spesialisthelsetenesta, kommunar og foreldre. Her er det store læringsmoglegheiter for andre fagområde, både tenester som jobbar med barn og andre pasientgrupper, sa styreleiar Petter Steen jr. under styremøtet.  

En gruppe mennesker som sitter ved et bord
Om venteitd: – Tala viser ein trend som er verdt å merke seg, at føretaket er eit av dei beste i landet på ventetidsløftet. Det er godt å sjå, sa nestleiar i styret, Anne Sissel Faugstad. (Foto: Eirik Dankel)

Ventetida går ned og lågare tal for fristbrot 

Ventetida for pasientbehandling fortsett å gå ned og talet på fristbrot er no på sitt lågaste sidan pandemien.  

– Eit systematisk arbeid med å redusere ventetid til vurdering og behandling for pasientar har gitt gode resultat. Helse Fonna er framleis det helseføretaket med kortast ventetid for pasientbehandling, presenterte administrerande direktør Anders Hovland.  

Det er betydeleg nedgang i ventetid innan både somatikk og psykisk helsevern og rus i løpet av dei første månadane i 2025. Talet på ventande ved månadsslutt er betydeleg lågare enn på same tid i fjor. 

– Tala viser ein trend som er verdt å merke seg, at føretaket er eit av dei beste i landet på ventetidsløftet. Det er godt å sjå, sa nestleiar i styret, Anne Sissel Faugstad, under styremøtet.  

Gjennomsnittleg ventetid i føretaket var i mars 62 dagar for behandla pasientar og 50 dagar for ventande pasientar.  

Talet på fristbrot for ventande i føretaket var i mars 260. Det er ei reduksjon på over 60 prosent samanlikna med juli 2024. 

– Det blir gjort ein svært god jobb i heile verksemda med å redusere talet på fristbrot som no er på sitt lågaste nivå sidan 2022, både for ventande og behandla pasientar. Det er gledeleg å sjå, og viktig for pasientane seier Hovland.  

Fristbrot for behandla var i mars 220. Vi finn dei fleste fristbrota innan somatikk. 

– Talet på fristbrot skal reduserast vidare. Samtidig er det vesentleg at dei sjukaste pasientane med behov for oppfølging blir prioritert. Dette kan komme i konflikt med målet om å redusere ventetider og fristbrot, påpeiker Hovland og legg til: 

– Det er framleis ingen eller svært få fristbrot innan psykisk helsevern for barn og unge. 

En person som står foran en tavle
Administrerande direktør Anders Hovland gjekk gjennom den økonomiske utviklinga. (Foto: Eirik Dankel)

Jobbar med å nå økonomiske mål 

Til tross for god utvikling innan driftsbudsjett, har vi framleis ikkje nådd våre økonomiske mål.  

Helse Fonna hadde i mars eit negativt økonomisk avvik mot budsjett på 2,7 millionar kroner, og eit samla negativt avvik så langt dette året på 15,7 millionar kroner.  

Det er satt i gong tiltak som skal bidra til hensiktsmessig drift, god kvalitet i behandlinga og arbeidsplassar som tek vare på medarbeidarane. 

– Samstundes ser vi at kostnadsnivået framleis er høgare enn inntektene. Den underliggjande utviklinga føretaket er likevel positiv. Det skjer eit kontinuerleg arbeid for å sikre best mogleg nytting av dei tildelte ressursane og ei berekraftig drift, påpeika Anders Hovland. 

Lågare sjukefråvær 

Helse Fonna hadde i mars 2025 eit samla sjukefråvær på 8,7 prosent, som er 0,3 prosentpoeng lågare enn føregåande månad. Dette er høgare enn Helse Vest sitt mål om å ha maksimalt 5,5 prosent sjukefråvær.  

Tala for det samla sjukefråværet i avdelingane er stabile eller har gått ned over tid, men dei viser også at det er store variasjonar.  

– Vi ser størst nedgang innan legemeldt sjukefråvær og at korttidsfråværet har gått ned dei siste åra, sa Hovland under gjennomgangen. 

Kartlegg forbetringsområde 

Nyleg gjennomførte føretaket den årlege medarbeidarundersøkinga. Over 100 einingar hadde meir enn 85 prosent som svarte.  

– Vi er veldig nøgd med svarprosenten i år, noko som gir oss godt grunnlag for vidare forbetring. Vi ser ei positiv utvikling på fleire viktige områder, men også områder der vi kan bli betre, opplyste HR-direktør Siren Eldøy Hinderaker under styremøtet. 

Undersøkinga blir gjennomført ved sjukehus i heile landet for å kartlegge forhold ved arbeidsmiljø, pasienttryggleikskultur og HMS.  

Desse forholda kan ha samanheng med risiko for uønskte hendingar eller som kan verke negativt på tenesta si kvalitet, og medarbeidarane si helse og engasjement.   

Funn frå undersøkinga blir følgt opp av kvar eining. Ein overordna handlingsplan for helseføretaket kjem 1. september.