Endra mammografiscreening i Sunnhordland
Kvinner busette i Sunnhordland blir frå og med i år kalla inn til mammografiscreening ved Haugesund sjukehus. Det er fleire gode grunnar til det.

Frå sommaren 2025 vil alle kvinner i Sunnhordland bli kalla inn til screening ved Brystdiagnostisk senter (BDS) ved Haugesund sjukehus, i staden for mammografibussen.
Raskare svar
Tidlegare har bileta som blei tatt i bussen samla opp og overførte til gransking og diagnostisk vurdering torsdag kveld. Då fekk radiologane tilgang til alle bileta tidlegast fredag.
– No vil radiologane få tilgang til gransking av bileta dagleg, forklarar Kyvik.
– Det vil gje raskare svar og vidare innkalling til dei kvinnene som treng utvida undersøking av lege.
Men det er også fleire fordelar for deg som skal til mammografiscreening.
– Ved å gjennomføre screeninga ved sjukehuset kan kvinnene få tilbod gjennom heile året og så snart ein kjem i målgruppa.
Vidare er det planlagt å utvide screeningtilbodet til fleire aldersgrupper.
– Endringa ved å kalle alle inn til brystdiagnostisk senter vil gi rom for denne utvidinga.

Meir fleksibelt
I Mammografiprogrammet blir kvinner mellom 50 og 69 år invitert til å undersøke brysta kvart andre år. For Helse Fonna er det viktig å kunne ha eit tilbod som sikrar at flest mogleg kan stille.
– Brystdiagnostisk senter tilbyr timer både på dag- og ettermiddagstid etter kva som passar best for den enkelte, og time kan endrast ved behov, seier Kyvik.
Kreftregisteret sender invitasjon til screeninga, medan ønskjer om timeendring blir gjort av Helse Fonna.
Godt oppmøte er bra og viktig
Mammografiscreeninga er eit tilbod dei fleste nyttar seg av i vår region. Brystkreft er den vanlegaste kreften blant norske kvinner, og då er screeninga viktig.
– Oppmøteprosenten er i vår region høg, og særleg gledeleg er det at 89 prosent av dei som tidlegare har vore til mammografi møter til ny screening, seier klinikkdirektør Kyvik.
– For resten av landet er talet 76 prosent, så dette er gode tal, rosar Kyvik.
Les meir om mammografi: Mammografi – Kreftforeningen
Fakta mammografiscreening
- Tilbod om mammografiscreening er nasjonalt og blir organisert frå Kreftregisteret med invitasjon til kvinner i alderen 50-69 år om frivillig undersøking annakvart år.
- Helse Fonna oppretta eit eige Brystdiagnostisk senter (BDS) i 2020, med formål om å ivareta tilbodet i regionen innanfor den ordinære radiologiske organiseringa.
- Mammografiscreening blir utført av radiografar med spesialkompetanse. Radiologar granskar og gjer diagnostisk vurdering.