Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Haugaland DPS feirar 20 år

10. mars var det 20 år sidan Haugaland DPS flytta inn i Floravegen i Haugesund. Klart måtte ein slik merkedag feirast.

Pernille Svartveit Osmundsen
Publisert 12.03.2026
To kaker på eit bord
Kaker, talar og mimring fylte pauserommet under jubileumsfeiringa. Foto: Pernille S. Osmundsen

På opninga var det koldtbord og dans (dette var altså før pasientane hadde komme). På tysdag byta dei koldtbord ut med kaker, og det blei kanskje ikkje dans, men det blei god stemning og talar.

Håvard Wester Breistein, avdelingsleiar for Haugaland DPS, fortalte stolt om utviklinga i arbeidet og den gode jobben kollegaene hans gjer.

En mann som står utenfor
Håvard Wester Breistein, avdelingsleiar for Haugaland DPS. Foto: Pernille S. Osmundsen.

– Vi er i full utvikling! Vi har historikk av å vere langt framme i skoa, og er raskt ute med nye behandlingsmetodar.

Etter litt velfortent skryt, bad Håvard opp det han kalla «evangelistane» som skulle fortelje korleis det heile kom til.

– Kva skal vi med det store huset?

Martha-Christin Pedersen, konsulent og Marit Totland Rameckers har begge tidlegare jobba som funksjonsleiarar på Haugaland DPS. Dei var med på opninga tilbake i 2006 og fortalte at det frå før sto eit gammalt psykiatrisk senter her i Floravegen.

– Då det blei bestemt at det skulle byggast DPS (distriktspsykiatriske senter), måtte senteret byggast ut. Og det skjedde i ein fei, seier Martha-Christin.

Ho har jobba på Haugaland DPS sidan første dag og kan fortelje at malinga var knapt tørka den dagen dei flytta inn.

– Og dei la golvet dagen før.

To damer står ved sida av eit bord med kaker på
Marit Totland Rameckers (t.v.) og Martha-Christin Pedersen fekk seg litt kake etter mimringa. Foto: Pernille S. Osmundsen.

For å vere sikker på at alt var på stell fekk Marit blant anna i oppgåve å telle over alle knaggane i bygget.

– Ja, vi måtte det. Vi skulle ha kontroll på alt, seier Marit.

Kontroll hadde dei, og det store nybygget sto klart med god plass. Kanskje litt for god plass?

– Vi opna med tre sengepostar. Bygget var så stort den gongen at vi ikkje skjønte kva vi skulle med all den plassen, seier Martha-Christin.

– Men det tok ikkje lang tid før vi fekk fylt opp, seier Marit.

For mykje plass sleit dei altså ikkje med lenge. Det har vore nok å gjere, og jobben har dei begge stortrivst i.

– Det er så kjekt å jobbe her, det seier eg til alle rundt meg, skryt Martha-Christin.

– Det gjenspeglar seg jo i at mange er her til pensjonsalder, seier Kari Sætre, vernepleiar.

– Og dei blir ikkje kvitt oss for det om, humrar Marit.

Ho gjekk nemleg av med pensjon for fleire år sidan, men trivst så godt i jobben sin at ho framleis jobbar fleire vakter i månaden.

Meir openheit no

På ei av kakene til feiringa står det «fortsatt like viktig».

– Fordi jobben vi gjer i dag er framleis like viktig som for 20 år sidan, seier Martha-Christin.

Viktigheita av arbeidet er framleis den same, men haldningane har over tid endra seg. Og det er positivt for helsa (ikkje berre den mentale helsa, helsa generelt).

– Det går rette vegen og det er mykje meir openheit om psykisk behandling no, seier Martha-Christin.

Ei kake med jubileumstekst på
Marsipankake med blomar og teksten "HDPS 20 år - forstatt like viktig!" Foto: Pernille S. Osmundsen.

At det er meir openheit er plasseringa av senteret er fint bilete på.

– Vi ligg jo inni eit byggefelt. Det er barnehage rett ved sidan av her og dei har komme innom for å gå Lucia-tog, seier Kari Sætre.

Lang framme i skoa

Evangeliet er fortalt. Så tilbake til notida og det Håvard kalla ei avdeling «langt framme i skoa».

– Det er mykje svingingar og endringar i vårt yrke. Før var det meir døgn, så gjekk det over til meir poliklinisk, seier Håvard.

– Vi har ikkje stagnert, vi er i stadig utvikling og har vore tidleg ute med nye behandlingsmetodar og tatt i bruk nye team.

Haugaland DPS har for eksempel eige FACT-team (Flexible Assertive Community Treatment) som skal gi oppsøkande behandling i pasienten sitt nærmiljø. Dei har også omfamna dei teknologiske moglegheitene og tilbyr e-behandling over internett til dei som er plaga med depresjon, panikkliding eller sosial angst.

– Vi må følgje farta i samfunnet og vi har vore endringsvillige vi som jobbar her, seier Martha-Christin.

– Alle faggrupper er i utvikling og vi satsar på fagpersonane våre, konkluderer Håvard.

Her kan du lese meir om Haugaland DPS - Helse Fonna HF