Heilt rått, nytt LAR
Allereie veka før opninga fekk dei første pasientane LAR-behandling i Strandgata i Haugesund. I nye, fantastiske lokale ved byens vogge.

LAR skal du snart lese ganske mange gonger. Berre for å ha det på det reine: LAR står for legemiddelassistert rehabilitering.
Ein solid jobb har skapa gull i den store murbygningen. Ned ei trapp, rett ved Haugesunds eldste hus og kanskje mest legendariske oppoverbakke er inngongen.
– Så fint det er blitt. Heilt rått.
Det er første reaksjon til psykologspesialist Ingrid Camilla Aasbøe Heggland.
Idar Ådnesen har hatt ansvaret for å få på plass dei nye lokala.
– Vi hadde litt av eit utgangspunkt. Eg vil skryte av byggeigar Velbygd. Her har vi fått til noko skikkeleg bra.
Iselin Karina Sterri Rundhaug er funksjons – og i dag – opningsfestleiar.
– Eg har fått vore med på heile prosessen. Skikkeleg kjempekjekt å finne gode løysingar fargar og alt.
– Ein ting er korleis det er inne, men finn pasientane dykk no som de har flytta?
– Jo, det er greitt å finne. Det er jo endring, men det går seg til. Vi har også vore ute med informasjon til alle som skal til oss.

– Eg har mange følelsar knytt til LAR
Kenneth Eikeset er klinikkdirektør for psykisk helsevern og rus.
– Denne dagen har eg sett fram til. Dette er ei sentral behandling, kanskje ei av dei viktigaste. Og vi veit det fungerer.
I Noreg blei LAR behandling først vanleg i 1998.
– Eg har mange følelsar knytt til dette. LAR er så positivt for alle. Data vi har lyg ikkje. Halvparten blir rusfri, overdosar reduserast med 80 % og mange får til og med køyre bil igjen.
Men stoppar ikkje der.
– Funksjonsnivået blir mykje betre. Mange kan starte på skole, få jobb og betre forhold til familien. Dette har eg også erfart gjennom jobben min. Difor var det no på tide å få på plass LAR-lokala.
For samfunnet er også LAR eit stort pluss.
– Gjennom LAR-behandling ser vi reduksjon i kriminalitet, seier Eikeset.
– Vi må også hugse at LAR ikkje berre medisinar. Det skal også motivere og forsøke å skape ein rusfri kvardag.

Vegen har ikkje vore lett for LAR
– Halvanna år har godt og no står vi her.
Administrerande direktør Anders Hovland har ansvaret for snorklippinga.
– Det har ikkje vore ein lett veg for å få på plass LAR i Helse Fonna. Men no er vi her og dette er et solid tilbod til sårbare pasientar
Tidlegare har kommunane vore ansvarleg for LAR.
– Takk til Haugesund komme som har sikra tilbodet til vi er her i dag. Eg vil også takke Velbygd som kunne stille bygg. Og ikkje minst fagmiljøet som har fasilitert det heile. Ikkje berre er de fagleg dyktige, men dedikerte, framoverlente løysingsorienterte. Gratulerer til alle. Dette har vore litt av ei reise!

Rom for å vere annleis
– Ein by skal vere meir enn mange hus, siterte styreleiar Petter Steen jr. fritt.
– Her skal det vere rom for å vere annleis. Vi skal tole at vi er ulike. Før var LAR å gi litt opp. Målet var jo å bli rusfri. I dag er LAR eit verdispørsmål i samfunnet vårt.
LAR høyrer til i byen. Her samlast mange av dei som har teke ein annan veg enn dei fleste av oss. Plasseringa kunne nesten ikkje vore betre.
– Dette er byens vogge. Har oppstod byen for snart 175 år sidan, sa Steen.
Fakta: Kva er LAR-poliklinikk?
- LAR-poliklinikk er eit behandlingstilbod innan Tverrfagleg spesialisert rusbehandling.
- Formålet med LAR er at personar med opioidavhengigheit skal få best mogleg helse, auka livskvalitet og hjelp til å endre egen livssituasjon. Og dermed kunne redusere skader og fare for overdosedødsfall.
- Poliklinikken sikrar substitusjonsbehandling som er eit deltiltak i eit heilskapleg rehabiliteringsforløp.