Styremøte
Klipte snora for ny CT-maskin
Den nye CT-maskinen på Odda sjukehus er no klar til bruk. Dette er berre eitt av mange store investeringsprosjekt i Helse Fonna. Styret godkjente óg forprosjektrapport for ny sikkerheitspost på Valen sjukehus til 100 millionar kroner.

– Odda sjukehus har no fått installert ein ny og moderne CT-maskin, som vil gje diagnostikk på høgaste nivå når det gjeld kvalitet. Investeringa er på 12 millionar kroner og er ei viktig prioritering for Helse Fonna, opplyser klinikkdirektør for medisinske tenester og beredskap, Ingvill Hystad Kyvik.
Ho fekk æra av å klippe snora til den nye CT-maskinen saman med avdelingsleiar Kari Marie Tjelmeland, i samband med styremøtet i Helse Fonna som vart halde på Odda sjukehus torsdag.
Tjelmeland er glad for at pasientane no får eit betre tilbod.
– Dette betyr veldig mykje både for oss som jobbar her og for pasientane våre. Maskinen vil gi betre bildekvalitet, noko som bidreg til betre kvalitet i behandlinga. Som avdelingsleiar Somatikk Odda er eg svært glad for at Helse Fonna prioriterer dette og det er ei viktig investering for framtida, seier Tjelmeland.
Administrerande direktør Anders Hovland og styreleiar Petter Steen jr. er svært godt nøgde, og rosar den gode jobben som er gjort i samband med oppgraderinga.
– Då Anders hadde starta i jobben var vi på ei rundreise i regionen, blant anna til Odda sjukehus. Då kom det fram at ein ny CT stod høgt på ønskjelista. No er vi glade for at maskinen er på plass, og det har blitt gjort eit svært godt arbeid av alle involverte. Gratulerer til Odda sjukehus, men dette er også ein stor dag for Helse Fonna. For vi er eitt lag, og dette gagnar heile føretaket, seier styreleiaren.
Storinvestering på Valen
Ny CT-maskin til 12 millionar er berre eitt av mange prosjekt som Helse Fonna planlegg framover.
Føretaket forvaltar store bygg- og eigedomsmassar og ei strategisk forvaltning av desse er avgjerande, både for økonomisk drift og for framtidig berekraftig klinisk drift. Samtidig er det medisinske og teknologiske i ei rivande utvikling. Helseføretaket har difor gjennomført ei kartlegging av bygningsmassen sin tilstand, både bygningsmessig og teknisk.
Denne kartlegginga syner at store deler av bygningsmassen i Helse Fonna er i dårleg stand og det vil vere behov for oppgraderingar opp mot to milliardar kroner i løpet av dei neste ti åra. I tillegg er den bygningsmassen med størst behov for oppgradering omfatta av freding og vernekrav. Verst er tilstanden på bygningsmassen på Valen sjukehus.
– Det har lenge vore eit ynskje om ny sikkerheitspost på Valen sjukehus, for behandling av pasientar med alvorleg psykisk liding. I utgangspunktet er investeringsmidlar til oppgradering av sikkerheitsposten lagt til 2028 i økonomisk langtidsplan. På grunn av tilstanden på bygningsmassen og sikkerheitsomsyn for pasientar og tilsette, er det ønskjeleg å få framskunda gjennomføringa av denne oppgraderinga, heiter det i saksframlegget.
Viktig for framtida
Det er utarbeidd ein forprosjektrapport, som omhandlar rehabilitering av bygget der Folgefonn DPS i dag held til, Kringlebakken, som skal huse den nye sikkerheitsposten i tråd med dagens krav. Folgefonn DPS vil då flytte si verksemd til ledige lokale på sjukehuset.
Styret vedtok forprosjektet samrøystes på møtet, og dermed er prosjektet klart til å lysast ut på anbod, med oppstart neste år. Totalt er det snakk om 14 sengeplassar, og det vil då vere kapasitet til å ta imot pasientar som ikkje høyrer til i Helse Fonna sitt område. Kostnaden kjem på om lag 100 millionar kroner.
Det kom fram i styremøtet at ein del tilsette er uroa over prosessen og det valde alternativet.
Dette blei diskutert grundig i styret, som understreka i sitt vedtak at dei støttar prosessen med framtidig organisering og dimensjonering av sjukehusfunksjonar på Valen Sjukehus/Folgefonn DPS og at dette vert teke inn i arbeidet med revisjon av utviklingsplan. Styret understrekar óg behovet for meir involvering av representantar for dei tilsette frå klinikk for psykisk helsevern i arbeidet vidare og dette vart og teke inn i vedtaket.
Administrerande direktør Anders Hovland er svært glad for at forprosjektet vart godkjent, og at det var eit samrøystes vedtak.
– Dette er ei stor og viktig satsing for pasientane og tilbodet deira. Det er óg ei viktig satsing på Valen sjukehus og for heile Helse Fonna, understrekar han.
Godt samarbeid med kommunane
Det har vore auke i ventetidene grunna sommaravvikling i føretaket som i resten av landet, og gjennomsnittleg samla ventetid i august 67 dagar for behandla og 62 dagar for ventande pasientar.
Samstundes er ventetida for behandla pasientar i august ni dagar kortare enn for same månad i 2023 og seks dagar kortare enn i august 2024. Ved månadsslutt i august var det 348 færre pasientar som venta enn på same tid i fjor.
Det er óg vidare nedgang i fristbrot, kor talet for fristbrot for ventande er redusert med over 50 prosent frå august 2022, og nær 40 prosent frå august 2023.
– Samla sett vert det arbeidd svært godt med ventetider og fristbrot i føretaket. Sjølv om det framleis er eit for høgt tal på utskrivingsklare pasientar i føretaket, har det vore eit godt og tett samarbeid mot kommunane, og talet på liggjedøgn for utskrivingsklare pasientar er vesentleg lågare enn føregåande år. Dette har vore viktig for sommardrifta, opplyser administrerande direktør Anders Hovland.
Styret er godt nøgde med arbeidet som blir i samband med ventetider.
– Det er svært positivt å sjå at ventetidene held fram med å bli reduserte. Dette er godt nytt for både pasientar, pårørande og helseføretaket sjølv. Det er og gledeleg å sjå at talet på utskrivingsklare pasientar er redusert gjennom eit godt samarbeid med kommunane, seier styreleiar Petter Steen jr.
Dyr sommar
Dei økonomiske resultata frå juni og juli syner avvik på høvesvis 20 og 11,5 millionar kroner.
– Dei største avvika ligg på variabel løn og innleige, biologiske legemiddel og kjøp av helsetenester. Analyse av drifta samanlikna mot fjoråret syner samstundes ei tydeleg betring både på kostnadssida og for det samla resultatet. Avvika er likevel større per månad og for året samla samanlikna med føregåande år, mellom anna grunna fjorårets rammetildelingar, forklarar Hovland, som likevel ser ei lysning. Rekneskapen for august viser eit positivt avvik på totalresultatet på 1,8 millionar kroner.
Han viser også til at det går føre seg eit kontinuerleg arbeid med å forbetre drifta og sikra at dei tildelte ressursane vert nytta best mogleg for å sikre drifta av noverande helsetilbod og evne til å investere i framtidas tenester. Det er innarbeidd ei rekkje tiltak i budsjetta for drifta, samstundes som det blir jobba fortløpande med implementering eller utvikling for god og hensiktsmessig drift, god kvalitet i behandlinga og arbeidsplassar som tek vare på medarbeidarane.
– Det er ikkje kjekt at sommaren i 2025, til liks med 2024, blei altfor dyr. Det er svært viktig å analysere kvifor dette skjedde både i fjor og i år. Eg er glad for at administrerande direktør kjem tilbake til styret med ein slik analyse. Heldigvis syner resultatet for august at vi er tilbake til den positive trenden vi såg gjennom vårhalvåret, seier Petter Steen jr.
Positiv utvikling i sjukefråvær
Utvikling i sjukefråværet har vore positiv gjennom sommaren, og ligg i juli og august under Helse Vest sitt mål på 5,5 prosent. I juli var registrert sjukefråvær 4,8 prosent, og 5,0 prosent i august. Dette er det lågaste sjukefråværet i Helse Fonna sidan 2018, noko styret uttrykkjer at dei er svært godt nøgde med.