Styremøte
La fram budsjettet for 2026
Årets siste styremøte blei halde på Haugesund sjukehus.

Dagsorden i styremøtet hadde stort spenn. Ein presentasjon om prehospital behandling av hjarteinfarkt starta det heile.
Når tida blir knapp
Anestesilege Alf Stolt-Nielsen Reksten stod for fagleg innlegg under styremøtet.
– Vi har veldig gode resultat i Helse Fonna for overleving av hjarteinfarkt. Det må eg seie.
Så la han til noko alle må hugse.
– Kjenn du symptom på hjarteinfarkt, ring 113. Det er det viktigaste bodskapet eg har i dag.
Ambulansen som kjem er livsviktig. I bilen har dei med seg eit fantastisk hjelpemiddel.
– Alle ambulansane i Noreg har eit EKG-apparat i bilen. Den kan ta målingar og sende til tolking hos lege på sjukehus. Gjennom AMK får dei vite at målinga kjem og symptoma til pasient.
Då startar klokka.
– Frå EKG er tolka, pasient er transportert, levert og utblokking er gjort går det fort.
Som regel.
For uver eller andre hindre kan avgrense moglegheitene til rask levering av pasient. Går det lengre enn 90 minutt til sjukehus kjem prehospital trombolysebehandling inn i vurderinga.
Å innføre dette har vore ein del av eit kvalitetsprosjekt som Reksten er ein del av i vår region.
– Ambulansepersonell kan då gi prehospital trombolyse etter godkjenning av lege på sjukehuset. Dette løyser opp blokkeringa av blod til hjartet. Ei sekundær blokkering kan då gjerast dagen etterpå.
Trombolysebehandlinga er ikkje ein ny ting. Det har vore i bruk også på 80- og 90-talet, og er i bruk i blant anna nord-Noreg i dag.
– I mai 2025 starta vi med tilbodet her, og det er laga ei felles prosedyre for bruk av prehospital trombolyse.
Første prehospital trombolyse blei gitt i desember i år.

Satsar for framtida med budsjettet
Styret vedtok i møtet budsjett for 2026. Tildeling av førebels rammer frå Helse Vest RHF er lagt til grunn i budsjettframlegget.
Budsjettet har ei strategisk retning som samsvarer med overordna føringar, krav og forventningar til føretaket, samt gjer dei prioriteringane som er naudsynte for å styrke og ivareta føretakets evne til å gjere dette framover.
Kjerneoppgåvene for Helse Fonna HF er pasientbehandling og utdanning av helsepersonell. I statsbudsjettet for 2026 er det også hovudmål om redusert ventetid, økonomisk berekraft, betre arbeidsvilkår og rekruttering.
– Vi skal også å kunne møte krise og katastrofar, sa Sølvi Apeland Rogde, økonomi- og finansdirektør.
Budsjettet blir fremja med eit positivt resultat på 50 millionar kroner som er i samsvar med revidert økonomisk langtidsplan.
– Budsjetta som blir laga i føretaket skal vere realistiske og oppnåelege. Det er eit stramt budsjett, men det som er viktig er at tiltaka klinikkane har vore med å utarbeida må realiserast. Så må dei følgjast opp, understreka Rogde.
– Med tiltaka vi har lagt til grunn skal vi få dette til.
Administrerande direktør Anders Hovland trakk fram at budsjettet driv oss framover.
– Vi sparar ikkje, men satsar for framtida med dette budsjettet.
Nedgang i antibiotikabruk, men framleis over målet
Som allereie nemnt, antibiotikabruk var ein del av styremøtet denne månaden.
Antibiotikaresistens er ei av dei største globale helseutfordringane. I global samanheng er vi heldig stilt i Noreg, men problemet er aukande også her. Ein av dei viktigaste drivarane er overforbruk og feilbruk av breispektra antibiotika.
– Helse Fonna ligg noko over landsgjennomsnittet i bruken av desse antibiotikatypane, og vi jobbar for å redusere og betre forbruket. Vi ser ein nedgang i forbruket dei siste to åra, men ligg framleis noko over målsetjinga, fastslo smittevernoverlege Siv Helene Eriksen.
Målsetjinga er same nivå som forbruket var i 2019.
Eriksen er ein del av vårt eige antibiotikateam der også lege frå somatikk, farmasøyt, mikrobiolog og sjukepleiar inngår.
Oppgåvene deira er blant anna å fasilitere for rett bruk av antibiotika på dei ulike avdelingane, følgje med antibiotikabruk på sjukehusa, og undervise og informere.
Andre tiltak for å redusere antibiotikabruk er god, rask og tilgjengeleg mikrobiologisk diagnostikk, mogleggjere bruk av meir målretta og smalspektra antibiotika, og også smittevern er ein del av bilete, forklara ho.
– Godt smittevern og infeksjonsførebygging er viktig for å lukkast med arbeidet vidare.

Årleg melding
Styret godkjente utkast til årleg melding i desembermøtet. Årleg melding svarar ut punkt sendt frå eigar.
Styret gav også administrasjonen moglegheit til å oppdatere naudsynte tal og kommentarar knytt til desse fram til årleg melding sendast Helse Vest RHF i midten av januar.
– Styret er nøgd med årleg melding, kommenterte styreleiar Petter Steen jr.
Helse Fonna kan vise til mykje godt for året som snart er over. Administrerande direktør Anders Hovland trekk frem nokre av punkta.
- Vi har greidd å vidareføre mykje av det gode arbeidet som blei gjort føregåande år med å redusere ventetida for pasientane. Ved inngongen til 2025 var vi det helseføretaket med lågast samla ventetid. Den gode utviklinga har fortsett. I oktober var det 793 færre pasientar som venta på behandling enn føregåande år, og ventetida for ventande er 53 dagar. Det er bra for pasientane som treng spesialisthelsetenester.
- Digitalisering av tenestene har også vore ei satsing i 2025. Dei ni første månadane i året var auken i digitale kontaktar på 81 % mot tilsvarande periode i 2024. Satsinga held frem for fullt.
- I løpet av året har vi styrka førebuingane til Vestlandslegen. Dette inneber ei stor satsing både føretaket og regionen, og det er lagt eit solid grunnlag for det vidare arbeidet med å førebu dette studietilbodet.
- Satsinga på faste, heile stillingar fortsett, og korleis Helse Fonna best mogleg kan nytte oppgåvedeling der dette kan gjerast for sikre god pasientflyt.
- I år blei vi det første helseføretaket på Vestlandet til å inngå avtale med Legeforeningen om å bli ein del av «Kloke val». Dette er ein del av satsinga på berekraftige helsetenester. Det er eigen dedikert legeressurs til arbeidet med implementeringa på sjukehusa.