Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Med styret på Valen

Styremøtet 27. mai var lagt til Kvinnherad.

Eirik Dankel og Magne Kydland
Publisert 27.05.2025
En gruppe personer i et rom
Styret var innom fleire aktivitetsrom ved Valen sjukehus. (Foto: Eirik Dankel)

Vi startar på slutten. I regnvêret blei styret teke med på det store sjukehusområdet i Kvinnherad. Der fekk dei blant anna høyre meir frå sikkerheits- og rehabiliteringsposten.

«Sunnhordlands perle»

Marianne Lund Anderssen er avdelingsleiar. Saman med leiar for Aktivitet og livsmeistringseining, Elisabeth Anuglen Kalsås, presenterte ho Valen sjukehus. 

– Ein stad som ligg i Sunnhordlands perle.

Slik omtaler avdelingsleiaren stolt sjukehuset ho leiar.

– Vi samhandlar, er fleksible og stiller opp for kvarandre, karakteriserte Anderssen kollegaene sine.

To av dei møtte styret på snikkarverkstaden og i systova. Det blei også tid til eit besøk på sikkerheitsposten.

En gruppe mennesker som sitter rundt et bord med bærbare datamaskiner
Styremøtet i mai var på Valen sjukehus. (Foto: Eirik Dankel)

 

Utfordring med utskrivingsklare pasientar

Utskrivingsklare pasientar var igjen tema på styre møtet i mai. Talet på ferdigbehandla pasientar som blir liggjande på sjukehus aukar.

Det er ein svært utfordrande situasjon med utskrivingsklare pasientar. Talet ligg framleis svært høgt og er relativt uendra sidan februar. At talet på liggjedøgn aukar, betyr at pasientane blir liggande lenger på sjukehuset, heiter det i Helse Fonna sin månadsrapport for april.

Innan somatikk var det i april 96 pasientar som var melde utskrivingsklare medan dei venta på helse- og omsorgstenester frå kommunen. Pasientane låg til saman 402 døgn, noko som er gjennomsnittleg 13,4 pasientar per døgn.

– Det er ein markant auke i tal liggedøgn for utskrivingsklare pasientar i perioden januar til april. Gjennomsnittleg tal døgn i perioden januar til mars dei ti føregåande åra var 920 liggedøgn, mot 1839 døgn i same periode i år. Det er tett dialog med dei kommunane som har størst utfordring med å ta i mot, sa administrerande direktør Anders Hovland.

Styret er bekymra over utviklinga.

– Vi treng skikkeleg gode tiltak til denne gruppa, og det må vi få til saman med kommunane, sa styreleiar Petter Steen jr.

En person som holder en presentasjon
– Forventingane til oss og kommunane aukar. Dette skal vi løyse saman, sa samhandlingssjef Reidun Rasmussen Mjør. (Foto: Eirik Dankel)

Den viktige samhandlinga

Samhandlingssjef Reidun Rasmussen Mjør orienterte styret om korleis Helse Fonna samarbeider med kommunane.

– Forventingane til oss og kommunane aukar. Dette skal vi løyse saman, sa ho.

– Vi har jobba med å laga ein tiltaksplan for å møte situasjonen med mange utskrivingsklare pasientar. Der ser vi på kva vi kan gjere internt på sjukehuset når vi kjem i ein slik situasjon. Kva kan kommunane gjere når utskrivingsklare pasientar venter på tenester? Kva gjer vi i beredskapssituasjonar med større hendingar der vi kan mangle kapasitet for augeblikkeleg hjelp?

Samhandling mellom kommunar og spesialisthelseteneste er avgjerande for å oppnå gode og samanhengande pasientforløp og effektiv utnytting av dei samla ressursane i helse- og omsorgstenesta.

– Samhandlingseininga i Helse Fonna si oppgåve er å bidra til gode samarbeidsprosessar på tvers av omsorgsnivåa, forklara Rasmussen Mjør.

Mål for samarbeidet er at Helse Fonna og kommunane skal utvikle og koordinere helsetenester for pasientar som treng tenester på begge nivå. I samsvar med nasjonale føringar skal det vere særleg fokus på å utvikle gode tenester for barn og unge, personar med alvorlege psykiske lidingar og rusproblem, skrøpelege eldre og personar med fleire kroniske lidingar.

 – Vi lever i ei tid med store demografiske endringar. Det blir fleire eldre og det er eit veksande tal yngre som treng helsehjelp. Vi opplev også at det blir stadig meir utfordrande å rekruttere og behalde personell, noko som betyr at vi er i endringsprosessar der målretta bruk av kompetanse er vesentleg.

Det medisinske mogleiksbilete er stort, og det er høge forventningar i befolkninga til kva helsehjelp og tenestetilbod det offentlege skal yte. Samstundes er dei økonomiske rammene blitt strammare, poengterte samhandlingssjefen.

– Dette tvingar fram prioriteringar og endringsarbeid på alle nivå. Både når det gjeld ressursbruk og arbeidsmåtar. Vi har behov for å utvikle desse gode pasientforløpa for personar som treng tenester frå både spesialisthelsetenesta og i kommunen.

En gruppe personer i et rom
Frode Dale er med og driv snikkarverkstaden. (Foto: Eirik Dankel)

Positiv drift

For fleire områder syner månadsrapporten for april gode tal.

Den samla ventetida for ventande er framleis under måltalet, og talet på ventande er redusert med 450 pasientar samanlikna med 2024.

Det er også ei positiv utvikling for fristbrot. Talet på fristbrot for ventande er redusert med 65 prosent frå juli i fjor, og det samla talet for behandla og ventande er på sitt lågaste sidan februar 2020.

Tala syner også ei nedgang i talet på korridorpasientar, men talet er framleis høgt for april med 3,2 prosent.

Epikrisetida i føretaket samla er framleis god, og held seg stabilt godt over målkravet. Dette er ein viktig føresetnad for god pasientflyt til kommunane.

En gruppe mennesker som står i et rom
I mottaket på sikkerheitsposten. (Foto: Eirik Dankel)

Høgare inntekt enn kostnad

Totalt budsjettavvik for april er -1,7 millionar kroner. Helse Fonna HF har eit akkumulert budsjettavvik så langt på 17,4 millionar kroner.

– Det som er gledeleg er at resultatet frå drifta er positivt med 1,9 millionar kroner no i april, noko som også var tilfellet i mars. Dette betyr at drifta har høgare inntekt enn kostnad, seier administrerande direktør Hovland.

Finanskostnadar på 2,9 millionar kroner er det som fører til eit totalresultat på -0,9 millionar kroner, mot eit budsjett på 0,8 millionar kroner denne månaden.

– Difor er det viktig vidare å sikre balanse i drifta slik at vi når budsjettmålet, understrekar Hovland.

Styreleiar Petter Steen jr. meiner Helse Fonna er på riktig veg.

– Det er gjort eit godt stykke arbeid. Vi ser kva utfordringane er og bra tiltak blir gjort i samarbeid med dei tilsette. Tiltak som no startar å syne resultat, sa han.

En person i hettegenser
Mai er den finaste månaden på Valen, sa avdelingsleiar Marianne Lund Anderssen. Også i regn. (Foto: Eirik Dankel)

Lågare sjukefråvær i april

Føretaket har i april eit samla sjukefråvær på 7,6 %, som er 0,9 prosentpoeng lågare enn føregåande månad. Samstundes er det 0,1-prosentpoeng høgare en snittet frå tidlegare år.

Samla sjukefråvær over tid syner stabilitet eller nedgang, men det er store variasjonar mellom klinikkar og einingar.

– Eit stort og godt arbeid med sjukefråvær gjerast no. Samstundes har føretaket nyleg etablert nye tiltak for å redusere sjukefråværet, utdjupar administrerande direktør.