No blir det ny sikkerheitspost på Valen
Styret i Helse Vest vedtok på novembermøtet forprosjektet for ny sikkerheitsposten på Valen. Det betyr at vi kan gå vidare med planane.

– Først og fremst er det ein stor dag for pasientane som har treng dette tilbodet. Men også for Helse Fonna og heile helseregionen når dette tilbodet blir styrka, seier administrerande direktør Anders Hovland.
– Eg vil takke styret i Helse Vest for at dei har prioritert denne viktige satsinga, og administrasjonen for godt samarbeid i utviklinga av forprosjektet.
Den nye sikkerheitsposten skal ligge i bygget der Folgefonn DPS held til i dag, kalla Kringlebakken. Styret i Helse Fonna vedtok forprosjektet samrøystes i september.
Ferdig i 2027
– Eg er glad for at dette no blir ein realitet , seier Laila Nemeth, direktør for bygg, drift og eigedom i Helse Fonna.
– Neste steg er anbodsprosess, medan sjølve bygginga startar i 2026 og skal vere ferdig i 2027.
Du kan lese forprosjekt frå styredokumenta i september.
Det har lenge vore eit ønskje om ny sikkerheitspost på Valen sjukehus for behandling av pasientar med alvorleg psykisk liding.
Totalt er det snakk om 14 sengeplassar, og det vil då vere kapasitet til å ta imot pasientar som ikkje høyrer til i Helse Fonna sitt område. Kostnaden kjem på om lag 100 millionar kroner.