Nytt samarbeid
No vert Helsecampus Haugesund etablert
Høgskulen på Vestlandet og Helse Fonna skal saman gjere regionen vår til eit opplagt val for helsepersonell.

Den geografiske nærleiken mellom Høgskulen på Vestlandet i Haugesund og Haugesund sjukehus gir eit unikt utgangspunkt for å etablere ein felles helsecampus.
Samarbeidet skapar nye moglegheiter og styrker utdanning, forsking og praksis.
Ved å knytte dei to største kompetanseorganisasjonane i regionen tettare saman og skape felles arenaer, samlar vi kreftene innan forsking, innovasjon, læring og fagutvikling for framtida.
Det styrkar oss.
Ambisjonar for framtida
– Helsecampus Haugesund er eit viktig skritt framover og synleggjer det gode samarbeidet vi har med Høgskulen på Vestlandet, fastslår Anders Hovland, administrerande direktør i Helse Fonna.
– Det signaliserer også ambisjonane våre vidare for samarbeid og utvikling.
Målet med Helsecampus Haugesund er å styrke regionen som et attraktivt utdannings- og arbeidsstad for helsepersonell.
– Det er stort behov for å utdanne, rekruttere og behalde helsepersonell i regionen i åra som kjem. Eg ser fram til eit enda tettare samarbeid med Helse Fonna om dette framover, seier rektor ved Høgskulen på Vestlandet, Gunnar Yttri.
Både Helse Fonna og Høgskulen på Vestland har sterke fagmiljø.
– Mange av dei som utdannar seg på høgskulen skal ha praksis i Helse Fonna. Samstundes skal mange av dei som arbeidar hos oss utdanne seg vidare nettopp på Høgskulen, understrekar Hovland.

Satsar i Haugesund
Verdien av samarbeidet stoppar ikkje der. Ei tettare samhandling vil også kunne legge til rette for blant annet felles fagdagar, felles læringsarenaer og simuleringslæring, felles kursrekker og ei styrka integrasjon mellom utdanning og praksis.
– Høgskulen på Vestlandet satsar i Haugesund. I desse dagar byggar vi nytt bygg i Haugesund med topp moderne læringsfasilitetar og ny simuleringsarena for helsefag som skal stå klar til studiestart neste år. Det er ei av dei største investeringane i høgskulen si historie og eit bygg for framtida, både for oss og våre samarbeidspartnarar, seier Yttri.
I Helsecampus Haugesund ligg også ei målsetting om å styrke samarbeidet innan forsking og innovasjon.
– Slik skal vi saman vere eit førsteval innan utdanning, praksis og forsking for helsepersonell. Eg gler meg til vegen vidare, avsluttar Anders Hovland.
Dette skal vi jobbe med vidare
Våren 2026 skal fire arbeidsgrupper med deltakarar frå Høgskulen på Vestlandet og Helse Fonna legge grunnlaget for vår eigen helsecampus. Gruppene har kvart sitt ansvarsområde.
- Infrastruktur, logistikk, felles bygningsmasse
- Forsking og innovasjon
- Utdanningssamarbeid
- Simulering (Simarena)
I tillegg er arbeidsgruppe Vestlandslegen allereie etablert. Arbeidsgruppene skal levere arbeidet sitt i mai.