Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientane kan snart gi digitale tilbakemeldingar

Frå 6. januar vil pasientar som nyleg har fått behandling på sjukehuset, få ein SMS frå oss.

Publisert 18.12.2025
Ein mobiltelefon som inneheld ei tekstmelding

Meldinga inneheld ei lenke til eit digitalt spørjeskjema der du kan gi tilbakemelding om det siste besøket ditt. Du får SMS same dag eller dagen etter du har vore på sjukehuset. Du svarer elektronisk og anonymt på mobiltelefonen din.

Dette gjeld pasientar som har fått behandling ved sjukehusa i Haugesund og Odda, på Valen og Stord, og alle dei distriktspsykiatriske sentra våre (DPS).

Andreas Andreassen, fagdirektør i Helse Fonna, opplyser at resultata frå undersøkinga blir brukt i arbeidet med å forbetre tenestene til pasientane våre.

– Eg håpar flest mogleg kan ta seg tid til å svare på undersøkinga. Då vil vi få vite meir om kva som fungerer – og kor vi kan bli betre. Svara dine hjelper oss til å gi deg eit betre tilbod, seier Andreassen.

Ei etterlengta teneste

Moglegheita for at pasientar kan gi tilbakemeldingar har lenge vore eit ønskje frå Brukarutvalet. Dei har ei viktig rolle med å løfte fram brukarperspektivet og bidra til gode helsetenester.

– Vi arbeider alltid for det beste for pasientane, og pasientopplevinga er eit viktig fokusområde for oss. Tilbakemeldingane er difor verdifulle for det vidare arbeidet til utvalet, seier leiar i Brukarutvalet i Helse Fonna, Geir Charles Grindheim.

 

Korleis fungerer det?

  • SMS blir berre sendt til personar over 18 år som ikkje har reservert seg. 
  • Vi sender deg berre éin SMS i månaden, sjølv om du har vore i kontakt med oss fleire gonger. Du har 12 dagar til å svare på undersøkinga.
  • Vi sender ikkje meldingar i helger eller på heilagdagar.
  • Du kan reservere deg mot framtidige undersøkingar når du får den første meldinga.

Les meir på Gi oss tilbakemelding - Helse Fonna HF