Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Rita Danielsen Tyse er årets leiar i Helse Fonna

Avdelingsleiaren for Avdeling for laboratoriemedisin fekk heider, ære og stor applaus under utdelinga i Haugesund. Gratulerer!

Eirik Dankel
Publisert 12.06.2025
En person som holder en blomsterbukett
Rita Danielsen Tyse er årets leiar i Helse Fonna. (Foto: Eirik Dankel)

Du må gjerne starte lesinga med å klappe, om det er inni deg eller høgt, for dei flotte fire som gjekk til finalen. Dei fekk alle velfortent trampeklapp i salen også.

På scena stod Lise Bruntveit, Jarle Reinertsen, Anne Møklebust og Rita Danielsen Tyse.

Utdelinga skjedde i samband med Helse Fonna sitt Leiarforum, ein arena der leiarane våre samlast og får påfyll.

Kvifor vann Rita i år?

Opp frå gullkonvolutten kom lappen med avgjerda.

Kort summert: Ho er rett og slett eit strålande eksempel på leiing. Slik kan vi samanfatte kvifor Rita Danielsen Tyse er vinnar. Utdjupinga kjem i neste avsnitt.

– Gratulerer! Kva, eh, føler du nå?

– Eg?

Prisvinnaren ser mest spørjande ut.

– Eg er stolt.

Meir kjem det ikkje. Dessutan hadde ho ikkje tenkt at vi skulle skrive om henne heller.

– Men denne gong går deg vel greitt?

– Haha. Eg må vel, det, seier ho og smilet er tilbake.

Å vinne prisen som årets leiar må vere ein god følelse.

En gruppe personer i et rom
Administrerande direktør Anders Hovland delte ut prisen til ståande applaus. På bildet er også dei andre kandidatane. F.v.: Anders Hovland, Lise Bruntveit, Rita Danielsen Tyse, Jarle Reinertsen og Anne Møklebust. (Foto: Eirik Dankel) 

Strukturert, ryddig, tydeleg, omsorgsfull

At Rita Danielsen Tyse er ein verdig vinnar er det ingenting tvil. Orda over er berre starten.

Pasientsikkerheit og omsynet til dei tilsette er to ting som heng saman for ho. Og at alle er viktige for å komme i mål. Absolutt alle, i heile Helse Fonna.

Laboratoriefolk er jo også ganske rå på teknologi. Også for Tyse. Utvikling av tenester og teknologi er viktig for avdelingsleiaren og blei trekt fram i grunngjevinga.

42 kandidatar

Helse Fonna har så mange bra leiarar. Det synte tala også, for engasjementet rundt årets leiar var stort.

87 innmeldingar, med til saman 42 kandidatar, har no vore vurdert etter kriteria som blei satt og ei totalvurdering.