Sei sjølv frå at du er kome til Odda sjukehus
Av og til er det jo greitt å ordne opp på eiga hand. Også det å registrere at du er kome til sjukehuset.
Eirik Dankel
Publisert 25.09.2025

For å gjere det brukar du den flunkande nye automaten.
Slik gjer du
Sjukehusa på Stord og i Haugesund har hatt løysinga tilgjengeleg ei stund, og no er også Odda sjukehus klare for sjølvregistrering.
Det du gjer er taste inn opplysingane dine på automaten du finn i hovudinngangen. Etter du har registrert deg får du ein kode. Når behandlar er klar og det er din tur får du beskjed om kvar du skal gå, både på ventesoneskjerm og på SMS.
Enkelt og greitt.