Selma er koloskoperande sjukepleiar
– Du er sjukepleiar og skal gjere koloskopi? Den reaksjonen har eg møtt, seier Selma Louise Ferkingstad.

Då skal du vite at du er i dei beste hender. Etter å ha vore med på mange koloskopiar kom draumen om å gjere det sjølv. Snart er ho ferdig opplært.
Ein pionérdraum
– Det er kjempekult at vi som er sjukepleiarar kan få gjere dette. Men ikkje ver redd, vi har sjølvinnsikt og veit kva vi kan og ikkje kan, seier Ferkingstad og ler.
Gastrosjukepleiaren har jobba ved gastroenterologisk poliklinikk lenge. Å vere med på koloskopi er ein del av kvardagen. Så kom sjansen til å lære prosedyren sjølv. Den sjansen tok ho.
– På vidareutdanninga i Bergen møtte eg ei som har gjort dette i mange år. Eg fekk ha praksis i Bærum og så korleis koloskopi blei gjort av sjukepleiaren der. Det var spennande.
Turen gjekk videre til Danmark for teoretisk utdanning med undervising og eksamen i anatomi og fysiologi, patologi, teamleiing, og skophandtering.
– Den praktiske utdanninga skjer på mitt eige sjukehus.
Spesialsjukepleiaren er halvvegs i opplæringa på sjukehuset i Haugesund. Du går nemleg ikkje rett frå skulebenken til å gjere prosedyren sjølv.
– Eg skal gjere den same undersøkinga som ein lege. Så no får eg opplæring og utføre 150 koloskopiar saman med lege før eg kan gjere det åleine. Eg er oppe i 70, så det nærmar seg.
– Kvifor koloskopi?
– Teknisk er dette noko ikkje alle gjer. Det er spennande. Eg har høyrt at sjukepleiarar gjer det i andre land, så eg er kry for at eg får moglegheita her.
I Noreg er ho med i ein eksklusiv klubb.
– Vi er ikkje som mange. Fem på austlandet, to i Bergen, og eg studerte med ei frå Helse Førde. Det er dei eg veit om.

Polyppkontrolløren
Etter at poliklinikken starta med tarmscreening for kreft har aktiviteten auka. Pasientane Ferkingstad skal ha, har tidlegare vore til koloskopi.
– Eg gjer polyppkontrollar for dei som har fjerna polyppar tidlegare.
Polyppar er i dette tilfelle utvekstar i tarmen.
– Undersøkinga skjer etter nokre år og skal avdekke om det kjem nye. Sjølv om du kjem til ein sjukepleiar kan du få fjerna polyppar, og få medisinar ved undersøkinga.
Du treng ikkje grue deg, berre gjer førebuingane dine
– Eg har sett mange koloskopiar og har godt grunnlag for å gjere dei. Med mengdetrening blir vi godt drilla. Du som pasient skal føle deg heilt trygg, lovar Ferkingstad.
Og undersøkinga skal vere så grei som mogleg.
– Eg har god dialog med pasientane. Det tenkjer eg gjer opplevinga mykje betre.
Skal du til koloskopi er førebuingane nesten det aller viktigaste.
– For at eg skal få gjort undersøkinga, må du ha rein tarm. Denne tømmeprosessen må du gjere skikkeleg. Les brevet du har fått og sjå gjerne videoen vi har laga om bruk av tømmemiddel. Då slepp vi å gjere prosessen fleire gonger.