Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Styremøte 10.2.2026

Skal etablere regional teneste for helsekompetanse og læring

Styremøtet i februar inneheldt gode tall, og ikkje minst eit nytt regionalt senter til Helse Fonna.

Eirik Dankel
Publisert 10.02.2026
En gruppe mennesker som sitter ved et bord
Årets første styremøte var også første møte for dei nye styremedlemma Anne Marit Særsten Halvorsen og Håkon Haugli. (Alle foto: Eirik Dankel)

Tysdag hadde Helse Fonna HF årets første styremøte. Det blei halde på Sola denne gong, i samband med onsdagens styreseminar saman med styret i Helse Vest.

Allereie tidleg kom den første gode nyheita.

Fortsett med godt arbeid i ny regional teneste

Kvar helseregion i Noreg skal etablere sin regionale teneste for helsekompetanse og læring. I Helse Vest blir denne lagt til Helse Fonna.

– Vi er stolte over at denne regionale tenesta blir lagt til oss, sa administrerande direktør Anders Hovland.

– Det er ein tillitserklæring og ei honnør til det gode arbeidet som allereie er gjort på dette området.

For å understøtte sjukehusa i Helse Vest i arbeidet med å auke helsekompetanse og meistring, skal den regionale innsatsen styrkast ved å etablera eit regionalt kompetansesenter. Den regionale tenesta skal stimulere til felles fagutvikling, leie regionale utviklingsprosjekt, lage retningslinjer og vere med i det nasjonale arbeidet som er leiar av Helse Sør-Øst.

Det regionale nettverket for læring og meistring har sidan 2013 vore leia av Helse Fonna, og det er dette arbeidet som no skal vidareførast og styrkast.

– Dette er eit klart helsepolitisk mål å sikre god helsekompetanse som set folk i stand til å vareta helsa si. Det er viktig både for den enkelte og for berekrafta i helsetenestene, understrekar Hovland.

Styreleiar Petter Steen jr. deler gleda.

– Fantastisk, var hans reaksjon.

– Dette gir oss moglegheit til å utvikle desse teneste vidare hos oss.

En person som forklarer noe til en gruppe mennesker
Katrin Wegner er prosjektleiar utviklingsplanen. Planen skal vere eit kompass for kor Helse Fonna skal dei neste åra.

Utviklingsplan

Til hausten skal styret godkjenne ny utviklingsplan.

– Utviklingsplanen skal gi oss retninga for dei neste åra, og med det seie oss kva som skal prioriterast, forklara prosjektleiar Katrin Wegner.

 Snart startar innsiktsarbeidet.

– For å lage ein retning for alle, er meiningane til medarbeidarane heilt sentrale. Dei neste månadane er satt av til nettopp dette innsiktsarbeid.  

Utviklingsplanen har eit perspektiv på både eit fire og femten år. Du kan følgje med på arbeidet på våre nettsider.

Kvalitetsutvalet si oppsummering av 2025

Kvalitetsutvalet skal vere eit verkemiddel i føretaket sitt arbeid med å sørgje for og fremje tryggleik og kvalitet på helsetenestene.

Fagdirektør Andreas Andreassen presenterte.

– Helse Fonna hadde 16 alvorlege meldingar som blei meldt til Helsetilsynet i fjor. Det er det same nivået som dei siste åra.

Når det gjeld talet på Synergi-meldingar, det vil seie meldingar om uønskte hendingar meldt inn av tilsette, ser vi ei auke det siste året.

– Vi tolkar ut frå tala at det er blitt ein betre meldekultur, altså god openheit og at det kjenst trygt å melde. For det er ingen indikatorar som syner at det er fleire uønskte hendingar enn tidlegare, påpeika Andreassen.

Kvalitetsutvalet ser at mange avviksmeldingar omhandlar pasientar med behov for helsetenester på tvers av sektorar, og pasientar med behov både frå somatisk side og psykisk helsevern.

Dette er eit av områda dei skal prioritere i 2026.

Saker som har ein læringsverdi på tvers av klinikkane, men også for resten av Helse Vest, skal også få ekstra merksemd dette året.

Første opptak til Vestlandslegen

Planlegginga for Vestlandslegen er i rute, og dei første studentane startar ved Universitetet i Bergen til hausten.

Om tre år kjem dei til Haugesund og planlegginga er i rute, både styrka kompetanse og det reint praktiske.

– Akademisk kompetanse er stadig aukande i føretaket. Vi hadde fem doktorgradar i 2025 og allereie ei i 2026, presenterte fagdirektør Andreas Andreassen, og fortsette.

– Hausten i fjor hadde vi det andre kurset i medisinsk didaktikk. For å auke pedagogisk kompetanse skal vi ha eitt slikt kurs i året framover.

Det er også etablert ei samarbeidsgruppe mellom Helse Fonna og Helse Førde i samband med Vestlandslegen. Vidare er kartlegging av behovet for undervisningsressursar innan dei ulike fagområda starta, og lokale for studentane er under bygging ved Haugesund sjukehus.

– Eg opplever ei positiv forventning i heile føretaket til Vestlandslegen, samtidig som utfordringar og problemstillingar blir adressert på ein konstruktiv måte, sa fagdirektøren.

Å sikre berekraftig utvikling for radiologi

Radiologi utgjer ein av dei sentrale grunnpilarane i moderne diagnostikk og behandling.

Rapporten Berekraftig utvikling for radiologi syner at dagens utvikling, prega av rask medisinsk og teknologisk vekst, aukande etterspurnad og avgrensa tilgang på nødvendig fagkompetanse, medfører at vi må sjå på dagens organisering og modell.

– Gjennom redusert overforbruk, eit styrka fagmiljø, regional koordinering, samarbeid med private og teknologi skal vi få dette til, sa klinikkdirektør for medisinske tenester og beredskap, Ingvill Hystad Kyvik under styremøtet på Sola.

Ho forklarte at jobben blir gjort med engasjerte klinikarar sterkt involvert.

– Eg var med på eit multi disiplinært møte, altså at klinikarar frå ulike felt samlast og jobbar i lag. Eg blei så imponert. At dei som jobbar med fag samarbeider godt er nøkkelen.

Analysen i rapporten peiker på at det er naudsynt med strategisk styrking av kapasitet, kompetanse og drift for å sikre ei berekraftig utvikling av radiologitenestene i åra som kjem.

– Det er mange moglegheiter for framtida, gode folk som er med og masse engasjement. Eg har trua på tida som kjem.

Ein eigen handlingsplan for 2026 er utarbeida i Helse Fonna for det vidare arbeidet.

En mann som står foran en skjerm
Administrerande direktør Anders Hovland hadde gode nyheiter om økonomien i Helse Fonna.

Godt nytt for økonomien

Verksemdsrapporten syner denne gong drifta for desember og dermed også for året samla på dei områda der resultata er klare.

Helse Fonna har hatt høg aktivitet i 2025, med ei auke i tilstrøyminga på 4 %. Auka har vore innan augeblikkeleg hjelp eller hjelp innan to døgn. Samla sett var 96 967 tilvist i 2025.

Økonomi

Vi startar for heile året. Økonomisk resultat per desember syner førebels rekneskap eit resultat på -12,3 millionar kroner. Rekneskapen for 2025 blir avslutta i midten av februar, og fram til avslutting kan det bli mindre justeringar som påverkar resultatet.

For desember 2025 syner vi eit positivt resultat, også etter pensjonsjusteringa som blei gjort i desember.

Administrerande direktør Anders Hovland konkluderte kort og klart i sin presentasjon.

– Det er bra. Og lenge sidan sist vi hadde eit så stort overskot ein månad.

Rekneskapsresultatet ved årsslutt viser eit avvik på 0,2 % av omsetninga for året, og 0,4 % mot budsjett.

Dei siste to åra har resultatet forbetra seg med 192 millionar kroner. Dette inkluderer også auka varekostnadar og den satsinga som er gjort på personell, forsking og innovasjon.

Ein av kostnadane som går ned er løn, men det betyr ikkje at personell ikkje er ein prioritet.

– Vi har satsa på personell ved å auke faste, heile stillingar. Det gir mindre overtid, fleire stillingar og vi ser at det er viktig for å rekruttere og behalde helsepersonell. Alle vinn på det.

Styreleiar Petter Steen jr. tok ordet.

– Her er mykje godt. Å sitte her i dag er meir lystig enn for berre to år sidan. Vi kan påvise at det er teke grep som fungerer. Dette er fornuftige prioriteringar som vi er samde om.

Han har ei oppfordring.

– Vel du å bli helsearbeidar skal du ha eit bra yrkesliv og ein god jobb å leve av.

Ventetider

Gjennom året har vi jobba godt med ventetider. Alle fagområde hadde i desember ventetid for behandla pasientar under målkravet.

Gjennomsnittleg ventetid i føretaket var i desember 57 dagar for behandla og 58 dagar for ventande pasientar. Sett i eit treårsperspektiv er det ein reduksjon frå 68 dagar for behandla og 86 dagar for ventande i desember 2022.

Ventelistekøen er også redusert med 5 % på slutten av fjoråret.

Fristbrot

Samla er talet på fristbrot vidare redusert. På fleire område har den positive endringa vore svært stor, medan andre ser ei auke. Arbeidet med å snu denne utviklinga er viktig, heiter det i verksemdrapporten.

Samstundes er det vesentleg at dei sjukaste pasientane med behov for oppfølging blir prioritert, og dette kan kome i konflikt med målet om å redusere ventetider og fristbrot, blir det understreka.

Utskrivingsklare pasientar

Talet på utskrivingsklare pasientar var høgt i desember. 80 pasientar var melde som utskrivingsklare medan dei venta på helse- og omsorgstenester frå kommunen. Gjennomsnittleg var det 8,5 pasientar per døgn.

I 2025 var det totalt 3590 liggedøgn utskrivingsklare pasientar, om lag 1000 fleire enn i 2024.

Det blir arbeida med dette i Helsefellesskapet, og det er også etablert eit samarbeid med St. Olavs hospital på dette området for å utveksle erfaringar.

Sjukefråvær

Samla fråvær på 7,5 % i 2025 ligg 0,5 % lågare enn femårssnittet. Det er positivt og syner godt arbeid som blir gjort for å redusere sjukefråværet. Tala er likevel for høge og har høg prioritet også vidare.