Styremøte 23. oktober

Søvnpoliklinikken i Odda er årets kvalitetsprisvinnarar

Utdelinga skjedde i styremøtet i oktober. Der fekk styret også høyre om den gode utviklinga i forskingsaktivitet.

Eirik Dankel
Publisert 23.10.2025
En gruppe mennesker som poserer for et bilde
Årets vinnarar av Kvalitetsprisen i Helse Fonna er Søvnpoliklinkken i Odda. Frå venstre: Petter Steen jr., John Conrad Brnadsø, Birgit Iren Hansen, Anders Hovland, Anita Narheim, Kirsti Schweitzer Hetland, Karen Marie Tjelmeland og Andreas Andreassen. (Foto: Eirik Dankel)

Søvnpoliklinikken undersøker og behandlar pasientar som er plaga med snorking og pustestopp (søvnapné) om natta. Det er ein viktig jobb for dei som treng hjelpa (og ganske sikkert om dei har nokon på naboputa også).

Søvnpoliklinikken tok førsteplassen

Kvalitetsprisen for 2025 får dei for å ha jobba systematisk for å forbetre tenestetilbodet til pasientar som får behandling med CPAP (Continuous Positive Airway Pressure). Ei behandling for pustestopp under søvn (søvnapne).

Med det har nye arbeidsprosessar kome til, der utgreiing og behandling er i førarsetet, men også effektivitet og økonomi er ein blitt ein større del av bilete.

– Det er til inspirasjon for andre å sjå at slikt stort engasjement fører fram, og vi gratulerer prisvinnaren, skreiv kvalitetsrådgivar Laila Østebøvik på vegne av juryen.

«Helse Fonna sin kvalitetspris er ein del av føretaket si satsing på kvalitet, forbetring og utvikling. Prisen skal anerkjenne og synleggjere systematisk arbeid som har bidrege til auka kvalitet på tenesta.

Juryen mottok i år 7 søknadar som viser til tiltak og resultat som fremmer kvalitetsutvikling.

I år vert kvalitetsprisen tildelt Søvnpoliklinikken ved Kirurgisk og medisinsk poliklinikk, Odda Sjukehus. Søvnpoliklinikken er eit samarbeid mellom Øre-Nese-Hals-avdelinga og Odda sjukehus, og dei tilbyr utgreiing og behandling av søvnapne og andre søvnforstyrringar.

Søvnpoliklinikken har jobba systematisk for å forbetre tenestetilbodet til pasientar som får behandling med CPAP-Continuous Positive Airway Pressure-ei behandling for pustestopp under søvn (søvnapne).

Forbetringsarbeidet har ført til nye arbeidsprosessar på søvnpoliklinkken, med fortsatt fokus på utgreiing og behandling, men og på effektivitet og økonomi.

Ved å starte pasientopplæring i grupper har dei dobla talet på pasientar per dag: 8 pasientar mot tidlegare 4. Dei nyttar digital presentasjon i opplæringa, noko som gjer det enklare for pasientane å få med seg informasjonen og samstundes kvalitetssikrar innhaldet. Brukarmedverknad er sikra gjennom spørjeundersøking og pasientane melde tilbake at dei kjende seg betre førebudd og motivert til oppstart av behandling.

Pasientane får og tilbod om ØH telefonkonsultasjon som gir meir forutsigbarheit for pasientar og sjukepleiar.

1034 CPAPar var ikkje i bruk, dvs at er pasientane anten hadde avslutta behandlinga på eiga hand, eller at dei nytta CPAP kun sporadisk. CPAP utan signal er no redusert til 475. Dette medfører samstundes at ubrukte CPAPar vert levert til Behandlingshjelpemidler for gjenbruk.

Oppstart av digital heimeoppfølging kvar 4. månad av alle som har starta CPAP behandling sikrar kvalitet på behandlinga.

Gjennom digitalisering av påkobling til søvnregistrering ved bruk av video har dei gjort det meir fleksibelt for pasientane, samt at det frigir sjukepleiarressurser.

Tilsette ved Søvnpoliklinikken har nytta kunnskapen og metodikken dei lærte i Forbetringsutdanning Helse Vest til å arbeide systematisk med kvalitetsforbetring. Dei ynskjer og å videreføre dette flotte arbeidet gjennom å kartlegge moglegheitene for å tilby pasientane å starte CPAP behandling heime ved hjelp av digitaliseringsprosjektet «Remote CPAP setup».

Det er til inspirasjon for andre å sjå at slikt stort engagement fører fram, og me gratulerer prisvinnaren!»

Lønn for strevet

– Utruleg kjekt. Prisen er lønn for alt arbeidet vi har gjort. Vi har lagt mye tid og krefter i dette, var første reaksjon til funksjonsleiar Anita Narheim.

Noko av det dei vil jobbe vidare med er å sjå korleis dei kan hjelpe pasientane heime. Digitalt. Det kan dei i Finland.

 – Vi har lyst til å bruke ein del av prispengane til ein studietur og lære. Det blir spennande, sa Narheim.

Hadde trua

Dei svært nøgde vinnarane hadde troa på Kvalitetsprisen kunne bli deira i år.

– Eg trudde vi kunne vinne med dette, eg, sa Birgit Iren Hansen.

Den følelsen fekk ho på poliklinikken.

– På jobb her om dagen såg eg korleis alt berre glir og fungerer så godt. Då tenkte eg at vi skulle vinne.

Kirsti Schweitzer Hetland er også ein del av vinnartrioen. Ho fortel om ein liten kvit løgn som måtte til før dei reiste frå Odda.

– No sender vi ein snap.

Mobilen kjem opp.

– Vi sa vi skulle på lungepoliklinikken i dag, sa ho til latter frå dei andre.

Meir om kva dei gjer og behandlingar: Søvnpoliklinikk, Odda - Helse Fonna HF

En gruppe kvinner som holder blomster og et skilt
Dei hadde trua og dei vann. Gratulerer! (Foto: Eirik Dankel)

Meir digitale – for alle sitt beste

Før vi går vidare må det nemnast nokon gode hjelparar.

– Eg vil gratulere alle ved Søvnpoliklinikken, sa ein tydeleg stolt klinikkdirektør John Conrad Brandsø, og fortsette:

– Og så må eg få skryte av det gode samarbeidet som er gjort med andre avdelingar. Øyre-, nase-, halsavdelinga og Behandlingshjelpemiddel fortener ein stor takk for deira bidrag som har vore vesentleg for det gode resultatet.

Men tilbake til kvifor prisen hamna hos Søvnpoliklinikken.

Digitalisering er eit stikkord. Vi blir meir digitaliserte. Det er ofte ein god ting, då pasientane opplev meir fleksibilitet og ressursar blir frigitt.

For søvnpoliklinikken gjeld digitalisering bruk av video i opplæringa og digital heimeoppfølging som sikrar kvaliteten på behandlinga.

No ser dei på moglegheitene til å kunne digitalisere meir slik at pasientane kan få starte behandlinga heime. Ambisjonane er store.

En kvinne som holder en presentasjon
Styret fekk presentert kva som er gjort for å fortene Kvalitetsprisen. Birgit Iren Hansen og Anita Narheim fekk mykje skryt for jobben som gjerast på Søvnpoliklinikken. (Foto: Eirik Dankel)

Mykje spennande i vente

– Dette var gøy å høyre meir om, sa administrerande direktør Anders Hovland då vinnarane hadde presentert arbeidet som er gjort ved Søvnpoliklinikken.

– Det er flott at de er kome så langt og no skal vidare. Vi er jo aldri ferdige for det skjer noko nytt heile tida. Her er mykje spennande, for eksempel korleis CPAP-apparata kan gi oss tilbakemelding om behandlinga blir nytta og kva effekten er. For dei som treng denne behandlinga er dette viktig.

Ein av endringane som er gjort er at pasientane no også kan hente utstyr på ettermiddag.

– Både det digitale, men også fleksibiliteten vi gir pasientane gjer tilbodet meir tilgjengeleg. Det er bra, kommenterte Hovland.

Prisen er på 30 000 kroner og med den skal kvalitetsarbeidet som er gjort vidareførast. ­Den blei delt ut av administrerande direktør Anders Hovland og fagdirektør Andreas Andreassen.

– Juryen fekk i år sju søknadar som alle syner tiltak og resultat som fremjar resultatutvikling. Alle var gode søknadar og juryen hadde ein vanskeleg jobb, sa fagdirektør Andreassen.

Stor forskingsaktivitet i Helse Fonna

I 2025 har Helse Fonna fått ekstern finansiering til fleire nye prosjekt Siste året er det også etablert meir ressursar til forskingsfagleg rådgjeving og kliniske behandlingsstudiar som inkluderer pasientar er høgt.

Fleire medarbeidarar har disputert eller skal snart disputere for doktorgrad, heile fem i talet.

– VI har også elleve doktorgradsløp. Det er mange og skikkeleg flott, presenterte fagdirektør Andreas Andreassen.

Når det gjeld tal på publikasjonar er det ei lita nedgang frå 55 vitskapelege artiklar i 2024, til 32 per no i 2025.

– Eg legg merke til dei mange publikasjonane og ser vi har mye eigeprodusert forsking. Det er stor aktivitet innan mange fagfelt. Dette er veldig kjekt, roste administrerande direktør Anders Hovland.

Auke i kliniske studiar

Helse Fonna har ei auke i talet på kliniske studiar som er opne for pasientdeltaking. I fjor nådde vi målet frå styringsdokumentet om minst 15 % auke i talet på aktive kliniske studiar.

– Det eit klart mål at fleire pasientar skal få utprøvande behandling gjennom deltaking i kliniske studiar. Særleg innan fagområda eldremedisin, nevrologi og kreft har Helse Fonna aktive kliniske behandlingsstudiar, sa fagdirektør Andreas Andreassen.

Vil styrke forskingsaktiviteten

– Dette var fantastisk å høyre, var styreleiar Petter Steen jr. sin reaksjon.

Det er eit mål at forskingsaktiviteten i Helse Fonna skal styrkast også dei neste åra.

Styret bad administrerande direktør halde fram arbeidet med å styrke forskingsaktiviteten i samsvar med overordna føringar og vedteken strategi, inkludert satsinga på Vestlandslegen.

Færre NPE-krav i 2024

Norsk pasientskadeerstatning (NPE) behandlar krav om erstatning frå pasientar som meiner dei har fått skade som følgje av svikt i utgreiing eller behandling i helsetenesta.

NPE fekk 105 nye krav om erstatning etter behandling i Helse Fonna i 2024. Det var 18 % færre krav enn året før. I eit åtteårsperspektiv er talet på saker relativt stabilt.

Som for tidlegare år er det ortopedi som har flest krav om erstatning. Årsaka er samansett, men fagområdet har den klart største delen akutte pasientar.

– Volumet på augeblikkeleg hjelp-pasientar er høgare for ortopedi enn for alle andre fagområde samla. Dette gjeld både polikliniske konsultasjonar og operasjonar. Skadepasientar er ofte friske før dei blir skadde, noko som gjer at forventninga til behandlingsresultatet er høgare, forklara fagdirektør Andreas Andreassen.

Det var avgjerd i 83 krav mot Helse Fonna i 2024. Av desse fekk 24 medhald. Eit tal som er litt lågare enn i 2023. Samanlikna med gjennomsnittet av krav retta mot helseføretaka er det nokre færre erstatningskrav etter behandling i Helse Fonna, medan delen som får medhald er noko høgare.

Vilkår for erstatning for pasientskade finn du på NPE sine nettsider: Hva skal til for å få erstatning for en pasientskade? - Norsk pasientskadeerstatning

En gruppe mennesker som sitter ved et bord med en projektorskjerm
Tonje Aukland Sandtorv leiar for Kvalitet og pasientsikkerheit. Ho presenterte leiinga sin gjennomgang. (Foto: Eirik Dankel)

Leiinga sin gjennomgang

I leiinga sin gjennomgang skal Helse Fonna årleg systematisk gjennomgå og vurdere heile styringssystemet opp mot tilgjengeleg statistikk og informasjon om verksemda. Slik skal vi sikre at det fungerer som bestemt og bidrar til kontinuerleg forbetring av verksemda.

– Leiinga sin gjennomgang for 2025 viser at Helse Fonna har eit godt etablert styringssystem, konkluderte administrerande direktør Anders Hovland

– Organisasjonen har nødvendig struktur og leiing, bygger forbetringskompetanse og arbeider i tråd med forskrift om leiing og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenesta. Gjennomgangen viser at føretaket innan fleire av områda har utvikla seg, slik at forbetringsarbeidet i aukande grad skjer på ein meir systematisk og organisert måte.

Eit særleg satsingsområde det komande året vil vere å styrkje arbeidet med risikostyring. Tiltaka som er identifiserte gjennom leiinga sin gjennomgang er samla i ein handlingsplan, med ansvarlege og fristar for gjennomføring.

– Det gjerast eit godt arbeid og vi er på riktig veg. Eg ser også at det er eit tydeleg fokus på dette, sa styreleiar Petter Steen jr.

Evaluering av ventetid og fristbrot

Helse Fonna har innan mange fagområde hatt ei positiv utvikling i ventetider og fristbrot. Ei evaluering av desse var ein eigen del av dagens styremøte.

Ventetid

Det er sett nye krav til ventetid for 2025 i samband med Ventetidsløftet. Målet for somatikk er sett til 61 dagar, 45 dagar for psykisk helse for barn og unge, 44 dagar for psykisk helsevern for vaksne og 33 dagar for tverrfagleg spesialisert rusbehandling.

Ved den seinaste månadsrapporten i august 2025 var ventetidene i Helse Fonna 68 dagar for somatikk, 54 dagar for psykisk helsevern vaksne, 54 dagar for psykisk helsevern barn og unge, og 30 dagar for rusbehandling.

Som i tidlegare år aukar ventetidene noko i løpet av sommarmånadane, men ventetidene er betydeleg lågare i august 2025 enn tilsvarande tal for august 2023 og 2024.

– Ventetidene forventast å bli redusert utover hausten, på linje med det vi har sett dei føregåande åra. Oppnår Helse Fonna tilsvarande nedgang i ventetider som i 2019, vil ventetidene ved utgangen av året vere under målsetjinga for 2025, og for alle fagområda innan psykisk helsevern under den langsiktige målsetjinga, anslo fagdirektøren.

Fleire prosjekta i “Fagleg og økonomisk bærekraft” har mål som inneber at ventetidene kan reduserast.

Målet er å utnytte dei ressursane vi har tilgjengeleg på dei ulike sjukehusa våre, bruke desse ressursane på rett måte, forenkle og modernisere oppfølginga av pasientar og sikre at dei får behandling og oppfølging på rett nivå.

Fristbrot

Fristbrot er i all hovudsak knytt til dei somatiske fagområda. Psykisk helsevern og rusbehandling har lite fristbrot.

Gjennomsnitt per månad hittil i 2025 er 229 fristbrot.

– Vi merker oss at vi dette året ikkje har sett auke i fristbrot i løpet av sommaren, slik tilfellet har vore dei føregåande åra. Det ser eg på som ei positiv utvikling, påpeika Andreassen.

Ei rekke tiltak er sette i gong for å redusere ventetid og inngå fristbrot. Han framheva at knappe personalressursar er den største utfordringa.

– Kanskje det viktigaste tiltaket er rekruttering av legar og spesialistar, sa fagdirektøren.

Frå 2029 vil legestudentar ha dei tre siste åra av utdanninga si i Helse Fonna, og dette er det viktigaste langsiktige tiltaket for å sikre god rekruttering og tilgang på framtidige spesialistar.

Stor effekt av digitale tilbod

Til slutt tek vi med at i dei ni første månadane av året har det vore ei auke på nesten 77 % av digitale tilbod samanlikna med same periode i fjor.

– Eg synst det er gledeleg å sjå at satsinga på digitale tilbod har effekt, sa administrerande direktør Anders Hovland.

Å bruke telefon, video eller andre digitale verktøy er i mange tilfelle bra. For pasientar kan blant anna innebere å sleppe å reise, og for helsepersonell kan det for eksempel frigjere meir tid.

En person som holder en presentasjon
– Det blir arbeidd særs godt med å redusere ventetidene i føretaket, uttala Anders Hovland under styremøtet. (Foto: Eirik Dankel)

Nøkkeltal for september

Fleire tilvist, men færre ventande

Det er ei tydeleg auke i talet på tilvisingar i september enn dei to føregåande månadane. Dette heng saman med at ferieavvikling er over, også hos tilvisar.

Talet på elektive tilvisingar har auka med 10 % mot august, men er ikkje høgare for året samla. Det er samstundes ei auke i talet på tilvisingar samla sett for året med 4 %, og totalt 72 425 pasientar har vore tilvist så langt.

Talet på avslutta pasientbehandling var høgare enn talet for tilvisingar. Difor blei ventelistekøen redusert med 6 % og talet på ventande ved slutten på månaden er lågare enn alle føregåande år.

Godt arbeid med ventetid

Gjennomsnittleg ventetid i føretaket var i september 65 dagar for behandla og 55 dagar for ventande pasientar. I eit treårsperspektiv har ventetidene i føretaket frå september 2022 blitt redusert frå 78 dagar for behandla og 86 dagar for ventande.

– Det blir arbeidd særs godt med å redusere ventetidene i føretaket, uttala Anders Hovland.

Talet på fristbrot for ventande er redusert med 77 % frå september 2022 og med 36 % frå september 2024.

– Det er framleis fullt arbeid med å få talet på fristbrot redusert. Samtidig er det vesentleg at dei sjukaste pasientane med behov for oppfølging blir prioritert, og dette kan kome i konflikt med målet om å redusere ventetider og fristbrot.

Negativt avvik i september

Helse Fonna har eit negativt driftsresultat på 2,1 millionar kroner i september. Inkluderer vi finanskostnadane denne månaden på 3,4 millionar kroner, fører dette til eit totalresultat på -5,5 millionar kroner. Justert for resultatkravet er det samla negative avviket på 6,4 millionar kroner.

Det betyr at vi har høgare driftskostnader enn inntekt. Særleg er det andre kostnadar, og kostandar knytt til gjestepasientar og h-resept som utgjer resultatet. Dette er kostnadar det er vanskelegare å budsjettere for.

Analyse av resultatet syner at det er ei positiv utvikling på dei fleste driftsparametrene som det er gjort tiltak mot. Det er iverksett og planlagt vidare tiltak og utviklingsarbeid for å styrke evna til å nå resultatkravet i 2025.

Sjukefråværet er lågt

Helse Fonna har eit relativt lågt sjukefråvær, både dei siste månadene og for året samla. Det samla sjukefråværet i september 2025 var 6,3 %, noko som er 0,8 prosentpoeng lågare enn gjennomsnittet for dei siste fem åra og under målet for IA-avtalen, men framleis over målet for Helse Vest.

Hittil i 2025 er det gjennomsnittlege sjukefråværet 7,2 %.

Korttidsfråværsdagar var lågare i september enn tidlegare månader, medan langtidsfråværet held seg stabilt.