Statsråden til Helse Fonna
Fredag førre veke hadde vi besøk av forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland. Ho fekk blant anna sjå korleis vi jobbar med utdanning og det blei tid til dialog om utdanning og forsking.

Det var blant anna forsking og utdanning som stod på programmet då administrerande direktør Anders Hovland, fagdirektør Andreas Andreassen og styreleiar Petter Steen jr. ønska velkommen Aasland og hennar partifellar i Haugesund.
Utdanning i praksis
Statsråden fekk først eit møte med korleis medisinarstudentane blir møtt i føretaket og korleis dei får opplæring og rettleiing. Overlege Saied Nadirpour syna student Ammal Khan korleis ultralyd av hjartet skal utførast. Pasient for anledninga var medstudent Jørgen Bjønsaas.
Overlege og UiB-kontakt Dr. Heiko Bratke, og LIS-lege ved hjarteavdelinga og føretaksrepresentant for Yngre legers foreining, Isabel Espelid, var også til stades. Dei fortalte statsråden om viktigheita av studentar og LIS-legar for å sikre god rekruttering til føretaket og regionen.

Dialog
Det blei også tid til dialog. Statsråden blei orientert om Helse Fonna si satsing på forsking og innovasjon, og utviklinga som har vore i kliniske studiar og innovasjonsprosjekt. Statsråden var oppteken av korleis vi kan nytte forskingskunnskapen til å betre tenestene våre.
Rektor ved høgskulen på Vestlandet, Gunnar Yttri, og påtroppande dekan Else Cathrine Lütcherath Rustad deltok i også dialogen. Det blei blant anna snakka om korleis vi kan styrke samarbeidet innan både utdanning og forsking på tvers framover.
Det var vidare fokus på samanhengen mellom utdanning og bemanning, og viktigheita av å kunne utdanne helsepersonell lokalt for å sikre naudsynt rekruttering.