Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ny doktorgrad

Utfordrar ideen om friske endringar i hjernen

Vi bør sjå alle endringar i hjernen som mogelege risikofaktorar for å fange opp demens tidlegare, viser funn frå ei ny doktorgrad.

Eirik Dankel
Publisert 10.11.2025
En mann som holder en paraply
Psykologspesialist Mathilde Suhr Hemminghyth har forska på endringar i hjernen. (Foto: Håkon Sæbø)

30. oktober disputerte psykologspesialist Mathilde Suhr Hemminghyth ph.d.-grada ved Universitetet i Bergen med avhandlinga “Cognitive aging – lines between health and pathology: An investigation of cognitive and biological aspects of normal aging”.

– Fleire kognitive funksjonar, som merksemd, psykomotorisk tempo og minne, blir svekka med alderen. Dette er normalt og gjer at vi ofte forventar mindre av ein 80-åring enn ein 40-åring, startar den ferske doktoren.

– Samstundes veit vi at småskadar og sjukdomsteikn i ei aldrande hjerne er vanlege, og at demensrisikoen aukar betydeleg med alderen.

Ph.d.-prosjektet til Hemminghyth er utført ved Eldremedisinsk forskingsgruppe i Helse Fonna. Til dagleg arbeider ho ved Nevropsykologisk poliklinikk ved Haugesund sjukehus og er spesialist i klinisk nevropsykologi.

Normal og difor frisk?

Hemminghyth har i tre vitskaplege artiklar sett nærare på om «normal» og «frisk» faktisk er det same når det gjeld kognitiv funksjon hos eldre. I arbeidet med doktorgraden har ho undersøkt om underliggjande sjukdomsteikn i hjernen kan forklare at kognitiv funksjon blir svekka med alderen, men også korleis vi best kan skilje mellom «frisk» og «ikkje-frisk» kognitiv funksjon hos eldre.

Med bakgrunn i data frå den nasjonale Dementia Disease Initiation-studien, og ved hjelp av både kognitive testdata, MR-bilete av hovudet og prøver frå ryggmargen, har Hemminghyth analysert samanhengen mellom nevrobiologiske og kognitive prosessar.

– Funn tyder på at underliggjande endringar i hjernen sin kvite substans, der nervetrådane er, har samanheng med at minnet blir dårlegare med alderen, forklarer ho.

– I tillegg tyder funna på at vi blir litt betre til å fange opp personar med auka risiko for demens når alle blir vurderte etter same standard. Det vil seie at vi ikkje justerer prestasjonskrava etter alder, kjønn eller utdanning. Samla sett kan dette tyde på at alle aldersrelaterte endringar i hjernen bidreg til auka risiko for demensutvikling, noko som utfordrar ideen om at nokre slike endringar er «friske».

Alle endringar tel

Studien problematiserer altså dagens måte å skilje mellom normalitet og sjukdom i kognitiv aldring. Ho peikar på at det som blir rekna som normalt, ikkje nødvendigvis er friskt hos ei gruppe der risikoen for demensutvikling er betydeleg høgare.

– Ved å sjå alle endringar som mogelege risikofaktorar, heller enn som naturlege aldersendringar, ser det ut til at vi lettare kan fange opp demens tidleg. Dette kan vere avgjerande for å gi rett hjelp før sjukdommen utviklar seg.