Den viktige brukarstemma
Styret fekk i aprilmøtet presentert god utvikling innan ventetider og færre utskrivingsklare pasientar, men også ein krevjande økonomisk situasjon. I tillegg var brukarane våre godt representert, både ved Brukarutvalet og eit samla Ungdomsråd.

– Brukarane har reell innverknad
Brukarorganisasjonane spelar ei viktig rolle i utviklinga av Helse Fonna. Brukarane skryt av samarbeidet og får gode ord i retur.
– Brukarutvalet blir oftare enn før kontakta frå ulike avdelingar med ønske om brukarrepresentant i ulike prosjekt, forsking eller når føretaket planlegg endringar som kan påverke pasientbehandlinga, innleia leiar i Brukarutvalet, Geir Charles Grindheim.
I styremøtet presenterte han Brukarutvalet si årlege melding for 2025. I meldinga er det nemnt fleire gode døme på brukarmedverknad, blant anna eiga sak i kvart styremøte der brukarutvalet sin leiar kan leggje fram aktuelle saker dei arbeidar med.
– Styret vert difor oppdaterte om saker i brukarutvalet, og har høve til å komme med innspel eller spørsmål. Oppsummering frå styremøta vert teke med tilbake til neste møte i brukarutvalet som orienteringssak.
Både leiar og nestleiar har høve til å møte i styremøta, som observatørar med tale- og forslagsrett, men utan stemmerett. Totalt er representantar frå Brukarutvalet representerte i 22 ulike arbeidsgrupper, prosjekt eller samarbeidsutval. I tillegg deltek dei i styringsgruppa for byggjetrinn 2 ved Haugesund sjukehus og andre utbyggingsprosjekt i føretaket.
– Vi er svært godt nøgde med vedtaket om å byggje ny sikkerheitspost på Valen. I tillegg følgjer vi dei andre prosjekta tett, fortalte Grindheim, og la til at han er svært nøgd med måten brukarane blir involverte på. Og ikkje minst, at dei har reell innverknad.
– Brukarmedverknad er godt implementert på strategisk nivå, men ikkje alltid på tenestenivå, påpeika Grindheim. Difor må det framleis arbeidast med å gjera retningslinjer for brukarmedverknad betre kjent, understreka han.
Her kan du lese årsmeldinga frå Brukarutvalet (PDF).

Geir Charles Grindheim er leiar for Brukarutvalet og stiller på alle styremøta. Her presenterer han årsmeldinga. Foto: Eirik Dankel
Skryt til ungdomsrådet
I tillegg til Brukarutvalet fekk også Ungdomsrådet høve til å presentere seg sjølve og kva dei jobbar med på styremøtet. Det er ingen tvil om at dei er viktige samarbeidspartar, både for styret og for leiinga.
– Innspela frå brukarorganisasjonane er gull verd for både styret og leiinga i Helse Fonna. Dei har erfaring som pasientar og pårørande og har personlege opplevingar med kva som er bra og kva som kan bli betre, sa styreleiar Petter Steen jr.
Ungdomsrådet har tolv medlemmer i alderen 16-24 år, som anten er pårørande eller har brukarerfaring frå somatisk eller psykisk helsehjelp, i tillegg til habiliteringsfeltet.
Dei har alle eit felles ønske om å bidra til betring av helsetenesta for dei unge.
Vi er klare for nye utfordringar og ønskjer å vere ein stemme for barn og ungdom for å bidra til eit betre tilbod for dei som er sjuke sjølv, eller som er pårørande. Vi vil vere ein aktiv part og vere med å forme framtidas helsetenester, skriv Ungdomsrådet i si årsmelding.
Ungdomsrådet har blant anna vore sterkt involvert i bygging av ny barne- og ungdomsavdeling, og dei har eit tett og nært samarbeid med BUP.
– Vi er svært godt nøgde med samarbeidet og håpar vi blir inkluderte like godt framover. Vidare ønskjer vi oss eit meir systematisk samarbeid med alle relevante avdelingar, seier avtroppande leiar i Ungdomsrådet, Elisabeth Kvinnsland.
– Det er eit stort engasjement, og alle gler seg til møta, legg nyvalt leiar, Oliver Thorbjørnsen, til.
Her kan du lese årsmeldinga frå Ungdomsrådet (PDF).

– Vi gir stemme til barn og unge, og våre innspel er viktige, seier Oliver Thorbjørnsen, som er ny leiar i Ungdomsrådet. Her i lag med styreleiar Petter Steen jr. Foto: Eirik Dankel
Omfattande arbeid med økonomitiltak for vidare satsing
Det økonomiske resultatet for mars syner også denne månaden eit stort negativt avvik mot budsjett på 24,7 millionar kronar. Det største avviket er på løns- og personalkostnader, kor heile avviket ligg på variable lønskostnadar og bruk av vikarar og innleie.
– Vi har hatt ein systematisk og tydeleg satsing på faste, heile stillingar i føretaket. Samtidig har vi ikkje greidd å redusere bruken av overtid, vikarar og innleige, presenterte administrerande direktør Anders Hovland.
I tillegg har lønnskostnadane auka i 2026.
– Dette må vi snu nå snarast. Vi er no i gong med eit omfattande arbeid med tiltak for å sikre effekten av det vi har planlagt. Samstundes etablerast vidare tiltak som skal sikre satsingane våre framover og ei berekraftig økonomisk drift.
Resultatet for mars synte også store økonomiske avvik på andre kostnadsområde, mellom anna H-resept som framleis ligg over budsjett, trass stor auke i dette budsjettet.
Nedgang i ventetid og fristbrot
Månadsrapporten for mars syner framleis god utvikling i ventetidene i føretaket.
Ventelistekøen blir stadig redusert og ved utgangen av mars var det åtte prosent færre som venta på behandling enn på same tid i fjor. Gjennomsnittleg ventetid i føretaket var i mars 59 dagar for behandla og 49 dagar for ventande, medan talet på fristbrot er redusert med om lag 70 prosent frå mars 2023 og 15 prosent frå mars i fjor.
Det var i mars 399 færre pasientar som venta enn på same tid i fjor.
Det samla sjukefråværet var 8,6 prosent, noko som er litt under gjennomsnittet for dei siste fem åra. Samstundes har sjukefråværet auka den siste månaden, med tilsvarande utvikling som tidlegare år og i regionen elles. Gjennomsnittleg sjukefråvær så langt i år er 8,8 prosent, som er ein god del høgare enn snittet for fjoråret.
– Arbeidet med sjukefråvær har eit stort fokus i føretaket, forsikra administrerande direktør Anders Hovland.
Talet på korridorpasientar varierer noko mellom dei somatiske klinikkane. I mars var det Klinikk for somatikk Stord som hadde høgast del med 4,2 prosent av pasientane i korridor.
– Det blir arbeidd kontinuerleg med å redusere delen pasientar på korridor. Her er det sett i gong eit større prosjekt for å sikre betre flyt etter behandling. Tilsvarande er det fokus på pasientflyt og bruk av observasjonskapasiteten på Stord sjukehus i samband med den omorganiseringa og ombygginga som er i gang, opplyste Hovland.
Færre utskrivingsklare pasientar
Innan somatikk var det i mars 64 pasientar som var melde utskrivingsklare medan dei venta på helse- og omsorgstenester frå kommunen. Pasientane låg til saman 223 døgn, det vil seie gjennomsnittleg 7,2 pasientar pr. døgn. Karmøy kommune hadde flest liggjedøgn (82). I forhold til innbyggartal var utfordringa størst i Bømlo og Kvinnherad med høvesvis 63 og 32 liggjedøgn. Dei to første månadane i 2026 er talet på liggjedøgn for utskrivingsklare pasientar halvert i forhold til same periode 2025.