Partnarskapsmøte diskuterte framtidas helsetenester
Utfordringane var klare for dei frammøtte, men korleis skal vi møte dei?

Den øvste leiinga i kommunane og sjukehusa i Helse Fonna-regionen møttest i mai for sitt årlege partnarskapsmøte.
Ordførar i Haugesund kommune, Nils Konrad Bua, starta det heile. Han var klar på at helsearbeidarar er ein nøkkelfaktor for det han omtaler som «favorittregionen» sin.

– Vi kan ikkje feile når det kjem til Vestlandsvegen, og vi kan heller ikkje feile ovanfor alt av helsepersonell. Vi skal vere det gode vertskap for å halde på dei, og vi treng å stå saman for å lykkast.
Demografi
Møtet fortsette med ein av dei store utfordringane. Demografien.
– Vi har ein nedgang i barn og unge. Det betyr eigentleg at vi skal spare pengar på tenester som skuleplassar og barnehage. Men det vi sparar dekker ikkje dei auka kostnadane vi får av eldrebølga, forklarte Øystein Hagerup, stabssjef Karmøy kommune.

– Kan vi løyve oss ut frå dette?
Det korte svaret er nei.
– Vi har laga eit system som automatisk blir dyrare når det demografiske skifte går sin gang. Det betyr at kvart år, når regjeringa skal laga budsjett, startar dei med minus. Men er det pengar eller folk vi går tom for først? spurde Hagerup vidare.
Er det berre ei byrde at vi lev lenger?
Før partnarskapsmøtet gjekk vidare til fleire utfordringar, stod fagleg bidrag frå Folkehelseinstituttet (FHI) på programmet.
Bjørn Heine Strand er seniorforskar.
– Vi må ta høgde for at mange eldre er sprekare i dag enn før. Eg undrar meg om 70 kan vere det nye 60.
For:
– Det er ein utruleg suksess at vi lev lengre. Kvar time aukar forventa levealder med 12 minutt.

Men kjem sjukdommane til same tid som før og derfor kostar samfunnet meir?
– Dette er overraskande vanskeleg å svare på, sa Strand.
Han landa på ja takk, begge deler.
– Vi har fått fleire friske år, men vi har også fått fleire sjuke år.

Demens og fall er på topp av kostnadane i helsevesenet for eldre, men Strand understreka også at funksjonsnivå er essensielt.
– Kjem ein seg ikkje ut på grunn av dårleg funksjonsnivå vil det påverka livet meir enn å ta blodtrykksmedisin og elles klare seg fint.
Han peika på studiar som visar at vi har god helsefunksjon i fleire år enn før og seier vi allereie veit korleis vi kan fremje sunn aldring.
– Trening, godt kosthald og sosiale relasjonar. Dei vanlege tinga. Men vi ser at vi må leggje til rette for møteplassar og transport slik at folk kan komme seg ut og vere sosiale.
Det er ein slags fasit altså. Likevel, det hjelp ikkje berre å ha svaret når vi ikkje veit korleis vi skal komme fram dit.
Partnarskapsmøtet returnerte til utfordringane, og moglegheitene
For å prøve å finne nokre svar har Helse Fonna jobba med ein utviklingsplan som treff alle – ikkje berre helseføretaket.

– Vi må gå i takt med heile regionen om dette. Utviklingsplanen vil treffe oss i helseføretaket og dykk i kommunane, den vil treffe heile regionen, sa administrerande direktør i Helse Fonna, Anders Hovland.

– Vi er opptatt av rask tilgang, trygge tenester, kvalitet og å ta i bruk ny teknologi. Medarbeidarane våre er ein heilt sentral nøkkel for å nå måla i planen, seier Hovland.
Utanom utviklingsplanen blei det lagt fram fleire tiltak på møtet som både Helse Fonna og kommunane kan jobbe med for å møte framtidas helseteneste. Dette er nokre av dei:
Kloke val
Gjere fleire kloke val som bidrar til mindre overdiagnostikk og overbehandling, både i spesialisthelsetenesta og kommunehelsetesta.
Felles verktøy for eit felles språk
Eit eksempel er bruken av klinisk skrøpelegheitsskala (CFS) på tvers av kommune- og spesialisthelsetenesta. Den kan hjelpe oss å gjere nødvendige prioriteringane og bidra til å sikre rett behandling på rett plass.
Klar informasjon
Brukarrepresentant Sjur Tjelmeland føreslo ein omfattande informasjonskampanje for å få fram kva forventingar vi eigentleg kan ha til helsevesenet.

Monica Smedsrud, kommande kommunalsjef i Bømlo kommune, er einig i dette. Ho understreka at det ikkje er ei bølgje med sjukdom og elendigheit vi møter, men ei bølgje med masse ressursar.
– Vi i kommunen må komme med råd og rettleiing slik at dei eldre får vite korleis dei kan møta alderdommen sin.

Samhandling
– For å lykkast som helseføretak må vi jobbe saman med kommunane. Det skal vere samanhengane pasientforløp i kommune- og spesialisthelsetenesta, understreka Hovland.
Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim, ordførar i Etne kommune, følgde opp.

– Vi er mange kommunar i regionen fordi vi likar å styre oss sjølv. Men kommunane må nok snakke litt meir likt for at vi skal unngå at vi står og peikar på sjukehusa og klagar. Både helseføretak og kommunar er her for pasientane, konkluderte ho.







