Helsefellesskapet
Samla seg for barn og unge si psykiske helse
– Det er viktig å ikkje berre sjå på forløpet i helsetenestene som overlevering og overgangar, men samhandling og samarbeid, seier administrerande direktør Anders Hovland.

På Samhandlingsdagen 2026 kom tilsette som jobbar med barn og unge frå heile Helse Fonna sitt nedslagsfelt – både frå kommune- og spesialisthelsetenesta.

I fellesskap tok dei opp dei viktige satsingsområda for å nå det overordna målet: Få til samhandling i praksis for at barn og unge med psykiske helseplager skal få gode forløp på tvers av kommune- og spesialisthelsetenesta.

– Samarbeid om desse barna er ikkje noko vi kan velje, vi har plikt til dette, sa statsforvaltar i Rogaland, Bent Høie.
Høie trakk fram fleire gode samhandlingsprosjekt i Helse Fonna. Han understreka også at veldig mange barn og unge har heilt normale reaksjonar på veldig unormale livssituasjonar, og at det er vår oppgåve å samarbeide for at dei skal få det best mogleg.
– Vårt store, felles mål er at vi skal få til samhandling i praksis. Alle skal gjere si oppgåve, men vi skal også strekke oss og sette oss til bords for å finne løysingar og møte barn og unge sine behov, seier Ester Marie Stornes Espeset, psykologspesialist på BUP Haugesund.
Espeset har vore med på å arrangere Samhandlingsdagen og seier at det er fleire og fleire som har lyst til å vere med.

– Der skil psykisk helse seg frå somatisk, kor det meste oppstår seinare i livet, seier Høie.
Espeset beskriv psykiske plagar hos barn og unge som ei av våre største samfunnsutfordringar.
– Å komme tidleg inn kan spare oss for store ressursar, seier Espeset.
Også Høie trekk fram at dette må bli tatt tak i tidleg.
– Det å ikkje få skapt sin eigen identitet, vere med venner, det er så mykje av dette dei ikkje har moglegheit til å ta igjen seinare. Vi veit at det å fullføre vidaregåande er ein enkeltfaktor som betyr mykje for korleis livet blir framover. Derfor må vi ta tak i psykisk uhelse tidleg.

Teieplikta hindrar ikkje samarbeid
Høie understrekar også at teieplikta ikkje er til hindring for samarbeid.
– Oftast kan helsepersonell som behandlar pasienten snakke saman om kva som er best å gjere framover. Nokre tilfelle kan krevje samtykke, men dette er ofte uproblematisk å få.
Og skulle du stå i ein situasjon kor du er redd teieplikta kan vere til hinder for samarbeid, er Statsforvaltaren til for nettopp å rettleie slike vanskelege situasjonar.
– Står de fast på eit spørsmål om teieplikta, kan de ringe til Stasforvaltaren i Rogaland så vil vi hjelpe.
– Vi opplev å få saker der det ikkje har gått bra, og då er det ofte fordi vi ikkje har lykkast med å samarbeide, seier Høie.
Nokre av samhandlingsprosjekta som blei presentert
Styrka trinnvis innsats for barn og unge sin mentale helse (STIM)
Hovudmålet med STIM er å utvikle, implementere og evaluere trinnvise intervensjonsprogram for barn og unge med psykiske helseplager på tvers av kommune og spesialisthelseteneste.

– Dette skal gi fleire barn og unge målretta støytte tidlegare – før psykiske plager utviklar seg til lidingar, og derfor forebygge fråfall, utanforskap og negative konsekvensar for den enkelte, forklarar Ester Marie Stornes Espeset.
Barn og unge sin helseteneste, habilitering
Barn og unge som har ein medfødt tilstand har også mange andre utfordringar som kjem i tillegg.

– Det er mykje nytt som skjer når desse ønskjer å vere med på fritidsaktivitetar, eller kanskje får seg kjæraste. Dette er nye ting som barn og unge treng rettleiing på, men som ingen i helsevesenet er eigar av. Vi ville lage ei livslinje som gjeld for alle. Dette resulterte i ein habiliteringsmodell med sjekklister til overgangane, seier Helene Sjøen frå habilitering i Helse Fonna.
Ein omsorgsmodell for ei berekraftig svangerskaps- og fødsels- og barselomsorg i Helse Fonna-regionen
Eit prosjekt i oppstartsfasa som skal sjå etter varige løysingar når vi manglar jordmødrer.

– Vi vil møte eit heilskapleg tilbod, men har mangel på jordmødrer. Vi ønskjer å sjå på korleis vi kan bevare jordmødrer og utvikle ein omsorgsmodell som er berekraftig for brukarane sine behov og for ressursane vi har i helsepersonellet. Vi kan ikkje skissere opp noko vi trur er bra, om vi ikkje har helsepersonell til å gjennomføre arbeidet, seier prosjektleiar Monica Tverfjell, jordmor i Helse Fonna.
Trygge foreldre på Haugalandet
Helsestasjonane tek i mot mange bekymra og stressa foreldre som var utfordrande å møte med eit godt tilbod.

– Derfor ønskja vi å halde kurs for foreldre med mål om å gi dei eit betre utgangspunkt for å meistre foreldrerolla. Og for å stimulere til ei sunn utvikling og god psykisk helse hos barnet sitt, seier Ingvild Sundfør Rasmussen, prosjektleiar og psykologspesialist BUP Haugesund.
– Vi opplevde at det var mange foreldre – både kvinner og menn – frå mange samfunnslag som kom. Tilbakemeldingane vi fekk var at mange fekk senka stressnivået sitt, betre relasjon til barnet sitt og eit endra syn på barnet sin oppførsel. Mange har blitt meir bevisste og endra åtferda si som forelder, og for nokre foreldre blei dette ein døropnar for å oppsøke anna psykisk helsehjelp dei såg dei trengte.
Heilskapleg ivaretaking av mor, partner og barn med alvorleg psykisk sjukdom i perinatalperioden
Eit prosjekt i oppstartsfasa som ønskjer likt tilbod uavhengig av kven som er behandlar.

– Eg som har jobba i mange år på føden i Haugesund veit godt kven eg kan ringe når eg no sitt som jordmor i kommunen og møter ei mor som er psykisk sjuk. Men det veit ikkje nødvendigvis min vikarkollega i nabokommunen. Derfor treng vi eit skjema vi kan bruke i slike tilfelle, og vi vil utarbeide eit prosjekt som ser på dette, seier Inger Lise Ekkjestøl frå Sveio kommune.









