Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Statsminister Jonas Gahr Støre på Valen sjukehus og Folgefonn DPS

Storfint besøk dagen etter påske.

Magne Kydland
Publisert 07.04.2026
En person som sitter i en stol
Jonas Gahr Støre besøkte Valen sjukehus første dag etter påska. Der var han blant anna innom "Det rolege rommet". (Alle foto: Eirik Dankel)

– Eg likte òg godt sløyd då eg gjekk på skulen. Det var det beste faget!

Orda kjem frå statsminister Jonas Gahr Støre, som første arbeidsdag etter påske fekk eit varmt møte med pasientar på jobb på snikkarverkstaden på Valen sjukehus. Å ha ein fornuftig kvardag, med jobb og aktivitetar er viktig for å førebu pasientane på eit mest mogeleg normalt liv i heimkommunen. For mange er det eit stor sprang å flytte frå institusjon til eigen bustad.

På snikkarverkstaden vart det tid til både handshake og foto, og statsministeren fekk med ein aldri så liten suvenir frå ein av pasientane: Ein flaskehaldar i tre med logo av favorittlaget Leeds United. Det sette han stor pris på.

En gruppe menn som står utenfor
Frå snekkervekstaden fekk Støre med seg eit minne merka med favorittlaget Leeds. Her med sjukepleiar og aktivitør Kjell Arne Olderkjær Larsen.

Første gong

Om ikkje kvar månad, så hender det med jamne og ujamne mellomrom at det kjem ein statsråd på besøk til oss i Helse Fonna. Men dette er første gongen i Helse Fonna si historie at det kjem ein statsminister på offisielt besøk.

Difor var det stor stas då statsminister Jonas Gahr Støre prioriterte å komme innom Valen sjukehus og Folgefonn DPS då han var på snarleg besøk på Stord og Husnes tysdag.

Her vart han teken imot av styreleiar Petter Steen jr. og administrerande direktør Anders Hovland, som innleia med å fortelje om historia til Valen sjukehus og Folgefonn DPS.

Miljøet på Valen ligg langt framme nasjonalt når det gjeld behandling, samarbeid med kommunar og utvikling, og Helse Fonna har ei aktiv rolle i oppdatert plan for psykisk helsehjelp.

– Vi er stolte av Valen sjukehus og Folgefonn DPS, og vi er stolte over at du kjem på besøk hit, sa Hovland.

En gruppe menn som snakker utenfor
I strålande sol blei statsministerer ønskt velkommen utanfor Folgefonn DPS av Kenneth Eikeset, klinikkdirektør psykisk helvern og rus, Anders Hovland, administrerande direktør, og styreleiar Petter Steen jr..

Godt samarbeid

Hovudmålet med besøket var å få eit nærare innblikk i oppdatert plan for psykisk helsehjelp.

Statsministeren fekk møte både medarbeidarar og pasientar, og han fekk blant anna informasjon om ny sikkerheitsavdeling og korleis ein behandlar sikkerheitspasientar, FACT (fleksibelt aktivt oppsøkjande behandlingsteam), samarbeid med kommunane og han fekk orientering om aktivitet og livsmeistring.

Han fekk også sjå «det rolege rommet», der ein blant anna driv med lysterapi i verdsklasse. Her vart det snakka om kor viktig det er med fysisk aktivitet.

– Det er ikkje alltid så mykje som skal til. Berre litt er betre enn ingenting, særleg når utgangspunktet er dårleg, sa Støre.

Besøket vart avslutta i velferdsbygget. Der rosa styreleiar Petter Steen jr. det gode samarbeidet med Kvinnherad kommune og særleg lokalsamfunnet på Valen.

– Valen sjukehus og Folgefonn DPS er viktig for Kvinnherad kommune, og vi opplever god støtte. Valen er ei bygd som eg godt van med å ha eit psykiatrisk sjukehus som næraste nabo. Difor får vi ikkje den motstanden her som vi møter mange andre stader, og det er viktig for oss, seier Steen jr.

– Valen sjukehus har vore her i 100 år, og vi satsar på å vere her dei neste 100 åra òg. Minst. Vi meiner vi har noko unikt her, seier avdelingsleiar Marianne Lund Anderssen ved Valen sjukehus.

En gruppe mennesker som står i et rom
Avdelingsleiar Folgefonn DPS, Maren Elise Skogseth, viste Jonas Gahr Støre rundt. 

Rosa dei tilsette

På Valen driv dei nemleg med mykje meir enn medisin og behandling.

– Det er viktig å sjå heile mennesket, og vi driv med rehabilitering i høve til å komme tilbake i samfunnet. Difor legg vi stor vekt på meistring og det å ha ein meiningsfull kvardag, understrekar avdelingsleiaren.

Det var Jonas Gahr Støre einig i, og han nytta høvet til å rosa alle dei over 300 tilsette på Valen sjukehus og Folgefonn DPS.

– Dei som jobbar her viser stort pågangsmot. Dei gjer eit viktig arbeid for ei sårbar gruppe, og vi ser at aktivitet og arbeid legg grunnlaget for det sosiale samspelet alle treng. Her har ein god og brei erfaring, som kjem pasientar med både tunge og lettare psykiske lidingar til gode. Her er det ei lang historie, men ein ser framover, og har god utvikling. FACT er viktig. Alle pasientane her skal før eller sidan bli nokon sine naboar, understreka statsministeren, før han måtte haste vidare til neste programpost.

Vi er takksame for at statsministeren tok seg tid til oss. Tusen takk for besøket!

Jonas Gahr Støre har vore på besøk i Helse Fonna to gonger før: I 2013 var han Helseminister og besøkte Haugaland DPS,  i 2018 var han Stortingsrepresentant og gruppeleiar i Ap, og besøkte Odda sjukehus.